Tema: Kalv

Kan du redusere kalvetapet?

I mange besetningar er det ein del å hente på gode rutinar for å skjønne når kua skal kalve og ta hånd om kalven. Legg ned litt jobb like før og under sjølve kalvinga. Det har du att for seinare i kalveperioden, særleg med tanke på sjukdom og død.

Randi Therese Garmo

Spesialrådgiver/veterinær i Tine

Kyr med slakke kalvingsener som kalva dagen etter bilda blei teke.

Foto: Randi Therese Garmo

Fyrst, har du båsfjøs så reknar eg med at du veit kalving på bås ikkje skal skje lenger. Har du lausdrift så skal au kalving skje på kalvingsbinge. Ein ganske sikker veg for kalven til å dø tidleg, eller i beste fall berre bli sjuk, er å bli født i lausdrifta. Legg til rette for stressfri kalving for kyrne dine. Dette er særleg viktig for kvigene. Få ku/kvige på binge til kalvinga startar så dei får fred for «hjelpsamme venninner».

Drektigheitstid

Figur 1. Okse med indeks for drektighetslengd på ca. 140. Kalven kan ventast om lag 5 dagar før forventa kalvingsdato.

60

70

80

90

0

110

120

130

140

Drektighetslengde far til kalv 138

Lang

Kort

Drektighetslengde far til ku 93

Lang

Kort

Etter kalving må kalven drikke råmjølk så raskt som muleg!

Foto: Inger Lise Ingdal

Gjennomnittleg drektigheitslengd på NRF er gjeve til 280 dager, men mange kalver før den tid.

Foto: Rasmus Lang-Ree

Når kan ein forvente at kua kalvar, anna enn om lag 280 dagar etter inseminering? Sjekk tekstboksen til høgre på teikn for nær foreståande kalving. NRF-oksane har indeks for drektigheitslengd i oksekatalogen og for kvar 10 poeng auke kan ein rekne med 1,2 dagar i gjennomsnitt kortare drektigheitslengd for eigenskapen «far til kalv». Det betyr at okse med indeks på 140 gjev i gjennomsnitt 5 dagar kortare drektigheitslengd. Om oksen er brukt på kvige kan du rekne med ytterlegare 2 dagar kortare. For drektigheitslengd «far til ku» er det 0,4 dagar reduksjon for kvar 10 poeng auke i indeksen.

Okse 12316 Nergarden -P har høgast indeks på drektigheitslengde av oksar brukt hauste 2023. Kan forvente kalving omtrent 5 dagar før tida på 280 dagar.

Størst risiko under og første tida etter kalving

Mykje av kalvetapet skjer under kalving, like etter kalving, og dei første dagane i kalven sitt liv. Det er viktig å unngå kalvingsvanskar på kviger og kjøttfe bør generelt frårådast. Unntak er enkelte angusoksar anbefalt i oksekatalogen på godt utvikla kviger, sjå artikkel i Buskap 1 2024 om innkryssing av andre raser på NRF-kviger og kalvingsvanskar (sjå buskap.no->søk: Kalvingsvansker hos NRF-kviger bedekt med kjøttfe).







Figur 2.Tidleg kalvedød, kvigekalvar.

Kilde: Kukontrollen

Figur 3: Tidleg kalvedød, oksekalvar.

Kilde; Kukontrollen

Teikn på nær foreståande kalving

  • Drektigheitslengd 278 dagar i snitt NRF (se side 20 for justerte drektighetstider for NRF): Temperatur, årstid, kjønn, tvilling, farrase, laktasjonsnr. (kviger ca. 2 dagar kortare)

  • Jurfylling av råmjølk: 7-14 dagar

  • Større fødselsåpning: 1-4 dagar

  • Slappe sener rundt halen: 12-24 timar

  • Temperatur ned 0,5-1°C, men rektaltemperatur mellom kyr kan au variere

  • Slim kjønnsåpning: 1 dag og litt meir før, «propp» nær kalving

  • Høg hale: ca. 4 timar

  • Matlyst mindre siste dag og «gjemmer» seg

  • Spente, fylte «fluffy» spener nær kalving og eventuelt lekkasje

Figur: 5. Navleinfeksjon, leddinfeksjon, diaré og luftvegsinfeksajonar

Generelt ved sjukdom

Generelle teikn på sjukdom hjå kalv: Slapp, vil ikkje drikke eller drikker seint og lite – tiltak må iverksettast!

Navleinfeksjon

  • Teikn: øm navle, forstørra navle, og eventuelt opptrukken buk

  • Spraye streng raskt

  • Spraye dagen etter fødsel au

Leddinfeksjon

  • Teikn: halt eller stiv kalv med eventuell hevelse iledd

  • Viktig med tørt og mjukt underlag

Diaré

  • Teikn: laus avføring, tilgrisa rundt endetarm og hale

  • Hygiene mjølkeutstyr og oppbevaring av mjølk

  • Kalven må få mjølk + elektrolyttblanding

  • Skal ikkje vera dagelegdags

Luftvegsinfeksjon

  • Teikn: hoste, rask pust, slapp

  • Hatt diaré fyrst?

I figur 2 og 3 ser ein fordeling på kjønn og fylke for 2023 når det gjeld tidleg kalvedød og er delt inn i daufødte og kreperte kalvar. Det er noko spredning på fylkesnivå og det skulle vera muleg å redusere andel daufødte og kreperte kalvar i enkelte deler av landet.

På besetningsnivå er det stor variasjon på totalt kalvetap innanfor 180 dagar. Om lag 1 250 besetningar hadde ikkje tap av kalv i 2023, og i mange besetningar er tapet lågt. Men vi har au urovekkande høge tal for om lag 370 besetningar med kalvetap > 20 prosent. Gjennomsnittet for landet er på om lag 8 prosent.

Råmjølk og sjukdom

Tabell1. Delindikator kalv hjå ei besetning med ein del sjukdom.

Beskrivelse

Verdi

Antall kasta/aborterte kalver

0

Antall dødfødte kalver

3

Antall døde kalver (kreperte/selvdøde)

10

Antall avliva kalver

0

Antall behandlinger kalv

40

Indikator-bidrag kasta/aborterte og dødfødte kalver

0,3

Indikator-bidrag døde og avliva kalver

-3,0

Indikator-bidrag behandla kalver

-3,0

Tabell 2. Kalvehelse kalv under 180 dagar (same besetning som i tabell 1). Ulikt antall daude kalvar skuldast at Kukontrollen blir oppdatert dagleg og DVI ein gong i månaden.

Kalvehelse (kalv under 180 dager)

Data fra Kukontrollen siste 12 måneder

Kalvens mor

Kalvens kjønn

Helsehendelser

Antall tilfeller

Fødte kalver

Antall

1.kalvsku

Eldre ku

Okse

Kvige

Født i alt

74

23

51

32

42

Luftinfeksjon / hoste

8

Dødfødt*

3

3

0

2

1

Diaré

29

Krepert**

0

0

0

0

0

Leddinfeksjon

0

Sjøldau/avliva

18

7

11

6

12

Navleinfeksjon

2

Registrerte avhorninger

25

Kollete kalver

0

* Kalven er dau ved fødsel, eller kreperer i løpet av de første 24 timer

** Kalven er levende født og kreperer mer enn 24 timer etter fødsel, men før kuas første mjølkeveiing etter kalvinga

Figur 4. Vanlegaste diagnosar hjå kalv i 2022.

Kilde: Kukontrollen.

Så kjem ein ikkje unna råmjølksmaset denne gongen heller. Viser til artikkel Buskap 1, 2024 «Den livsviktige råmjølka» for meir detaljer om råmjølk (sjå buskap.no -> søk: Den livsviktige råmjølka). Generelt gjeld det å få i kalven råmjølk så raskt som muleg etter fødsel. Om du har tilfelle av navleinfeksjon og leddinfeksjon i besetninga di, så er det dessverre teikn på for lite råmjølk eller for dårleg kvalitet attåt miljøfaktorar ellers. Navle og/eller leddinfeksjon oppstår forholdsvis raskt, ratt innan ei vekes alder. Tidleg diaré er au sett i samanheng med råmjølktilførsel, og ofte etter diaré kjem luftvegsinfeksjon på same kalven. Har du problem med sjukdom på kalvane, så fokuser på råmjølk og spraying av navlestreng like etter kalving og miljøet elles, samt god mjølkefôring dei fyrste vekene. Igjen, navlen er ein viktig inngangsport for bakteriar og vidare spreiing til blant anna ledd. Det er betre å ringe dyrlegen ein gong for mykje enn ein gong for lite. Tidleg behandling kan betre sjukdomsforløpet for mang ein kalv! Til dømes ikkje vent med ein kalv du mistenker leddinfeksjon hjå, for ratt er leddet blitt hardt skadd og det kan ende med avliving i staden for full rekonvalesens.

Statistikk sjukdomsbehandling

Ettersyn av unge kalver på sommerbeite er en viktig oppgave.

Foto Solveig Goplen

Det er mest behandling mot luftvegsinfeksjon, deretter mage/tarmbetennelse, leddsjukdom og navleinfeksjon, sjå figur 4.

Sjukdom og død i di besetning

Undrer du på korleis det har gått med eigne kalvar siste året, så sjekk Dyrevelferdsindikatoren og/eller Helseattest Buskap på medlem.tine.no. Der får du ei fin oppsummering av kalvar født, dødfødte, kreperte/sjøldaue og avliva siste året. Her finn du fordeling av kalvingar på kviger og kyr og kjønn på kalven. Du finn au oversikt over behandlingar for dei vanlegaste sjukdommane hjå kalv.

Tør du å ta eit djupdykk og rekne ut tapsprosenten din?

Tegning: Sunniva Anette Hunskaar Tajer