Kartlegging av luftvegssjukdom hos storfe
Luftvegssjukdom er det største sjukdomsproblemet hos kalv over heile verda. I Noreg blir det årleg gjort over 10 000 behandlingar mot sjukdommen, og det er den vanlegaste årsaka til at kalvar dør.
Postdoktor i Norwegian Airways-prosjektet, NMBU/Veterinærhøgskolen
Luftvegssjukdom forårsakar store lidingar hos mange dyr, auka dødelegheit, redusert fôrutnytting og vekst, auka antibiotikabruk og redusert dyrevelferd. Internasjonalt blir det brukt enorme mengder antibiotika både til behandling og førebygging av luftvegssjukdom, og multiresistente luftvegsbakteriar er vanleg. Praksisen i Noreg er annleis, her brukast i hovudsak smalspektra penicillin mot luftvegssjukdom.
Ikkje påvist mycoplasma bovis
Ein viktig grunn til at vi kan gjere dette, er at vi enda ikkje har påvist bakterien Mycoplasma bovis her til lands. Denne bakterien er naturleg resistent mot penicillin og infeksjon med bakterien resulterer ofte i kronisk sjukdom som er vanskeleg å behandle og skaper problem for både dyrevelferd og økonomi. M. bovis vart oppdaga i Sverige i 2011, i Finland i 2012 og førekjem no i alle våre naboland. Vitenskapskomiteen for mat og miljø sin risikovurdering ved import av grovfôr, rangerte M. bovis som det smittestoffet der introduksjon ville gi dei største negative konsekvensane for storfeindustrien.
Store mengder antibiotika mot luftvegssjukdom
Til tross for at M. bovis ikkje er påvist i Noreg, blir det også her brukt store mengder antibiotika mot luftvegssjukdom. Dette blir gjort i stor grad utan at ein veit kva for bakterie som er årsak til sjukdommen, og utan kjennskap til bakterien sitt resistensmønster, noko som er viktig for korrekt bruk av antibiotika. Noko av grunnen til at det sjeldan blir gjort diagnostikk er at det er vanskeleg å ta prøver frå lungene til levande dyr, og fordi mange av bakteriane som gir sjukdom er dei same som førekjem naturleg i øvre luftvegar, slik at det er vanskeleg å tolke prøvesvara.
Norwegian airways
Dette er bakgrunnen for prosjektet «Norwegian Airways», eit samarbeid mellom Veterinærinstituttet, Veterinærhøgskolen, Tine, Geno og Animalia. Prosjektet har som mål å undersøke kva for luftvegsbakteriar som oftast fører til luftvegssjukdom i Noreg, førekomsten av antibiotikaresistens blant desse, og om det er spesielle genetiske variantar av dei vanlege luftvegsbakteriane som oftare gir sjukdom. Vi vil også samanlikne ulike metodar for diagnostikk, som prøvetaking av øvre luftvegar (nasesvaber) kan brukast i staden for lungeskylleprøve og korleis ultralyd av lunger, ein metode som er på frammarsj internasjonalt, fungerer i diagnostikk av luftvegssjukdom, samanlikna med tradisjonell klinisk undersøking.
Prøveinnsamlinga til prosjektet er fullført. Prosjektet har besøkt 17 framfôrings- og mjølkekubesetningar som har opplevd vedvarande utfordringar med luftvegssjukdom hos kalvane. Luftvegane til mellom 10 og 20 kalvar i kvar besetning har blitt undersøkt klinisk og med ultralyd, og prøvetatt frå nase, svelg og lunger. Prøvene er blitt undersøkt med tanke på virus, bakteriar og antibiotikaresistens, og mange av bakteriane er blitt fullgenomsekvensert på jakt etter gena som fører til sjukdom.
Ikkje påvist mycoplasma bovis
Sjølv om resultata frå prosjektet ikkje er klare enda, kan vi melde at vi ikkje har påvist Mycoplasma bovis i nokon av besetningane. Dette er godt nytt, og bør motivere til å fortsette arbeidet med biosikkerheit for å unngå introduksjon av bakterien til landet. Det er generelt observert lite antibiotikaresistens blant luftvegsbakteriane. Dette betyr at terapianbefalingane i Noreg framleis bør vere smalspektra penicillinar til behandling av luftvegssjukdom hos kalv. Dersom ein ikkje ser effekt av dette og veterinæren ønsker å ta i bruk meir breispektra antibiotika er det viktig å ta prøver frå luftvegane til dei sjuke dyra for å undersøke årsaka til at behandlinga ikkje fungerer. Dette er også viktig for å oppdage eventuelle nye agens som til dømes M. bovis.
Bakterievarianten har og noko å seie
Andre førebelse resultat viser at det finst genetiske variantar av den vanlege luftvegsbakterien Pasteurella multocida som oftare er assosiert med sjukdom enn andre variantar. Dette kan tyde på at i tillegg til at smittepress, miljøtilhøve og immunforsvar er viktige faktorar for utvikling av sjukdom, har også bakterievarianten kalven blir utsett for noko å seie. Dette understøttar at tiltak for å betre biosikkerheit og hindre smitte mellom besetningar ikkje berre er viktig for å unngå introduksjon av virus eller nye bakteriar, men også kan førebygge introduksjon av meir sjukdomsframkallande bakterie- variantar. Det er derfor gunstig å unngå kontakt mellom dyr frå ulike besetningar så mykje som mogleg, og ikkje overføre smitteførande materiale mellom besetningar. I tillegg vil tiltak for å redusere smitte mellom dyra i ein besetning, slik som å ha små grupper av kalvar med same alder, unngå flytting og blanding av grupper og separat utstyr til ulike avdelingar motverke spreiing av uønskte bakteriar.
Vi håpar prosjektet kan bidra til meir korrekt bruk av antibiotika, mindre sjukdom og betre velferd for norske kalvar, samt meir kunnskap om og større merksemd rundt uønskte agens som Mycoplasma bovis.