Progesteron-målingar i robot
Progesteronmålingar er eit flott verktøy for å følge med på reproduksjonsstatus på den enkelte ku, kartlegge utfordringar med fôring, haldtap og andre miljømessige utfordringar som kan påvirke brunstsyklus.
Underteikna har jobba mykje med progesteron i sine år som veterinær og tek gladeleg i mot spørsmål frå produsentar, rådgjevarar og veterinærar når det gjeld progesteronmålingar.
Igangsetting av eggstokkaktivitet etter kalving:
.jpg)
Corpus Luteum - det gule legemet som produserer hormonet progesteron.
I gjennomsnitt er NRF-kua i gang med eggstokkaktivitet 26 dagar etter kalving. Og dei aller fleste er i gang innan 30 dagar. Du bør observere ein brunst innan 6 veker etter kalving. Har du ikkje sett brunst eller blødning hjå ei ku til da er det snart på tide å få dyrlegen til å undersøke kua om ho er i gang med eggstokkaktivitet eller om ho til dømes står med ei cyste på eggstokken. Om kua skal kalve ein gong i året, må ho vera inseminert ca. 85 dagar ut i laktasjonen.
Utan progesteron intet liv i livmora
Progesteron er eit svært viktig hormon for kua. Det blir produsert i det gule legemet på eggstokken (sjå bilde) og er eit klart teikn på at kua er i full gang med syklus etter kalving eller at ho kan vera drektig om ho er inseminert. Under brunst er progesteron lågt/ ikkje tilstades i det heile og østrogen og oppvekst av follikkel (eggblære) dominerer. Etter eggløysing blir det etter kvart danna eit gult legeme der follikkelen var og progesteron blir produsert (se bilde). Det gule legemet er normalt fullt utvikla til dag 8 etter eggløysing og progesteron-produksjonen er på topp. Høge nivå av progesteron er svært viktig for utvikling av embryo som «triller» ned i børhorna, frå eggleiaren, 4-7 dagar etter befruktning. Kort sagt: Utan gult legeme og progesteron kan ikkje embryo i livmora utvikle seg vidare til ein kalv. Er progesteron lågt er kua enten rundt brunst eller har ingen eggstokkaktivitet (anøstrus) eller står med ei follikkelcyste. Er progesteron høgt har kua eit gult legeme og kan vera drektig om ho er inseminert. Progesteron blir aldri eit drektigheitshormon, men høge verdiar over lengre tid hjå ei ku som er inseminert (minst 35 dagar etter inseminering) kan indikere drektigheit.
Prøvetakingsfrekvens og alarmar
.png)
Figur 1. Hormoner og brunstsyklus. Sammenheng mellom østrogen, progesteron og prostaglandin i en 21-dagers syklus.
.png)
Figur 2. Ku med normal igangsetting av eggstokkaktivitet etter kalving. Inseminert og ser ut til å vera drektig med hegt progesteron over lang tid. Legg merke til kort periode med lågt progesteron for det auker raskt. Slike kyr vil vi ha!
Pr. i dag er det kun DeLaval robot som har progesteronmålingar på robot, betre kjent som RePro. Systemet er basert på bruk av stick og ein liten mjølkedråpe frå kua på den sticken før avlesing av progesteroninnhald. Vi skal ikkje gå i detalj her, men anbefalingane er at RePro startar med progesteronmåling 20 dagar etter kalving. Når progesteron er over 5 ng/ml, vil systemet forvente at kua kjem i brunst om 8-12 dagar. Når progesteron blir redusert, kjem det varsel om brunstalarm. RePro tek så ut prøver dag 5 og dag 9 etter brunstalarmen for å følge med på at progesteronet stig slik det skal. Gjer det ikkje det så skal det etterkvart komme alarm om at kua kan stå med ei follikkelcyste, og i somme tilfeller kan det vera anøstrus (ingen eggstokkaktivitet) i staden. Om alt er i orden på dag 5 og dag 9, så tek systemet ut nye prøver på dag 14 og 18. Etter dag 18 vil RePro aktivt søke etter progesteronfall og dermed ny brunst og varsle med brunstalarm når progesteronnivået blir redusert. Er kua inseminert og progesteron ikkje blir redusert vil det etterkvart komme alarm om muleg drektigheit. Om kua ikkje er registrert inseminert og progesteron ikkje blir redusert frå dag 18 vil Repro sende ein alarm om at kua kan ha ei luteincyste, altså ei cyste som produserer progesteron. Her er systemet noko unøyaktig da dette kan vera tilfelle av persisterande gult legeme som veterinæren vil kjenne som eit vanleg gult legeme og ikkje ei cyste som har luteinisert. Kua kan behandlast med prostaglandin slik at ho kjem raskt i brunst. Ver merksam på at ei slik ku kan vera drektig dersom ho er inseminert, men inseminasjon ikkje er registrert på roboten!
Kyr med eggstokkar som ikkje fungerar som dei skal
Uregelmessige syklusar blir avslørt med progesteronmålingar. Har du ein del tilfeller av anøstrus og cyster så ta kontakt med veterinær for å få behandla dei innan rimeleg tid om du har tenkt å sette på att kua. Aktuelle hormonbehandlingar kan vera GnRH, prostaglandin eller progesteronspiral litt avhengig av diagnosen og insemineringsopplegg i besetninga forøvrig, slik som sesongmessig kalving.
Likeeins bør du som produsent finne ut av kvifor kyrne dine oppfører seg som dei gjer på progesteronprofilane. Er grovfôret ditt godt nok? Brukar du riktig kraftfor i forhold til grovforet? Har du kontroll på haldet ved kalving og i sinperioden slik at kyrne dine ikkje kalvar for feite eller for tunne. Korleis er det med lysforholda i fjøset, særleg nå på vinteren? Korleis er det med kvigene dine som nykalva kyr? Går dei som ei klokke eller blir mange ståande med lågt progesteron over lang tid og korte periodar med høgare progesteron til forvirring for både deg og kua? Førstekalvskyrne er jo framtida i besetninga di og altfor mange av dei blir ikkje med til andre laktasjon. Ved bruk av progesteron- målingar har du mulegheit til å få kartlagt kva som faktisk skjer på eggstokken, og kunne sette inn tiltak tidleg og få kua i gang att slik at kalvingsintervallet ikkje blir vesentleg forlenga over eit år. Eller kjem den eldre godkua di opp med ei cyste? I såfall veit du kva som skjer og muleg skulle gokua vore litt på slanker’n i førre laktasjon før tørrperioden. Kyr med cyste er ofte i godt hald ved kalving og «brenner» feitt så det held, mjølkar godt og når ikkje opp på høge nok nivå av hormonet LH slik at egget ikkje går.
Resultatet er at folikkelen med egget veks og blir ståande som ei cyste på eggstokken. Riktig fôring og hald reduserer risikoen for å ha slike kyr i besetninga.
Hugs på
Legg inn inseminering same dag på roboten så RePro skjønner at kua er inseminert. Sørg for riktig lagring av stick og at det kjem mjølk på stick frå nåla og at utstyret elles er i orden.
Muligens drektigheit
.png)
Figur 3. Eksempel på ku som kom godt i gang etter kalving, men deretter stopp i eggstokkaktivitet før ei veldig kort periode med litt høgare progesteron. Har du fleire slike kyr i besetninga di så søk råd hjå veterinær og eventuelt fôringsrådgjevar.
.png)
Figur 4. Ku med «full stopp» i progesteronproduksjon over lengre tid før auke i progesteron. Denne kua kan ikkje vera drektig sjølv om ho er inseminert etter brunstalarm. Her har nok eit embryo gått til grunne når det ikkje er progesteronauke 10 dagar etter inseminering.
Repro varslar om muleg drektigheit når progesteronnivået er høgt over tid etter inseminering (passert dag 35). Kor vidt alle kyr er drektige med denne alarmen varierer nok noko frå besetning til besetning. I godt drivne besetningar med lite uregelmessigheiter på progesteronprofilane, er det nok større sannsynlegheit for at kua er drektig enn der det er mykje uregelmessigheiter og varslingar om at ting ikkje er som dei skal. I desse besetningane er det nok greit å ha veterinæren til å drektigheitsundersøke. Uansett, drektigheitsundersøking 5-6 veker etter inseminering lønner seg med tanke på god fruktbarheit og for å få dei kyrne som ikkje er drektige inseminert att. For dei kyrne kostar i antall tomdagar i besetninga di!