Frå dyrlegens kvardag
SJODOGG
Ein sommardag for nokre år sidan vart eg tilkalla til ein gard der fleire mjølkekyr fall kraftig i mjølkemengd og matlysta var dårleg.
Frilansar Buskap
Dyra var ute på beite om dagen, men inne i fjøsen om natta. Temperaturen på dei sjuke dyra låg mellom 40,5 og 41 grader celsius, dei var sløvare enn dei andre, var tomme i magen og jura var slappe. Sidan det var meir enn eitt dyr som var dårleg, måtte eg tenkja på om det kunne vore noko uheldig som mange var blitt utsett for. Når eg undersøkte juret på eine kua, så merka eg at mange store flåttar sat fast i overgangen mellom jur og lår. Ved nærare undersøking av fleire kyr, fann me mykje flått på alle saman, og me sette funn av store mengder flått i samanheng med sjukdom på dyra.
Feber og nedsett motstandskraft
Flåttangrep treng ikkje vera farleg, men flåtten kan vera berar av sjukdomsframkallande agens, og i dette tilfelle mistenkte me at kyrne hadde fått sjodogg som følgje av at flåtten hadde infisert dei med bakterien Anaplasma phagocytophilum. Denne bakterien gir høg feber, og den kan øydeleggja dei kvite blodcellene til dyr som vert infisert, og på denne måten reduserer den motstandskrafta mot andre sjukdommar. Kvite blodceller er ein viktig del av immunforsvaret, og når desse vert øydelagt, kan bagatellmessige infeksjonar bli farlege. Bakterien smittar ikkje direkte frå dyr til dyr, men vert overført med flåttbit. Hjort kan vera berar av denne bakterien, og i område med mykje hjort, kan det vera auka risiko for å få sjodogg på husdyra.
Behandling og førebygging
Me behandla dei sjuke dyra med febernedsetjande og smertestillande medisin i tillegg til antibiotika. For å prøva å førebyggja at fleire vart sjuke, behandla me alle dyra med Coopersect som er eit middel som gjer at flått ikkje festar seg på dyra, og flått som allereie har festa seg, døyr og fell av. Dette middelet har effekt mot flått i 4-6 veker, så det kan vera aktuelt å behandla dyra fleire gonger i løpet av sommaren.
I tillegg til å behandla dyra mot flått, kan det og vera aktuelt med beiterydding der ein tek bort kratt og skog som kan vera stader der det er fare for at mykje flått kan gå over på husdyra.
Etter denne hendinga har det blitt rutine å behandla dyra førebyggjande mot flått gjennom sommarsesongen, og dei har heldigvis ikkje hatt fleire tilfelle med sjukdom på grunn av flått.