Tema: Kalv

Frå dyrlegens kvardag

Enkle grep for god kalvehelse

Etter 20 år som dyrlege ute på gardane, trur eg at eg har sett «heile spekteret» frå dårleg til svært godt kalvestell. I denne spalta vil eg peika på enkle faktorar som alle får til, og som kan vera med å gi kalvehelsa eit løft.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

God start på livet: Det er svært godt å ha rikeleg med halm som underlag i kalvingsbingen, men også i kalvebingane. Her er nyfødde tvillingar som kom til verda i ein tørr, rein og mjuk kalvingsbinge.

God helse og trivsel på kalvane er viktig for heile drifta på garden. Friske kalvar som veks godt, produserer meir mjølk som vaksne kyr og vert tidlegare slaktemodne som oksar enn kalvar som har vore sjuke. I tillegg er det viktig for trivselen til bonden at kalvestellet går godt.

Liggja tørt og lunt på halm

Eg likar veldig godt at kalvane får liggja tørt og lunt på halm i kalveboksane. Alle bør vurdera å kjøpa seg ein eller fleire buntar med halm for å ha til liggjeunderlag for kalvane. Halm er også veldig fint å ha i kalvingsbingar, slik at det er så reint som råd der kalven vert fødd. Viss mange produsentar går saman om å bestilla halm, vert ikkje dette nokon stor ekstrakostnad med tanke på frakt.

Råmjølk

Me kjem ikkje unna råmjølk når temaet er kalvehelse, og eg trur dei fleste har fått med seg at råmjølk av god kvalitet raskt etter fødselen er viktig. Når besetningane vert større, og det er mange dyr på avgrensa areal, er det ikkje til å unngå at smittepresset aukar. Antistoff som kalvane får i seg i råmjølka gir eit godt vern mot infeksjonar i tillegg til at mjølka gir kalven energi både til å veksa, men og til å stå imot infeksjonar. Kalvane kan ikkje få for mykje råmjølk, det er berre å gi dei så mykje dei klarer å drikka i fyrste målet. Viss kalven ikkje vil drikka sjølv, så bør alle kunne leggja inn ein sonde og renna i kalven råmjølk rett etter fødsel.

Nok mjølk av god kvalitet

Kalvar som veks godt, toler å vera i eit miljø med ulike smittestoff. Kalvar som ammar drikk mykje mjølk fordelt utover heile døgnet, men det har også vist seg at viss drikkehastigheita ikkje er for stor, kan ein gjerne gi NRF-kalvar 4 liter mjølk to gonger om dagen. Smokkar må derfor skiftast ut regelmessig, for viss holet i smokken vert for stort, renn mjølka for fort inn i løpen på kalven.

Mjølka må og vera av god kvalitet. Bakteriar formeirar seg svært fort i romtemperert mjølk, og viss mjølk skal stå over frå eitt mål til det neste, bør den kjølast ned. Det kan vera ein hugseregel at ein ikkje skal gi kalvane noko som ein ikkje synest er appetittleg sjølv.

Vatn, kraftfôr og grovfôr

Her er kalvane gruppert etter alder, og det er 5 kalvar i kvar binge. Alle har tilgang på reint vatn, ferskt kraftfôr og høy. Her er det ein som er framme og et, medan dei andre ligg og slappar av på halmen.

Kalvane bør og få tilgang på vatn, kraftfôr og grovfôr frå dei er nokre dagar gamle. Dette må også heile tida vera appetittleg og skiftast ut dagleg. Små kalvar må få vatn av bøtte eller drikkekar, det har vist seg at dei drikk for lite av drikkeniplar.

Gruppesamansetjing og godt reinhald

Det kan vera lurt å unngå for store grupper, 4–6 kalvar i ein binge kan vera passeleg. Aldersspreiinga bør heller ikkje vera for stor i gruppa, for då kan lett dei minste kalvane bli taparar i høve dei eldste. Bingane må også ha godt reinhald, liggjeplattingen bør ha god helling slik at urin renn av, og det bør brukast rikeleg med strø. Ein bør også unngå trekk på kalvane og luftfuktigheita bør ikkje vera for høg.

Tilstrekkeleg E-vitamin og selen

Eg har vore i besetningar der dei gjer «alt rett» og likevel får problem med til dømes ledd- navleeller lungebetennelse. Det er vanskeleg å seie kva som er årsaka, men eg trur at me kan få for låge nivå av E-vitamin og selen både i siste del av drektigheita og i råmjølka. E-vitamin og selen er med og styrkar motstandskrafta mot sjukdommar. Her i Sogn har me mykje haustkalving, og siste del av drektigheita er kyrne ofte ute på fjell- eller utmarksbeite, og nivået av selen er kjent for å vera lågt i jordsmonnet. I slike tilfelle, kan det vera verdt å gjera eit forsøk med å til dømes leggja inn bolus som inneheld E-vitamin og selen eller å gi tilskot på andre måtar. For mykje E-vitamin og selen er ikkje bra, så det er svært viktig med rett dosering.

Vaksinering

Det finst også vaksine mot nokre av dei vanlegaste diare- og luftvegsinfeksjonane på kalv, og desse kan vera aktuelle å prøva viss ein er mykje plaga. Sjølv har eg lite erfaring med desse, men eg har prøvt vaksinering mot diare. Denne vaksinen var kostbar, men den hjelpte mot diare på kalvane.