Alle misdanningar må rapporterast
Det er noko underrapportering av misdanningar. For avlen er det svært viktig at alle misdanningar på kalv vert registrert inn slik at ein raskt kan oppdaga dersom enkeltoksar skulle vore bærar av ein genetisk defekt.
.jpg)
Blindhet er den tredje mest registrerte utviklingsfeilen. Denne kalven er blind grunna microphtalmia (svært små auge).
Foto: Rannveig Farestveit.
Eit vidt spekter av ulike misdanningar er registrert inn hovudsakleg gjennom Kukontrollen, men også ved direkte kontakt med Geno. Ved gjennomgang av registreringane er misforma bein som er skeive eller vridde det som er registrert inn aller oftast. Nedanfor er lista over dei åtte mest rapporterte misdanningane.
Misforma bein.
Open buk (schistosoma reflexum).
Blindheit.
Manglande endetarmsopning (atresia ani).
Senstyltefot (overbøying av ledda på beina grunna forkorta sener og tilhøyrande muskulatur. Oftast frambein).
Navlebrokk.
Hjernevatersott/vannhode (hydrocephalus).
Preg av hjerneskade/intellektuell funksjonshemming (mistanke om PIRM- syndrom).
Underrapportering
.jpg)
To langt sjeldnare innregistrerte misdanningar er hareskår og open gane. Denne kalven hadde hareskår med viss grad av open gane.
Foto: Rannveig Farestveit
.jpg)
Atresia coli. Berre eit gulkvitt slim frå anus.
Foto: Rannveig Farestveit.
.jpg)
Atresia coli. Ingen passasje og opphoping av alt tarminnhald i framkant av misdanninga.
Foto: Rannveig Farestveit.
Det er nok ein viss underregistrering av misdanningar. Særleg vil det gjelda dei som omhandlar kalvar som tilsynelatande er friske ved fødsel, men som likevel har alvorlege indre feil. Ein av misdanningane eg mistenker underrapportering av er atresia coli. Då er endetarmsopninga intakt, og tarmen kan også vera intakt eit heilt stykke innover frå anus. Mistanke til ein slik tarmmisdanning får ein når den første avføringa, mekoniumen, aldri kjem. Dei vil ofte i løpet av første levedøgn utvikla teikn på buksmerter og vil ikkje ha drikke lengre. All avføring vil hopa seg opp i tjukktarmen og ikkje koma heilt bak til siste tarmavsnitt. Underteikna har avliva nokre slike i praksis, og obdusert dei etterpå. Alle desse kalvane har berre hatt eit sparsamt gulkvitt slim som kjem frå anus, ingen teikn til mekonium eller anna avføring. Alle har vore svært smertefulle, og ville døydd av seg sjølv om dei ikkje var vorte avliva.
Årsaker til utviklingsfeil
Medfødde misdanningar er utviklingsfeil som skjer i fosterlivet. Årsakene bak slike utviklingsfeil kan vera mange:
Kromosomfeil som oppstår tilfeldig i fosterlivet.
Arvelege defektar som skuldast den genetiske arven frå mor, far eller begge to.
Infeksiøse agens (bakteriar eller virus) — slik som det dagsaktuelle blåtunge-viruset.
Mangel på somme mineral eller vitamin.
Plantegifter.
Arvelege defektar, berarar, og geno avlsplan
For Geno er det særs viktig å få rapportert inn misdanningar, slik at ein kan plukka opp oksar som skulle vore berarar av sjukdomsframkallande gen. Ein del genfeil er recessivt nedarva. Det betyr at sjukdom først vil kunne oppstå dersom kalven arvar genet både frå mor og far. Eksempel på dette er AH1-mutasjonen. Den kan gje dødfødsel eller svak/funksjonshemma kalv ved nedarving av genet frå begge foreldra. For genfeil som er fanga opp slik som AH1-mutasjonen, vil ein i nye Geno avlsplan ikkje kunne få forslag på okse som er bærar dersom kua/kviga er bærar. Dette understrekar viktigheita av genotyping av dyra i besetninga, slik at ein til ei kvar tid har dyra sin genetiske informasjon.