Tema: Gjødsel og fôrkvalitet

Sjekk innstillinga av riva før du rakar

River er lurt, for dei kan gi raskare opptørking, meir effektiv fôrhandtering og mindre køyring med tunge maskiner. Men er riva feil innstilt — eller grunnlaget for dårleg — kan mykje gå gale.

Tekst og foto:
Lars Gunnar Flatvad

Rådgiver i NLR

lars.gunnar.flatvad@nlr.no

Det kan godt liggje at litt gras i dei djupaste søkka på skiftet. Om du stiller riva så den ein plukkar opp alt kan du risikere at du også plukkar jord.

Vi nyttar samleriver og spreieriver for å få tørrare gras, fortare, og for å kunne ha større køyreavstand når vi samlar inn graset. Nyslått gras har gjerne 15 til 20 prosent tørrstoff (TS) i graset. Optimalt tørrstoff for mjølkeku er anbefala å vere mellom 30 og 35 prosent TS. Ved å nytte heile arealet til å tørke graset på, enten ved å spreie graset med slåmaskina eller ei spreierive, vil du få ei raskare tørking. Dette vil vidare ta vare på næringsstoff og motverke uønska prosessar. Ei raskare nedtørking vil og kunne gje tørrare fôr i eit kort vêrvindauge, som igjen gjev mykje mindre vatn å frakte heim. Hevar du tørrstoffet i fôret frå 15 til 30 prosent, halverer du vassinnhaldet, og volumet og vekta av det ferdige fôret blir også dramatisk redusert.

Må tole at noko ligg att

Om du skal spreie graset treng du nødvendigvis ei rive for å samle graset att. Å nytte river gjev moglegheit for betre konservering og mindre handteringskostnadar, men det aukar og faren for jordinnblanding. Om riveoperatøren ikkje har kontroll på det han eller ho driv med kan du risikere å øydelegge fôret. Samleriver og spreieriver har ein del til felles når det kjem til innstilling. Du stiller hovudsakleg avstanden til bakken. Det som det kan vere greitt å ha i bakhovudet er at om det ikkje ligg at litt gras i dei djupaste søkka på enga har du stilt riva for lågt.

Start med slett jord

Det er fort gjort å forureine fôret med jord. Det er spesielt stor risiko ut mot åkerkantane men det kan også skje inne på teigen om riva er stilt feil eller det er gjort dårleg grunnarbeid ved etablering.

Grunnlaget for å redusere risikoen for jordinnblanding ved bruk av river legg du allereie ved etablering av enga. Det er viktig at du gjer ein grundig jobb når du sletter ut jorda før du sår. Riverotoren er relativt brei og har utfordringar med å unngå ujamnheiter som er mindre enn breidda på rotoren. Køyreskadar i overflata kan og førekomme i uår med mykje nedbør og vanskelege køyreforhold. Då er det viktig at desse køyreskadane rettast ut slik at du ikkje tek med deg jord neste gong ein kjem med ei rive.

Må vere plant og parallelt

Samleriva er ei maskin med relativt få innstillingsmoglegheiter i forhold til breidda på arbeidsområdet. Det du kan stille på er høgde på rotoren og trekkstengene og i nokre tilfelle forholdet på høgda mellom hjula inne i rotoren. Det første du må kontrollere er høgda på trekkstenger for at ramma på riva skal vere stilt rett, som regel parallelt med bakken. Dekktrykket på hjula inne i rotoren bør vere likt. Vidare bør du kontrollere høgda på tindane i forhold til kvarandre og bakken. Det kan vere ein fordel å gjere dette på eit plant underlag, som ei grunninnstilling.

Grunninnstilling heime, finjustering ute

Når du kjem ut på teigen, kan du samanlikne høgda på tindane med høgda på stubben. Tindane treng ikkje å vere nærmare bakken enn eit par cm ned på stubben. Det neste du bør tenkje på er at grasmengd og køyrehastigheit påverkar kor langt ned tindane når. Grunninnstillinga blir jo gjort med ubelasta tindar. På river med loddrette tindar vil avstanden mellom tuppen av tinden og bakken auke di meir gras riva handterer, altså vil både aukande avling og aukande køyrefart gi større avstand. Dette må du kanskje finjustere. Det viktigaste tipset er at du går ut og ser og høyrer. Det kan vere vanskeleg å sjå kor langt ned tindane går når du sit i traktoren. Ta gjerne med deg ein hjelpar, så ein kan køyre traktoren og den som kjenner riva best kan springe langsmed for å få finjustert innstillingane.

Innstiling viktigare enn type rive

I samlerivetesten som NLR utførte saman med Bedre Gardsdrift i 2021 erfarte vi at det kan vere ein fordel med mange hjul så langt ut som mogleg inne i rotoren. Dette hjelper tindane med å følgje terrenget jamnare. Vi erfarte og at det ikkje nødvendigvis er typen samlerive som har mest å seie på fôrkvaliteten, men heller at du tek deg god tid til å stille inn riva ordentleg.

På venderiva stiller du ikkje berre høgda over bakken, men og vinkelen på rotorane. Det viktigaste i forhold til å unngå forureining av fôret er, som for samleriva, å passe på at du har stor nok avstand til bakken. Vinkelen på spreieriva i samspel med køyrehastigheit påverkar korleis graset blir spreidd. Det er viktig å få lagt graset i jamn tjukn for å få optimal tørk.

Obs risiko ut mot åkerkantane

Ver forsiktig ut mot kantane. Åkerkantane er ofte ikkje like lett å få jamne. Det kan fort vere noko sig ut mot kanalar og grøfter eller ei plogfår som ikkje er heilt sletta ut. Då er det fort gjort å dra med seg noko jord inn i strengen når du skal plukke med deg dei siste grasstrå ut mot kanten.

Hugs at oppfellbare river skal vere mekanisk låst ved køyring etter veg.