Jubileumsfest i Norsk Jersey
31 januar var det årsmøte i Norsk Jersey på Sola Strand Hotell. Det var også ei markering av at det i år er 90 år sidan det som den gong heitte Jæren Jerseyfeavlslag vart etablert.
.jpg)
Avlsdiplom for oksen VJ Norddal vart mottatt av Ingrid Leknes Nygård og Sigbjørn Norddal som er den yngre generasjon på garden.
Foto. Sindre Årsvoll
Av årsmeldinga går det fram at det har vore ein fin auke både i tal jerseykyr, og sal av sæd siste året. Tala for 2024 er 4730 kyr (i Kukontrollen med Jersey som far) og 9 094 selde dosar jerseysæd.
Del av avlsarbeidet til viking genetics
.jpg)
Jubileumsboka Historien om Jersey i Norge.
Foto. Bjørn Lende
Gjennom avtale om samarbeid, er dei norske jerseykyrne ein del av avlsarbeidet til Viking Genetics, og det er i 2024 testa 8 oksekalvar og innkjøpt 1 okse for semin. VJ Norddal var ein okse det var store forventningar til, men den måtte dessverre slaktast grunna ein skade, kort tid før den skulle sendast til Danmark for sædproduksjon.
Etter årsmøtet hadde Peter Larson eit føredrag om mål og metodar i Viking Jersey sitt avlsprogram. Målet er ei produksjonsøkonomisk ku med god helse og høg livstidsproduksjon. Jerseykua skal vær 10 prosent meir ressurseffektiv og påverke klima og miljø 20 prosent mindre enn andre rasar. Det vart her understreka viktigheitene av det europeiske samarbeidet som Norsk Jersey og er ein del av.
Årsmøtefest og jubileumsmarkering
Årsmøtefesten var også ei markering av 90-årsjublileumet med meir enn 70 jerseyinteresserte samla og det er ei uvanleg stor forsamling for oss jerseybønder. Under festen var det fleire innslag og utmerkingar. Det vart delt ut avlsdiplom til Bente Axelsson og Ole Johan Norddal for oksen VJ Norddal. Margunn og Sindre Årsvoll fekk utmerking for ei ku som har over 100 tonn EKM i livstidsproduksjon.
.jpg)
Jubileumsfesten samlet mellom 60 og 70 personer.
Foto Caroline Undheim
Jubileumsbok
Høgdepunktet på festen var lansering av jubileumsboka Historien om Jersey i Norge. Beth Iren Dirdal Jåtun har gjort ein fantastisk innsats med å samle stoff, redigere, skrive og setja saman boka. Den første delen byggjer på eit hefte som vart gitt ut i samband med laget sitt 50 års jubileum i 1985.
I den nyare delen av historia, er det fleire som fortel om måten dei blei introdusert for jerseykua, og korleis dei opplever livet som mjølkeprodusent med Jersey, samt eit stykke om Noregs fyrste og einaste jerseymeieri. Avlsarbeidet og korleis det har utvikla seg har også fått ein stor plass i boka. Dei som er interessert i boka kan ta kontakt med underteikna.