Som omtalt i sist Buskap har eksteriørvurderinga som Tine Rådgjeving utfører for Geno endra seg ved at me har teke inn tre nye eigenskapar og fjerna ein. Den som har gått ut er vridde klauver, der informasjon frå klauvskjæring erstattar opplysning ved eksteriørvurdering. Dei tre nye er speneretning framme og bak, og lynne.
Lynne som vert vurdert ved eksteriørvurdering er kor tillitsfulle dyra er ved kontakt av ein ukjend person. Målet er at ein på sikt kanskje kan laga to indeksar for lynne, ein for lynne «i hovudet» og ein for lynne «i spenane». Difor er hovudbodskapen i denne artikkelen at i kvigevurderinga er det kun vurdering av mjølkingslynne, altså om kua sparkar under stimulering/ påsett/mjølking/avtaking som skal vurderast. Les hele artikkelen fra Buskap 8 i 2024 HER