Fargegenetikk i NRF
Fargen på dyret er viktig i nokon eksportmarknader.
.jpg)
11914 Herikstad er eksempel på ein okse der store delar av kroppen er kvit, noko som er uønska i nokre eksportmarknader.
Foto: Jan Arve Kristiansen
Fargen på dyra har ikkje vore vektlagt i NRF-avlen, og sjølv om rasenavnet er Norsk Rødt Fe så er rundt 20 prosent av dyra svarte. Det er og stor variasjon i kor stor del av kroppen som er kvit, frå dyr som er einsfarga raude eller svarte til dyr som er kvite over nesten heile kroppen. Det er no aukande fokus på eksport og i nokon eksportmarknader er fargen på dyret viktig. Dyr med mykje kvitt er uønska i land som Australia og New Zealand, med mykje beiting og sterk sol, fordi kvite område er utsette for fotosensibilitet og hudskadar. I delar av USA er fargen på dyra ein faktor i slakteoppgjeret, med høgare betaling for svarte dyr og lågare for dyr med mykje kvitt.
MC1R-genet styrer raud og svart farge
Nedarving av raud og svart farge er bestemt av eit gen kalla MC1R (melanocortin 1 receptor). Dette genet har ein nøkkelrolle i styringa av produksjon av pigment og bestemmer om det er raudt eller svart pigment som blir produsert. I NRF fins det tre variantar av MC1R-genet: den opphavelege varianten (vill-typen) E+, den dominante svarte varianten ED og den recessive raude varianten e. Den svarte varianten gjer full produk- sjon av svart pigment og er dominant over dei to andre variantane. Dyr med genotypane ED/ED, ED/E+ og ED/e er derfor svarte å sjå til. Den raude varianten e gjer full produksjon av raudt pigment. e-varianten er recessiv for begge dei to andre variantane, og dyr som er homozygote e/e er raude. Vill-typevarianten (E+) er den opphavelege varianten i storfe og den åpnar for at pigmentproduksjonen kan påverkast av andre gen og gje blanding eller mønster av raudt og svart pigment. Oksane 11039 Skjelvan og 11813 Børset er gode eksempel på dette og begge oksane har genotype E+/E+. Men, slik blanding av raudt og svart er sjeldan å sjå i NRF, og dei fleste dyr med genotypane E+/E+ og E+/e har jamn raudfarge slik som dyr med genotypen e/e.
Frekvensen av dei ulike variantane
MC1R-variantane er inkludert på SNP-chipen som har vore brukt til genotyping sidan 2020, og i dag har me eit godt bilde på frekvensane av dei ulike variantane. Frekvensen av den svarte ED-varianten i NRF er rundt 10 % og fører til at ca. 20 % av dyra er svarte. Frekvensen av e-varianten er ca. 40 % og E+ ca. 50 %. Frekvensane har vore ganske stabile sidan rundt 1990.
Nedarving av kvitfarge er bestemt av fleire gen
Far-variant |
||||
---|---|---|---|---|
Svart (ED) 10% |
Vill-type (E+) 50% |
Raud (e) 40% |
||
Mor-variant |
ED 10 % |
Svart 1 % |
Svart 5 % |
Svart 4% |
E+ 50 % |
Svart 5 % |
Raud* 25 % |
Raud* 20 % |
|
e 40 % |
Svart 4 % |
Raud* 20 % |
Raud 16 % |
*Dyr med varianten E+ kan ha blanding av raudt og svart, men i NRF er slike dyr oftast einsfarga raude.
Mange NRF-dyr har område med kvite hår. Dette er område der huda manglar pigmentceller og håra manglar pigment. Nedarving av kvitfarge er meir komplekst enn nedarving av raud og svart. Det er kjent frå andre rasar at det er fleire gen som er involvert i å bestemma kor store delar av kroppsoverflata som er kvit. For å undersøka utviklinga av kvitfarge i NRF har eg analysert bilder av seminoksar og embryokviger og brukt maskinlæring for å måla kor stor del av kroppsoverflata som er kvit. Dei fleste NRF-dyr har små kvite område som utgjer under 25 % av kroppsoverflata. Men det er også mange dyr som har større kvite område og talet på dyr med mykje kvitfarge er aukande.
Auke i talet på avlsdyr med store kvite område
.png)
Figur 2: Utvikling i kor store delar av kroppen til NRF-dyr som er kvit. Datagrunnlaget er bilder av 929 seminoksar og 212 embryokviger fødde i perioden 1980-2024.
Figur 2 viser utviklinga over tid av seminoksar og embryokviger med kvite område som dekkerkar over 25% av kroppsflata. I perioden 1980-2000 hadde i underkant av 20 % av oksane kvite område som dekka 26-50 % av kroppen, mens 3-5 % av dyra hadde enno meir kvitt (51-75 % av kroppen). Sidan 2005 har det vore ein auke i andelen avlsdyr med store kvite område, og sidan 2020 har rundt 40 % av seminoksane kvite område som dekkar meir enn 25 % av kroppen. Dei siste 20 åra har det også dukka opp dyr med store kvite område som utgjer over 75 % av kroppsflata. Eksempel på oksar der store delar av kroppen er kvit er 11914 Herikstad og 11902 Skretting.
«sidan 2020 har rundt 40 % av seminoksane kvite område som dekkar meir enn 25 % av kroppen»
Lagar avlsverdi for kor stor del av kroppen som er kvit
Målingane frå bilder av oksar og kviger og genotypane til dei samme dyra, blei brukt i ein assosiasjonsstudie til å identifisere område på genomet som forklarer kor stor del av kroppen som er kvit. Denne analysen avdekka to område med stor effekt på kvitfarge i NRF. Begge desse områda, eit på kromosom 6 og eit på kromosom 22, inneheld gen som er kjent for å påverka farge både i storfe og andre pattedyr. I tillegg til desse to områda er det mindre effektar fordelt utover genomet slik det er for dei fleste av egenskapane i avlsmålet. Med resultata frå denne analysen lagar me ein enkel avlsverdi for kor stor del av kroppen som er kvit, som kan brukast i valg av oksar til marked der dyr med mykje kvitt er uønska.