Forskjellig

Grep for bærekraftig gardsdrift

Som HMS-rådgjevarar i landbruket møter vi bønder med utfordringar knytt til økonomi, arbeidsbelastning og psykisk helse. Med høge gjeldsforpliktingar og eit konstant press for å levere, kan situasjonen bli belastande.

Veronica Vamråk

HMS-rådgiver i NLR Vest

– Ein HMS-rådgjevars betraktningar

Mat og søvn er nødvendig når arbeidsbelastningen er stor.

Foto: Privat

Vi ser at det er fleire faktorar som speler inn i denne situasjonen:

  • Dårleg inntening: Mange bønder slit med å få økonomien til å gå rundt, noko som fører til stress og bekymringar.

  • Høge gjeldsforpliktingar: Mange går med stor gjeld som skal betjenast, og dette kan føre til konstant frykt og stor stressbelastning.

  • Høg arbeidsbelastning: Lange arbeidsdagar, mange oppgåver og lite tid til å kvile eller ta vare på seg sjølv.

  • Mangel på struktur og planlegging: Uten god økonomisk oversikt eller arbeidsrutiner kan små problem vekse seg store og uhandsamelege.

  • Psykisk stress: Kombinasjonen av punkta ovanfor, samt mykje åleinearbeid for enkelte, kan over tid skape psykisk belastning.

HMS-rådgjevarar er vitne til kor viktig det er å ta grep før situasjonen blir uhaldbar. Ved å vere tilgjengeleg, men også dele erfaringar og råd, kan vi bidra til at bønder finn vegen til ein bærekraftig livssituasjon og ny arbeidsglede.

Korleis kome seg til det gode livet?

Vi veit at det er mogleg å endre situasjonen – men det krev tid, planlegging og ofte litt hjelp. Vi har sett bønder som har klart å snu situasjonen ved å ta grep på fleire område. Her er nokre konkrete råd og tiltak for korleis ein kan kome i ein betre situasjon:

Redusere arbeidsbelastninga

Ei anna utfordring mange bønder står overfor, er den enorme arbeidsmengda. Å jobbe for mykje utan å ta pausar kan føre til både utmatting og stress. For å redusere arbeidsbelastninga kan det vere nyttig å:

  • Delegere oppgåver/samarbeid: Det kan det være nyttig å samarbeide med andre gardbrukarar. Samarbeid kan gjere arbeidsmengda lettare å handtere, samt at begge partar får letta arbeidsbyrda. I tillegg får ein gleda av sosialt samvær i arbeidet. Ein kan og vurdere hjelp frå arbeidskraft utanfrå om det er rom for dette.

  • Prioritere: Kva som er viktigast på garden, og være bevisst på kva som kan utsetjast eller gjerast på ein enklare måte. Lag deg prioriteringsliste på fortløpande arbeid og gjerne årshjul med kva oppgåver som høyrer til dei ulike årstidene. På denne måten får du god oversikt over alle arbeidsoppgåver. I tillegg er du bedre rusta om noko skulle komme «bust» på.

  • Optimere arbeidsrutinene: Lag ein arbeidsplan (som nevnt over) som tek omsyn til både arbeidsmengde og nødvendig kvile. Tenk på korleis du kan gjere arbeidsprosessen meir effektiv og mindre tidkrevjande.

  • Ta pausar: Å setje av tid til å koble heilt av frå gardsarbeidet er viktig for både fysisk og mental helse. Legg kvile inn i planen. Desse dagane gjer du ting du har lyst til, eller kviler deg. Kom deg gjerne ut av tunet, om så berre nokre timar. Dette gir ein boost og nødvendig overskot til arbeidsdagane.

Prioritering og planlegging

Oversikt og god økonomistyring er viktig for å kome ut av ein vanskeleg økonomisk situasjon.

Foto: Pexel

Ein av dei viktigaste faktorane for å kome ut av ein vanskeleg økonomisk situasjon, er å få oversikt og god nok økonomistyring. Det er viktig å sette seg ned og lage ein realistisk plan. Dette kan innebere å:

  • Lage eit budsjett som gir deg oversikt over inntektene og utgiftene.

  • Vurdere gjeldsforpliktingar og lage ein plan for korleis du kan handtere desse på ein betre måte, eventuelt med hjelp frå fagfolk.

  • Rådgjeving og planlegging: Tykkjer du økonomi er utfordrande? Nytt deg av rådgjevingstenester som hjelper med økonomisk planlegging, slik at du kan få ein betre oversikt over inntektene og utgiftene dine. Dette kan også inkludere hjelp til å sette opp eit realistisk budsjett og ein langsiktig økonomisk plan.

  • Støtteordningar: Det finst ulike ordningar, tilskot og lån som kan vere nyttige for å lette den økonomiske byrda.

Ta vare på psykisk helse

Psykisk helse er ein stor del av HMS, og det er viktig å sette søkjelys på mental helse når ein handterer økonomiske og arbeidsrelaterte utfordringar. Å oppleve stress og bekymring på dagleg basis kan ha alvorlege konsekvensar på lang sikt. Vær derfor bevisst på:

  • Kjenne igjen teikn på stress og utbrentheit: Tidlege teikn på stress, som irritabilitet, utmatting eller søvnproblem, bør takast på alvor. Om du kjenner på desse symptoma, er det viktig å søke hjelp eller å snakke med nokon tidleg.

  • Anerkjenne dine behov: Sosiale behov og anerkjennelse er viktig for alle i meir eller mindre grad. Dette kjem frå behovet om å bli sett og godtekne som den vi er. Når vi får dekka dette behovet, opplever vi auka sjølfølelse og sjølvtillit, men også kjensler av tilhøyrigheit, fellesskap og vennskap. Undersøkingar viser at mangel på desse gir redusert meistring av kriser og påkjenningar. Ein er meir utsett for stress, einsamheit, og at ein i mindre grad søkjer fagleg hjelp når ein blir sjuk. Ta deg derfor tid til å ivareta dine relasjonar.

Undervurder heller ikkje kor viktig du sjølv kan vere for andre. Ein kaffe eller ein prat på tunet i forbifarten, er av og til nok for å gi andre ei kjensle av fellesskap og vennskap.

  • Søkje hjelp: Om den psykiske belastninga blir for stor, er det viktig å oppsøkje profesjonell hjelp. Er du usikker på korleis du skal gå fram eller gruer deg for å gå til legen? Snakk gjerne med nokon i nære relasjonar/venner om korleis du har det, og be dei om hjelp til dette. Du kan også kontakte HMS-rådgjevaren din eller BHT (Bedriftshelsetjeneste) som vil støtte deg i gang med prosessen.

Alle mennesker, uavhengig av yrke eller livssituasjon, kan oppleve perioder med psykisk belastning, stress eller utbrenthet. Å søkje hjelp er å ta ansvar for eiga helse og ikkje eit tegn på svakhet. Dess raskare du får hjelp, dess mindre hjelp treng du.

Fleire stader i landet vært det no etablert Bondens nettverk, som skal være eit sikkerheitsnett rundt bonden. Dette er ei liste over aktørar som kan kontaktas av bonden sjølv eller andre som er bekymra for bonden sin situasjon og helse. Målet er at dette skal bli eit landsdekkjande tilbod.

Ved å sette søkelys på førebygging og tidleg støtte, kan vi hjelpe til med å redusere både dei økonomiske og psykiske konsekvensane i landbruket. Dette vil kunne føre til auka trivsel, samt meir bærekraftige og trygge arbeidsforhold på gardane, både økonomisk og helsemessig.