Tema: Grovfôr

Strandsvingel, raisvingel eller bladfaks i frøblandinga?

Tre slåttar gjer det aktuelt å redusera timoteiandelen og erstatta han med andre arter.

Synneva Gjelland
Åsmund Mikalsen Kvifte

Begge forskere i NIBIO

Timotei, engsvingel, raigras, kløver. Med tre slåttar bør timoteiandelen noko ned og erstattast med andre artar som toler eit slik slåttesystem betre.

Foto: Strand Unikorn

Timotei har mange stader vore dominerande grasart i frøblandingane våre - av mange grunnar: Avlinga kan vera stor og næringsrik, dyra likar smaken og den er grei å etablera. Men timotei er i utgangspunktet eit toslåttsgras, og med lengre vekstsesongar og høgre krav til fôrkvalitet tar fleire og fleire no tre slåttar. Då har timotei ein tendens til å gå ut etter kvart som enga eldast. Dette vil ikkje seia at me skal gå vekk frå timotei, men kanskje gå ned til rundt 50 prosent timotei i frøblandinga og finna artar som kan ta over når han går ut.

Engsvingel kan ikkje dominera

Etter timotei er dette den viktigaste arten i dei mest brukte frøblandingane, og han skal i teorien ta over jobben for timotei når han går ut. Botaniske registreringar i fjellbygdene viser likevel at engsvingelen ikkje alltid klarer dette. Han er òg utsett for ein del soppsjukdommar, utan at omfanget er godt nok kartlagt.

Raigras godt der det går

Raigras er ein god art i dei områda der ein kan lita på det, det konkurrerer godt i enga og gjev store og gode avlingar. Ulempa er at det slit med vinteroverlevinga i store delar av landet. Difor er raigras mest nytta der vintrane er stabilt milde. Sjølv om dette omfattar større og større delar av landet, er det framleis store område der me må sjå etter andre grasartar.

Strandsvingel kjem seint, men godt

Strandsvingel kan gje store avlingar og ei varig eng. Han er difor eit godt supplement til timotei. Strandsvingel treng tid for å etablera seg, og mange utanlandske sortar er dårleg tilpassa det norske klimaet. Det er difor ikkje alltid like lett å få til, men om ein klarar å etablera enga kan ho kasta godt av seg.

Me treng meir kunnskap om raisvingel

Raisvingel er ein hybrid av raigras og strandsvingel, og har nyttige eigenskapar frå begge grasslaga. Det er registrert gode avlingar fleire stader i Noreg, men ut over at han er lovande – særleg den godkjende sorten Hykor – har me ikkje nok forsøk til å seia sikkert kva han er best eigna til.

Bladfaks er eit toslåttsgras

Bladfaks fungerer godt der det er tradisjon for det, men det er kanskje endå meir eit toslåttsgras enn timotei. Bladfaks er difor ikkje ei løysing om ein skal frå to til tre slåttar. Det er òg ein framandart, med høg risiko for spreiing. Har ein enga si nær truga naturtypar (som til dømes gamal slåttemark), bør ein vurdera risikoen og tenkja seg om to gongar før ein sår bladfaks.

Les meir:
Gjelland, S. (2025) Alternative grasartar i frøblandingar på Vestlandet. NIBIO POP 11 (17)
https://nibio.brage.unit.no/nibio-xmlui/handle/11250/3181784