FÔR/FÔRING

Forsøk med gjenbrukt urea som gjødsel i eng

Urea blir nytta ved produksjon av fiskeoljar til menneskemat. Her sit ein att med eit reststoff som inneheld urea, og årleg blir det produsert meir enn 1 400 tonn tørt reststoff i Noreg. Kan dette blandast i blautgjødsel og spreiast på eng?

Tekst og foto:
Olav Martin Synnes

Tidligere rådgiver i NLR

olav.martin.synnes@mimer.no

Biletet frå midten av mai, kort tid etter spreiing. Ein skimtar så vidt seks ruter med noko forbigåande sviskade. Godøya ligg like vest for Ålesund sentrum. Ein ser fjellet Sukkertoppen i Ytre bydel.

Urea er ein mykje nytta nitrogengjødsel i mange land. Urea G, eit reststoff frå fiskeoljeproduksjon, inneheld tilnærma 31 prosent nitrogen (N). I tillegg finst 20 prosent fiskeoljar, litt alkoholar, med meir. Fire forsøk på Godøya åra 2020- 2023 var lovande. Samstundes blir det understreka at god utnytting av Urea G krev rett framgangsmåte.

Kan oppnå nær same avling som anna N-gjødsel

Ved tilsetting av ekstra svovel og ureasehemmar er det mogleg å oppnå nær same avling som med andre typar N-gjødsel. Urea bør blandast i blautgjødsla kort tid før spreiing. Ekstra svovel (S) er tilført som lett tilgjengeleg «sulfat». I 2022-2023 vart det også nytta konsentrert «elementært svovel», både granulert og finmale. Resultat frå 2020-2022 finst i Buskap 2, 2023 (sjå buskap.no->søk: Urea frå fiskeolje-industrien som gjødsel i eng).

Oppsummering forsøk 2020-2022

Langtidslagring av urea i blautgjødsel, 2-4 veker før spreiing, gav avlingstap og forbigåande sviskade. To ruter med langtidslagra urea til venstre, med gul farge. Årsaka er truleg opptak av ammoniakk i bladoverflata. Til høgre rute med grøn farge. Her vart urea blanda i gjødsla like før spreiing.

Aukande mengde Urea G i blautgjødsel gav auka avling. Som venta var det positivt utslag for tilsetting av ekstra svovel, i form av kiseritt eller svovelhaldig N-gjødsel. Tilsetting av ureasehemmar ved spreiing auka utnyttinga av N i Urea. Rein fiskeolje blanda i vatn, førte ikkje til veksthemming. Fiskeoljen i Urea G hemmar neppe plantane. Stripespreiing gav tilnærma same avling som breispreiing.

Det vart nytta «låg», «middels» og «høg» mengde Urea G, saman med 2,5 + 1,5 tonn blautgjødsel/dekar, altså 4 tonn per sesong. Låg mengde Urea G tilsvarar 10 + 5 kg Urea G/dekar, middels mengde 20 + 10 kg/dekar, og høg mengde 40 + 20 kg/dekar.

Tidlegare forsøk syner at innhaldet av kalium i grasplantar bør vere minst 20 gram/kg tørrstoff for å oppnå full avling. Innhaldet av S (svovel) bør vere minst 2,0 gram/kg tørrstoff. Tilførselen av K (kalium) var tilstrekkeleg på dei fleste ledda. Ledd med granulert elementært S har «noko lågt» innhald av S. Vi er usikre på om granulerte og konsentrerte svovelprodukt, som til dømes «WIGOR-S» løyser seg raskt nok ved spreiing på overflata i tørt kaldt ver. Kanskje bør det løysast i vatn eller blautgjødsel, i god tid før spreiing?

«god utnytting av Urea G krev rett framgangsmåte»

Oppsummering forsøk 2023

Det vart nytta «middels» mengde Urea G i siste forsøket , 20 + 10 kg/dekar (vår og etter første slått). Små avlingsskilnader mellom ulike ledd, oppdagast lettare ved moderat gjødsling enn ved sterk. Det var ikkje sikre skilnader i avling mellom dei tre ulike typane S-gjødsel. Som i 2022 gav granulert elementært S gav litt lågare innhald av S i plantane, enn finmale elementært S eller sulfat-S.

Blanding av Urea G i blautgjødsla 4 veker før vårspreiing, og 2 veker før spreiing etter første slått, førte til sikker nedgang i avling, både ved 1. og 2. slått. Innblanding av ureasehemmar vart gjort samstundes med innblanding av Urea G eller same dag som spreiinga. Det var usikker verknad av ureasehemmar. Det samsvarar med råd frå produsent, som reknar med inntil to veker verknad etter blanding i gjødsla.

Langtidslagring av Urea G i blautgjødsel, gav forbigåande sviskade hos plantane. Symptom tyder på opptak av ammoniakk direkte i blada. Bakteriar i gjødsla omlagar urea til ammonium-N og deretter nitrat-N. Ammonium kan bli omlaga til ammoniakk, med tap av N til luft. I tillegg kan direkte opptak i blad gi forbigåande sviskade og veksthemming.

På ledd der Urea G og ureasehemmar vart blanda i blautgjødsla same dag som spreiing, var det ingen sviskade. Blautgjødsla på dei ulike forsøksledda var lik. Konklusjonen er at langtidslagring av urea i blautgjødsel fører til svakare utnytting av N. Ureasehemmar kan ikkje motverke desse tapa.

God verdi av urea g i blautgjødsel

Urea G kan ha god verdi på overflata av eng, blanda og spreidd med blautgjødsel. Tilsetting av svovel og ureasehemmar betrar utnyttinga og minskar tap til luft. Best utnytting oppnår ein ved å blande urea og ureasehemmar i blautgjødsla få dagar før spreiing på eng. Langtidslagring av urea i gjødsla aukar tap av ammoniakk til luft, og aukar risiko for forbigåande sviskade.

Det var ingen sikre skilnader i avling mellom tre ulike typar svovelgjødsel. Det var ein svak tendens til at granulert elementært S gav noko lågare innhald av S i plantane.

«nær same utnytting og avling som for anna N- haldig mineralgjødsel»

Låge til middels mengder tryggast

Odd Christian Stenerud.

Foto:Privat.

Ved rett framgangsmåte - god blanding, jamn spreiing med blautgjødsel, og høvelege verforhold - kan ein oppnå nær same utnytting og avling som for anna N-haldig mineralgjødsel. Resultata tyder på at «låge til middels» mengder urea kombinert med anna mineralgjødsel med N og S er tryggast med tanke på god utnytting og avling. På bruk der blautgjødsla ikkje dekkjer trongen for kalium, kan ein nytte fullgjødsel, med N,P,K og S, i staden for NS-gjødsel.

Det har vore knapp tilgang på N-gjødsel på marknaden. Prisane er høge. Mykje gjenbrukt urea har blitt frakta frå Vestlandet til bruk i kornåkrar i til dømes Sverige. Det bør vere interessant å nytte denne ressursen også på engareal nærare produksjonsstadane.

Hogstein Agro

Urea G blir markedsført av Hogstein Agro AS. Eier Odd Christian Stenerud er melkeprodusent og produserer 650 000 liter melk i året. Han forteller at han har brukt Urea G som eneste nitrogenkilde i tillegg til husdyrgjødsla i fem år med gode resultater. Videre mener han at bruk av Urea G vil spare 40 prosent av nitrogenkostnadene sammenlignet med bruk av mineralgjødsel i tillegg til husdyrgjødsel og redusere klimaavtrykket med 80 prosent. Hogstein Agro fikk forøvig Møre og Romsdal fylkes miljøpris i 2023.

Rapport

Sluttrapport frå forsøka med alle resultatet finner du her: www.hogsteinagro.no, og www.nlr.no.

Noen erfaringer med Urea G

Erfaringer fra noen brukere

Noen av de som har brukt Urea G har blitt spurt om sine erfaringer. Lars Bæverfjord i Bæverfjord i Surnadal, Åsgeir Olav Godø i Farstad i Hustadvika, John Myklebø i Svatsum i Gausdal og Rune Hansen i Vågåholmen i Rødøy har alle brukt Urea G i to år. De svarer at de har fått om lag samme avling som ved bruk av mineralgjødsel. Tre av dem bruker stripespreder og en breispreder, men ingen har observert sviskader. De tre som har sammenlignet fôranalyser svarer at de heller ikke ser noen forskjell på resultatene om det er brukt Urea G eller mineralgjødsel.