Forskjellig

Dagbok fra Melsomkyra

Mennesket den viktigaste faktoren

Trass i all ny teknologi som utviklast er det mennesket med dets interesse, kunnskap, evner, vilje og drivkraft som er avgjerande for resultatet.

Tekst og foto:
Kari Lise J. Dybo

Mjølkeprodusent

kari.dybo@gmail.com

Samarbeid.

Det er ikkje så lett å skrive ein tekst til «Dagboka». Når eg skriv i mi eiga dagbok blir det som regel bare korte tekstar. Når eg skriv på FB-sida til Melsomkyra er ikkje tekstane så lange dei heller. Å skulle sammenfatte alle desse mindre tekstane, som er kvardagen, til ein lenger og sammenhengande tekst er litt utfordrande. For ei tid tilbake fekk eg eit tips om at denne utgåva skulle handle om det å overta ein gard. Eg syns det var fint med eit slikt tips, for då hadde eg noke å arbeide utifrå. Men så er det slik at me sjølv ikkje har noken erfaring med overtakelse. Me er forpakterar. På 21. året. Avtala vår legg til rette for at ungane våre har mogleghet til å overta den, men ein overtagelse i tradisjonell forstand vil det eventuelt ikkje bli. Uansett er det noken år til før det blir eit tema. I mellomtida er det me som driv. Vår drift. På best moglegt vis.

Kva vil ein med drifta?

Avlsdiplom i glass og ramme.

Kva framtida ber med seg er så mangt. Det ein i fjor trudde var framtida er i dag fortida. Så som fjoset. Nytt i 2013. Det kjennest ennå ut som om det er nytt. Heilt til ein ser at frontar må bytast, matter har sprekt opp og at traktoren snart er brukt opp. Kva gjer ein så? Kva vil ein med drifta? La det tusle og gå fram til ein har nådd pensjonsalderen, eller drive som om ein har heile livet framom seg?

Hauste godene av alt arbeidet me har lagt ned

Me blir stadig overraska over det faktum at me er halvvegs i eit yrkesaktig liv. Det er så mykje ein skulle ha gjort! Nå må me begynne å sortere i kva me faktisk får gjort. Etter 20 år som bøndar ser ein resultat av alt arbeidet ein har lagt ned. Skal me då gå ifrå det og begynne på nytt? Med noke ana? Nei. Livet vårt ligg i den drifta me har. Dyra i fjoset og vekstene på jordet. Det er nå me kan hauste godene av alt arbeidet me har lagt ned. Halde det oppe og bli med på utviklinga som skjer. For det skjer mykje. Teknologien i landbruket er heilt i toppen. Maskiner, redskap, plantemateriale og avl. Tenk på alle mogleghetane som finns! All data ein kan hente ut. Alle dei dyktige forskerane som arbeider for landbruket. All ny teknologi og ulik fagkunnskap som er tilgjengelegt. Om me bare klarar å ta imot.

Klare å implementere ny kunnskap

Nysgjerrig og leiken.

Det er ikkje alltid så lett å ta imot ny kunnskap. Dagane er fulle nok som dei er. Samtidig så gjer mykje av den nye kunnskapen kvardagen lettare. Og litt meir interessant. Når ein bare har klara å implementere den. Mentalt og i praksis.

Her på garden har me mjølkerobot. Då me flytta frå båsfjoset og opp i nyfjoset var eg litt bekymra for om me ville klare å sjå dyra. Nede i gamlefjoset såg me jau kyra to gonger fast om dagen; ved mjølkinga. Sjølvsagt såg med dei fleire gonger om dagen òg. Men ved mjølkinga var me burtpå kvar kyr. Det viste seg å bli motsett. Nå fekk me tid til dei som faktisk trong å bli sett. Dei som var friske fungera. Og det viste seg òg at me før på eit vis kun hadde sett juret. Nå opplevde me at me såg heile kyra. Frå roboten fekk me mykje informasjon. Mjølkemengde både her og nå og over tid, celletall, kraftfôrforbruk, brunstmåling og så vidare. Og det var eit utall av rapportar. Me kan legge dyr i ulike grupper, lage fôrtabellar, kalvingslister, og ellers dei listene me sjølv syns me har behov for. Som med alt ana så er roboten og dens mogleghetar under stadig utvikling. Nå finns det holdvurderingskamera, ein kan måle progesteronnivået i mjølka, roboten lærer opp kviger sjølv. Blant anna. Tenk på alt ana som er under utvikling.

Mennesket den viktigaste faktoren

Målretta arbeid gjev resultat.

Ute på jordet har me teke i bruk GPS-styring. Dette gjer at me har lagt opp til faste kjøyrespor. Det gjev mindre kjøyreskader. I tillegg har me opplegg for å registrere kvaliteten på avlinga fortløpande. I sammen med rutinemessig jordprøvetaking og oppsett av gjødslingsplan får me gode forutsetningar for høg kvalitet på det me dyrkar.

Men det er ikkje bare robot og traktor som er avgjerande for gode resultat. Det er mennesket som er den viktigaste faktoren. Mennesket, dets interesse, kunnskap, evner og vilje. Drivkrafta. Denne drivkrafta har påvirka oss blant annet i avlen.

Framtida i fjoset ligg i strået

Livet har starta.

Grunnlaget for gode dyr er god avlsplanlegging. Det har vore ein enorm utvikling i korleis ein gjer dette arbeidet. Då me fyrst starta opp som bøndar fekk me bare ei utskrift av rådgjevaren. Som nye og uerfarne var me nok ikkje heilt klar over mogleghetane som låg i å aktivt sette opp ein avlsplan.

Lysta til å inseminere sjølv vaks fram. Men det var noken ting som stoppa meg litt. Ein ting var om eg ville få det til. Hos oss er det dyrlegen som inseminerar. Så ein anen ting er at inseminering er ein av dei faste inntektene til dyrlegane. Har ikkje dyrlegane inntekt forsvinn dei. Dyrlegane har sjølvsagt òg vakt kvelder og helger. Og er det noke me er avhengig av så er det ei oppegåande dyrlegevakt. Dermed blei inseminasjonskurs lagt på is. Eg var ikkje klar. Men i 2015 hoppa eg i det og tok kurs. Med egen dunk blei det både lettare å fylgje oppsett avlsplan fordi eg nå hadde mine doser. Og med mine doser blei avlsplanlegging endå meir interessant.

Tidspunkt for inseminasjon er alltid eit spørsmål. Når dyrlegane skulle inseminere måtte me bestemme oss før halv ti. Nå kunne me avvente avgjerelsen til utpå dagen og då eventuelt inseminere i kveldinga. Og me slapp å gå og vente på at dyrlegen dukka opp.

Nye mogleghetar med GS

GS gav nye mogleghetar. Men me syns det var litt kostbart. Det ville bli ein god sum å teste alle. Me gjorde som rådgjevaren sa; GS-testa kvigene som skulle inseminerast, og dei vaksne kyrne som rådgjevaren meinte me burde teste. Så kom 2018. GS-verdien blei brått ein heilt anen. Me måtte vite kven me skulle ta vare på og ikkje. Tidlegare hadde me teke vare på alt, sjølv om GS-verdien sa noke ana. Me måtte teste det sjølv. Og GS-verdiane hadde rett. Nå blir det teke prøve av kvigekalvane inna ei veke. Tek fremdeles vare på alt, men nå brukar me kjøttfè på dei dårlegaste. Dermed blir ikkje dei genene med vidare. På noken av dei beste brukar me kjønnsseparert. Grunnen til at me ikkje brukar REDX på alle er at det frå Geno si side er interessant med stut-kalvar òg. Sjølv om det er vanskelegt å ikkje bruke REDX på alle dei beste, så skjønnar me godt argumentet. Har hatt noken diskusjonar med rådgjevaren på dette.

Avlsarbeidet har gjett resultater

Det mangeårige avlsarbeidet har gjett resultat. Avlsverdiane har hatt ei god auke. Genetikken har blitt så interessant for Geno at me har levert kalvar dit. Fire kviger og ein stut. Den seiste kviga nå i vinter. Kalven er resultatet og det er vårt stell som legg grunnlaget for at kviga ein dag skal bli ei produktiv, fruktbar og frisk kyr.

Apropos framtida. Me får til tider spørsmål om det er noken av ungane som kan tenke seg å bli med i drifta og/eller overta. Eit stort spørsmål. Eit spørsmål med stort ansvar. Kva er drivkrafta? Har me bygd opp drifta for at noken skal overta, eller for vår egen del? Drivkrafta må ein finne inne i seg sjølv.