Forskjellig

Dagbok fra Melsomkyra

Hva skal jeg tenke på?

Facebook spør «Hva tenker du på». Det har eg lura på sjølv mange gonger. Skal eg tenke på middagen i dag? På Staslin som eg akkurat inseminera? Hesten me avliva? Maten i butikken og som me har vore med på å produsere? Eller skal eg lyfte blikket og sjå utenfor vår nære kvardag?

Tekst og foto:
Kari Lise J. Dybo

Mjølkeprodusent

kari.dybo@gmail.com

Jentene er klare.

Krigar, matmangel og klimautfordringar påverkar òg våre liv. Bare ikkje så synlegt. Me kjenner det ikkje nødvendigvis på kroppen. Slik millionar av andre gjer. Me har det godt her i vår lille boble kalla «Norge». Så tenker ein ei beite på dei store spørsmåla. Til dei blir for overveldande og eg gjeng tilbake til kvardagen.

Neimen ikkje lett å vere positiv bestandig

Smitteslusa er til for alle!

Eg har alltid vore glad i årets forandringar. Både værmessig og i drifta. Utpå ettervinteren begynnar ein å sjå fram mot våren og våronna. Så kjem beiteslepp og grashausting. Deretter neste slått og så vidare. Kvar utførte oppgåve er eit steg vidare. Eit steg til i arbeidet med forbedring. Ny sesong, nye mogleghetar. Eller utfordringar. Alt etter korleis ein ser det. Det er så lett å sei at ein velger korleis ein skal ta det. Men det er neimen ikkje lett å vere positiv bestandig. Når ein plutseleg får seks NRF-kalvar på eit døgn, og den seiste kalvar rundt midnatt, det er midt i våronna og alt ein vil er å kome seg i seng…då ser ein ikkje heilt kva lærdom dette skulle vere!

Noke lærdom var det vel. Kok ein kjele med kaffe, pust djupt og la kyra få tida ho treng. Me har ikkje konsentrera kalving og det var i utgangspunktet fjorten dagar i mellom dei. Men dei valgte seg ein felles dato midt i mellom. Dette døgnet gjekk over i neste som det alltid gjer. Våronna kom i havn. Likeins med graset, sommoren, hausten og vinteren. Som alltid. Og slik er det vel lurt å sjå det. Og ein tenker at me klara det i år òg. Så kjem det på nytt periodar som er strevsame og ein kjenner at ruskevèret på innsida dreg seg til att. Ein er sliten, ei kyr (eller to) får coli-mastitt. Og dør. Sjølvsagt. Ei reim på treskaren ryk, det er laurdagsettermiddag, og det er meldt regn sundagen. Og ein skulle så gjerne ha vore ein tur på stranda med ungane. Det blir vanskelegt å sortere i gjeremåla og ute lyser sola med det mest fantastiske ljoset eit møte mellom sol og uvèrsskyer kan oppdrive. Det er så fint. Det bare passar ikkje med strevet på innsida. Eller kanskje det gjer det. Uvèrsskyar på veg og indre kaos.

Fantastisk for ungane å vekse opp på gard?

Kalvingsbingen blir reingjort.

Når skuggane blir lange.

Dei er der for oss.

Me har innimellom fått kommentarar om at det må vere så fantastisk for ungane å vekse opp på ein gard. Yngstemann kom heime på badet. Ingen dramatikk. Ingen traumatisk opplevelse. Me er heldige og bur rett i nærheten av Tønsberg, og sida det skjedde lite på føden den nåtta så kom det både ambulansepersonell, jordmor og barnepleiar. Dei fire eldste fekk sett lillebror før han var avnavla. Helsepersonellet fekk med seg at me hadde kyr og dreiv gard. Dei syns heile historien var fantastisk. Noken dagar seinare fekk ei venninne høyre historien ved eit besøk på føden (navn blei ikkje nevnt, men ho skjønna at det var oss), og personalet fortalde med stor entusiasme om kor idyllisk det måtte vere. Veit ikkje om ungane alltid var like enige i det utsagnet…. Nå når dei er meir eller mindre vaksne set dei riktignok pris på oppveksten sin. Bakkekontakten det har gjett dei og forståelsen av kvar maten kjem ifrå. Ungane har òg, på ungars vis, drive opplæring av venner og venners foreldre.

Kalving for kjøttfea

Livet i fjoset gjeng sin gang. Nå er det tida for at kjøttfè skal kalve. I denne perioden kalvar ikkje NRF’n. Då flyter me kjøttfèa over i sinkyrbingen. Den ligg rett ved sida av kalvingsbingen, og slik er det lett å flyte den kalvande inn i ein binge med halm for seg sjølv. Alternativet hadde vore å hatt kjøttfèa i bingen sin på ungdyrsida. Då hadde kalvane kome til der. Det er ingen god løysing.

Skape holdninger til smittevern

Kvalitet og smittevern er eit tilbakevendande tema. Me har elevar i fjoset, ein del besøk, og slike som for eksempel Bring. Det er ikkje så lett bestandig å få alle til å forstå at eit fjos ikkje er opent hus. Elevane er flinke. Dei blir testa for MRSA før dei får lov å kome inn, og dei lærer fort korleis dei skal bruke smitteslusa og kvifor. I smitteslusa har me flust med støvlar og dressar. Dressane blir vaska kvar gong dei har vore bruka. Slik får me ivareteke reinsleghald òg. Det er ikkje sikkert elevane sit igjen med eit bevisst forhold til dette, men det er noke med det ubevisste inntrykket. Ikkje bare fyrsteinntrykket, men det inntrykket som dei forhåpentlegvis bèr med seg vidare. Det som er med på å legge grunnlaget for gode haldningar når dei skal ut i arbeidslivet. Reinsleghet og orden. På ytterdøra heng det to skilt. Eit med «besøkande» og eit med «adgang kun etter avtale med eier». Allikevel er det dei som bare gjeng rett inn. Forbi skilta, gjennom smitteslusa, og inn i fjoset. Me har alltid sagt at me burde få opp ei plakat på ytterdøra som kanskje er meir forklarande og med telefonnummer på. Endeleg fekk me ho opp! Så får me håpe at tilfeldig besøkande ringar før dei gjeng inn.

Bakterietal som flaug i veret

Mjølkekvaliteten gjenspeilar ofte reinhold og rutiner. Meldinga frå Tine er alltid av interesse. Til vanlegt er det feitt og protein som er det fyrste me ser på. Prøva er stort sett av det gode slaget. Til tider har det vore litt utfordringar med celletalet. Eller; ikkje bare litt, men faktisk ganske så krevande. Det har vore eit mangeårig fokus for å få det på stell. Nå har det vore bra lenge, og det er ikkje skummelt å skulla lese kvalitetsmeldinga lenger. Men så, her på nyåret, begynte bakterietalet å bli vel høgt. Så gjekk det ned igjen og me tenkte det bare var eit eingongstilfelle. Det var det ikkje. Igjen blei det litt høgt. Og me begynte sjølvsagt arbeidet med å finne årsaken. Så fekk me eit tal på over millionen! Den følelsen ein kjende i magen då! Den er ikkje god! Så kom mannen på at mjølkebilsjåføren på den hentinga hadde gløymt å sete på vaska. Det tok noken timar før me fann ut det. Dermed var det ikkje nok kjøling på den mjølka som buffertanken sleppte over etter vaskinga. Heldigvis hadde mannen meldt inn avviket så prøva blei sletta. Meld alltid inn avvik! Men dei neste prøvene var ennå noke høge. Då fekk me besøk frå Tine mjølkekvalitet og service. Dei tok ein skikkeleg runde på heile anlegget. Ved inspeksjon av tanken fann dei belegg på røreverket. Dei neste meldingane viste at bakteritalet var nede igjen. Så godt med dyktige folk rundt seg.

Kvardagen som er her og nå

Det er mange spørsmål ein kan filosofere over. Men kvardagen er som regel fakta. Det er kvardagen som er her og nå. Og den er mange gonger meir enn nok.

«ikkje så lett bestandig å få alle til å forstå at fjos ikkje er opent hus»