HELSE/FRUKTBARHET/DYREVELFERD

For mange dyr har sin pris

Målet har vore nok dyr til å fylle kvota, og nok dyr å velge i. Men det har nok sin pris. Sjølv om den kostnaden ikkje alltid er så synleg.

Kari Lise J. Dybo

Mjølkeprodusent

Oppstalling på løa i gamlefjoset.

Foto: Anne Hege Hunskaar-Tajet

Hos kyrne er som vanlegt fokuset å få kalv i dei. Få dei til å mjølke nok, og ha mange nok som mjølkar. Og kalvane kjem. Fjoset er fullt. Som alltid. Allerede då nyfjoset nærma seg ferdig syns me fjoset var for lite. Skulle alltid hatt litt fleire båsar. Slik eg trur veldig mange tenker. Skulle hatt bare litt meir plass. Spesielt når det i fjor blei fri kvote, og i år som forholdstallet er på 1,20. Men, så kjem spørsmålet; har me faktisk plass nok til å dra nytte av denne moglegheten? Og neste spørsmål; kva vil det å fylle fjoset maks (og gjerne litt til) ha å bety for trivselen til dyra? Smittepress og rett utnyttelse av mjølkeroboten?

Nyttige erfaringar i gamlefjoset

Kalveavdeling.

Foto: Anne Hege Hunskaar-Tajet

Me gjorde oss mange nyttige erfaringar i gamlefjoset. Eit fjos frå 1936 med metertjukke veggar. Lågt under taket og dårleg lufting. Slik mange har erfaring med. Det var gjort ei oppgradering på begynnelsen av 80-talet då kalvar og ungdyr ikkje skulle stå på bås. Løysninga blei småkalv i enkeltboksar (der det gjerne sto to ved kalvingstoppar), og fullspaltebingar med gjødseltrekk under til ungdyra. Då me starta opp som mjølkebøndar i 2004 var fjoset halvfullt. Kalveboksane stod rett ved sleppegangen ut på beitet, rett under flisluka og ikkje så langt ifrå fôrlukene. Ikkje så rart at kalvane til tider sleit med diaré. Dei stod stadig i trekken. Boksane blei flytta til midt i fjoset. Eit lang fjos med båsrekkene fyrst og deretter bingane. Ei stund fungera det godt. Men fjoset fyltes opp og kalvane måtte fortare ut av boksane enn tidlegare. Løysninga vår blei å slå sammen to bingar som var rett ved sida av kvarandre. Den eine blei strødd opp med halm. Ettersom det blei fleire kalvar blei det òg meir mjølkefôring og me sette inn ein mjølkefôringsautomat. Igjen noke som fungera godt ei stund. Men. Med fleire dyr i eit ikkje så optimalt fjos kom diaréen tilbake. Koksidiose. Og lungebetennelse.

For stort aldersspenn i kalvegruppa

Frustrasjon og fortvilelse var stor. Ingen likar å sløkke brann etter brann etter brann og ikkje få løyst årsaken til brannane. I arbeidet for å finne ei bedre løysning fekk me med oss ein dyktig dyrlege med hjerte for kalven. Kalven er tross alt opphavet til neste generasjons mjølkekyr. Og skal ein få ei kyr som fungerar optimalt bør forholda ligge til rette for eit godt kalveoppdrett. Friske kalvar med god tilvekst. Etter mange gode diskusjonar med både dyrleger og rådgjeverar forstod (eller kanskje innsåg) me noken ting. Det var for stort aldersspenn i kalvegruppa, lufta i fjoset var ikkje god for kalven; fullt fjos, rå luft og dårleg luftkvalitet. Sutten på kalveautomaten var ei stor smittekilde, og inna me oppdaga at ein kalv drakk dårleg var me for seint ute. Informasjonen frå automaten var “gamalt” nytt. Me endte opp med å flytte kalven opp på løa.

Kalvehytter på løa

Kalveavdelinga innvendig.

Foto: Anne Hege Hunskaar-Tajet

På løa sette me opp kalvehytter med garde framom. To kalvar i kvar hytte. Etter kvart som kalvane vaks til gruppera me dei i tallebingar sett opp med lettgrindar på tre sider og ein etefront i framkant. Som med mange slike provisoriske løysningar blei det bruka balletaug for å halde det sammen. Gruppene var aldri på meir enn seks kalvar. Seks i bingen var ok. Kalvefôringsautomaten blei kasta ut. Me valgte manuell mjølkefôring. Slik kunne me fange opp dei minste signal på at alt ikkje var i orden. Automaten kom aldri inn att. God og roleg luftutskifting, høgt under taket, og stell to gonger om dagen der me såg alle kalvane redusera mykje av problemet. Men heilt vekk blei det ikkje.

Nede i fjoset fekk me to ledige bingar, og det tok ikkje lang tid før dei var i bruk. I starten tok me vare på stutkalvane. Men etterkvart blei fjoset fullt. Dermed hadde me ikkje plass til stutkalvane. Desse solgte me som livkalv ved ca. 12-16-vekers alder. Så var det dette med antall dyr i bingen. Det var seks eteopningar i bingane og me hadde sjølvagt seks dyr i bingane. Som ein dyrlege sa: “det er fint med seks i bingen” … Og det fungera det. Så lenge dei var under året. Når dei nærma seg året var det akkurat som om veksten stoppa opp. Dei blei ikkje tynne eller langhåra, veksten stagnera bare. Litt tilfeldig oppdaga me at når me tok ut eitt eller to dyr så skjedde det noke.

Det var som om ein kunne merke at dyra treivst bedre. Og dei vaks.

«Det var for stort aldersspenn i kalvegruppa»

Lett å oversjå små marginar her og der

Det er gjort mange utregningar på kostnadane knytta til sjuke kalvar. Dårleg tilvekst, dårleg fruktbarhet, lågare mjølkemengde og dårlegare jurhelse. Slike utregningar er ikkje så lett å overføre til egen besetning. Det blir så abstrakte tal. Og det er ikkje som å få kraftfôrregninga i posten, eller tilskuddet inn på konto. For ikkje å preke om alle vurderingane ein må ta ved å bygge nytt. Reine pengar inn og reine pengar ut er det lett å forhalde seg til. Beregningar av små marginar her og der er mykje vanskelegare å ta med seg. Men om ein ikkje tek dei med seg blir det som å sei at “det er ikkje så farlegt med dei fem minutta borti kroken, det er bare fem minutt”. Fem minutt kvar einaste dag blir til sammen 30 timar på eit år. Det er nesten ei heil vike med ein ansatt det. Og slik har me prøvd å tenke inn i det nye fjoset.

For mange dyr på roboten

Småkalv i kalvehagen

Foto: Kari Lise J. Dybo

Sommoroppstalling for å få tømt kalveavdelinga.

Foto: Kari Lise J. Dybo

Erfaringane me hadde gjort oss i det gamle fjoset var med oss inn i byggeprosessen. Plass, luft, god logistikk, og kalven i egen avdeling på utsida stod øverst på lista. Og fjoset blei bra det. Men, sjølv om me hadde gjort oss ein god del erfaringar så ramla me etterkvart i noken grøfter. For mange dyr på roboten og ein kalv for mykje i gruppa. Gruppestørrelsen vår var på fem til sju. Stort sett var det sju stykk. Arealmessig var det plass, men eit tal på papiret er bare veiledande. Då me mista noke leigekvote blei kalvegruppene på ca. fem stykk. Resultatet blei utvilsomt positivt. Javne, robuste og friske kalvar. Nå høyrest det ut som om at det var bare elende i den nye avdelinga. Det var det absolutt ikkje. Men i periodar hadde me utfordringar med luftvegsinfeksjonar. Me etablera ein kalvehage med fire grupper ute. Dermed fekk me tømt kalveavdelinga noken veker om sommoren slik at me fekk vaska den ned. Alt-i-alt får me positive tilbakemeldingar på kalvane våre. Tilveksten er bra, og kvigene er stor nok til inseminering allerede ved 12-månadars alderen.

Til sommoren som kjem har me mykje kalvingar. Ikkje planlagd, me tenkte jau at det skulle fordele seg litt meir, men naturen let seg sjeldant styre etter boka. Korleis det blir er eg spent på.

«For mange dyr på roboten og ein kalv for mykje i gruppa»

Fjoset blei fullare og fullare

Inne i fjoset er det fullt. Rett før fjoset var ferdig tidleg i 2013 gjekk me inn i ei samdrift. Med den kvota var me i taket på kapasiteten til roboten. Og me hadde stort behov for meir dyr. Fjoset blei fullare og fullare. Før me gjekk i samdrift hadde me bygd oss opp ei kjøttfebesetning. For å fylle fjoset … Nå skulle det vere plass til både desse dyra og innkjøpte NRF-kviger. Bruk av kjønnsseparera sæd var og ein del av planen. Det gjekk eit år, og det gjekk to. Kvigene blei fleire, dei vaks og trong plass. Bingar med større etefrontar og større båsar. Desse bingane var okkupert av kjøttfea. Igjen møtte me på plassproblem. Sjølv om kvigene var store nok ved insemineringsalder opplevde me at dei var litt små ved innkalvingsalder. Om årsaken var plass eller genetisk materiale er vanskeleg å sei. Sannsylegheten er vel ein kombinasjon. Aktiv bruk av fôringsrådgjevar tilsa at fôringa var rektig. Me forstod at kjøttfea måtte ut, og dyra blei solgt. Innkjøpte dyr er alltid eit lite lotteri. Folk selger sjeldent dei beste dyra. Avlsplanen har alltid vore flittigt i bruk, men det tek tid før det gjev synlege resultat. Apropos dei mindre og usynlege marginane.

Stort press på roboten

Med fokus på å ha nok hodyr for å ha nok å velge i, og ein robot me ville og måtte utnytte kapasiteten til, blei det stort press på roboten. Mjølkemengda pr. dyr stanga midt på 20-talet. Nybære kviger som ikkje kom til i roboten gjorde til at dei nok ikkje fekk vist sitt fulle potensial. Og mange blei nok slakta for tidleg og på feil grunnlag. Kan nok hende me skulle ha sortera ut kviger før inseminasjon. Det med antall dyr på roboten og mjølkemengde diskutera me ofte. Me ville ikkje slakte kyr tidlegt i laktasjonen. Måtte ha den mjølka. Og noken dyr blei nok då gåande for lenge. Dyr som kanskje ikkje mjølka meir enn rundt 20 liter. Dyr med høgt celletal. Dyr med dårleg jur og så vidare. Det me ofte såg når me sendte av garde dyr til slakt var at dagleg produksjon holdt seg på same nivå som før slaktinga. Antall mjølkingar pr. dag gjekk opp. Det var færre dyr som måtte hentast, spesielt kviger/ungkyr. Stellet gjekk lettare og det blei ein ana ro over fjoset.

«Nybære kviger som ikkje kom til i roboten gjorde at dei nok ikkje fekk vist sitt full potensial»

Vanskelegt å gje slepp på gamle tankar

Ungdyrsida er full.

Foto: Kari Lise J. Dybo

Har me lært av alt dette? Ja. Noke. Det er vanskelegt å gje slepp på gamle tankar. Ting gjeng så på rutine. Og det er litt skummelt å ta større steg. Som å velge å sortere ut kviger på eit tidlegt stadium sjølv om GS-prøvene fortel oss at me kan og bør. Men steg for steg trur og håpar me at me når målet. Få opp avdråtten til over 30 liter, og få ei besetning med javnt over robuste og haldbare dyr. Og håpe at me ikkje blir “fanga” av ei kvote på 1,20.