Vinn-vinn eller tap-vinn?
Økonomi og utslepp av klimagassar ved aukande mjølkeavdrått pr. ku.
I eit forskingsprosjekt Tine deltek i saman med Samfunns- og næringslivsforskning, Nibio, NLR og Nortura har vi rekna på økonomi og klimautslepp ved ulik mjølkeavdrått. Det blir ofte hevda at høg avdrått pr ku er eit såkalla vinn-vinn tiltak som gjev betre økonomi og lågare utslepp av klimagassar pr produkteining. I denne artikkelen testar vi om denne tommelfingerregelen gjeld i alle høve, eller om det kan oppstå tap-vinn og vinn-tap situasjonar avhengig av forholda på bruket.
Føresetnader
I Buskap nummer 5 gjorde vi greie for ein modell av ein gard for å samanlikne lønsemda i konvensjonell og økologisk drift, og i denne artikkelen brukar vi den same modellen og det same eksempelbruket, sjå faktaramma på side 120. Som mål på utsleppsintensitet brukar vi kilo CO2 - ekvivalentar pr. kilo protein produsert i kjøt og mjølk, i staden for pr megajoule energi produsert. Kjøt inneheld meir protein enn energi pr. 100 gram vare enn mjølk, og ved å måle utslepp pr. kilo protein kjem kjøt såleis litt betre ut i samanlikninga. I klimagassberekninga tek vi med storparten av utsleppa, det vil seie dei delene som er knytte til dyr, kraftfôr, husdyr- og handelsgjødsel, elektrisitet og diesel, men ikkje utslepp knytte til til dømes bygningar og maskiner. Som mål på økonomien brukar vi samla dekningsbidrag inkludert tilskott.
Effekt av auka mjølkeavdrått når alle oksekalvane vert selde til liv tre månader gamle
I figur 1 ser vi på økonomi og utslepp ved ulike avdråttsnivå når alle oksekalvane vert selde til liv ved tre månaders alder.
Langs den grønne lina i figur 1 ser vi på den venstre y-aksen korleis dekningsbidraget utviklar seg. Etter kvart som avdråtten pr ku aukar langs x-aksen, aukar deknings- bidraget. Ved 6 000 kilo i avdrått fyller ikkje bruket mjølkekvoten sjølv om alle kuplassar er i bruk, og dekningsbidraget aukar mot høgre etter kvart som bruket fyller ein større og større andel av kvoten. Dekningsbidraget når maksimum med om lag 2 147 000 kr i punkt A, som tilsvarar 8 500 kilo mjølk pr ku. I punkt A er alle kuplassar framleis i bruk, og bruket fyller mjølkekvoten. Frå punkt A og vidare mot høgre minkar dekningsbidraget. Årsaka er at ein treng færre kyr for å fylle kvoten, og færre kyr gjev lågare inntekt frå sal av livkalvar og kukjøt, og lågare produksjonstillegg. Dersom bonden ikkje vel å leige eller kjøpe kvote, blir det kuplassar og grovfôr til overs, og det overskytande grovfôrarealet blir leigd ut til 432 kr pr. dekar. Om mjølkekvoten vert auka vil avdråtten og dekningsbidraget halde fram med å auke òg utover 8 500 kilo, og punkt A vil flytte seg oppover mot høgre heilt til kvoten blir fylt.
«frå 6 000 kilo pr. ku til 8 500 kilo har vi ein vinn-vinn situasjon med betre økonomi og lågare utslepp»
Langs den oransje lina i figur 1 ser vi på den høgre y-aksen korleis klimagassutsleppa utviklar seg ved aukande avdrått. Utsleppa pr. kilo protein produsert minkar over heile avdråttsintervallet, men nedgangen blir litt mindre frå 8 500 kilo og oppover, fordi produksjonen av kukjøt minkar. Oppsummert kan vi seie at frå 6 000 kilo pr. ku til 8 500 kilo har vi ein vinnvinn situasjon med betre økonomi og lågare utslepp. Frå 8 500 kilo og oppover har vi derimot ein tap- vinn situasjon med dårlegare økonomi, men med lågare utslepp pr. kilo protein.
«Ein tommelfingerregel om vinn-vinn kan såleis ikkje brukast overalt alltid.»
Effekt av auka mjølkeavdrått når oksekalvane blir fôra fram til slakt
I figur 2 ser vi på økonomi og utslepp når oksekalvane blir fôra fram til slakt på garden.
Langs den grønne lina i figur 2 ser vi ei tilsvarande utvikling som i figur 1. Dekningsbidraget aukar jamt med aukande avdrått, og punkt B tilsvarar punkt A i figur 1 der mjølkekvoten blir fylt ved ein avdrått på 8 500 kilo. Men med framfôring av oksekalvane held dekningsbidraget fram med å auke, rett nok svakare, heilt opp til punkt C, der dekningsbidraget er 2 301 000 kr og avdråtten 9 500 kilo. Årsaka er at medan nokre oksekalvar vart selde ved tre månaders alder når avdråtten var lågare, trengs det no færre kyr for å fylle kvoten. Færre kyr gjev overskot av grovfôr som no kan nyttast til å fôre fram alle oksekalvane til slakt. Frå 8 500 til 9 500 kilo vert inntektsnedgangen på grunn av færre fødde kalvar såleis meir enn kompensert ved at alle oksane blir fòra fram til slakt. Frå punkt C og vidare mot høgre minkar dekningsbidraget, og årsakene er dei same som i figur 1, med tillegg av at det blir færre oksekalvar tilgjengeleg for framfôring.
Vinn-vinn med eitt unntak
Den oransje lina i figur 2 syner ei tilsvarande utvikling som i figur 1, bortsett frå at utsleppa pr. kilo protein er litt høgare på grunn av framfôring av oksekalvane til slakt. Utsleppa minkar over heile avdråttsintervallet, med unntak av intervallet mellom 8 500 og 9 500 kilo, der produksjonen av oksekjøt aukar. Over 9 500 kilo minkar kjøtproduksjonen frå både kyr og oksar, og nedgangen i utslepp held fram som i figur 1. Oppsummert kan vi seie at frå 6 000 kilo pr. ku til 8 500 kilo har vi ein vinnvinn situasjon med betre økonomi og lågare utslepp, medan frå 9 500 kilo og oppover har vi ein tap- vinn situasjon med dårlegare økonomi, men med lågare utslepp. I avdråttsintervallet 8 500 kilo til 9 500 kilo syner utsleppa pr kilo protein ein svak auke, det vil seie vi har ein vinn-tap situasjon. Om bruket hadde hatt kjøpt inn ekstra oksekalvar, ville denne trenden frå 8 500 kilo mjølk til 9 500 kilo mjølk halde fram heilt til bruket ikkje lenger hadde plass til å fôre opp fleire oksekalvar.
Ikkje alltid vinn-vinn
Døma våre syner at for å oppnå vinn-vinn må ein ta omsyn til forholda på bruket. Ein tommelfinger- regel om vinn-vinn kan såleis ikkje brukast overalt alltid.
Eksempelbruket
Gardsmodellen vel den driftsmåten som gjev høgast mogleg dekningsbidrag inkludert tilskott ved å variere avdråttsnivået for kyr frå 5 000 til 12 000 kilo, og oppfôringstida for oksar frå 3 til 19 månader. Eksempelbruket er konvensjonelt og har 280 dekar dyrka jord og 70 dekar beite og ligg på Jæren. Mjølkekvoten er 274 000 liter, med plass til 36 mjølkekyr pluss fullt påsett, og grovfôravlingen tilsvarar 700 fôreiningar pr dekar dyrka jord. Jord som ikkje vert brukt kan leigast ut til 432 kr pr. dekar. Økonomitala byggjer på jordbruksavtalen 2023/2024, og fôrplanane er laga i Norfor.