Tema: fra bås til løsdrift

Fleksible lausdriftsfjøs

Har vi bygd det perfekte fjøs, og vil dette fjøset være like perfekt om 20 år? Tenkje du; «ja» er ikkje denne artikkelen særleg interessant for deg. Tenkje du; «ting endrar jo seg», kan dette være interessant lesing.

Tekst og foto: Knut-Olav Øvreeide

Fagleiar Bygg i Tine Rådgiving

knut-olav.ovreeide@tine.no

Eit "blankt ark", her er kun fôrbrett og robotgrav støypt. Men også roboten kan stå på spalt.

Vi er godt inne i første store vedlikehaldsrunde for robotfjøsa som var bygde rundt 2010. Robotleverandørane byr over kvarandre i innbyttekampanjar, og teknologisk utvikling som har skjedd siste 10-15 åra. Det er heller ikkje uvanleg at det har blitt 100 og 200 tonn meir i kvote enn det fjøset var planlagt for. Mange ser til nyare fjøs for inspirasjon når det skal gjerast ei så stor investering som eit robotbytte. Konklusjonen er ofte den same, det gamle fjøset er for trongt, nye fjøs har mykje betre plass til dyra, ei velferdsavdeling ser flott ut, eller kalven skulle vore meir i fokus. Men ein kan fort sjå mørkt på å pigge betong. Så korleis kan vi byggje eit fjøs som er tilpassingsdyktig, både til betre velferd og endringar i drifta?

Husdyrrommet som eit blankt ark

Ein metode kan være å etablere husdyrrommet som eit blankt ark, eller ein plattform om du vil. Med dette meina vi at fôrbrettet er støypt, medan resten av husdyrarealet er eit flatt spaltegolv med gjødselkjellar under. Opp på spalten møblera vi med liggebåsar og liggepallar i tre. Innreiinga blir skrudd i trevirke, eller festast i spalten med spalteanker. Med denne måten å innreie fjøset på treng ein kun ei skruemaskin, og gjerne ei kappsag, for å ominnreie fjøset slik som det skulle passe i framtida.

Enkelt å justere

Nokre positive moment å ta med seg er at fjøset kan enkelt justerast. Står ein stolpe på feil plass kan ein løyse den og flytte den. Ein kan flytte gangar i lausdrifta, endre på gruppestorleikar, og legge til eller trekke ifrå båsar utan at ein står att med tett golvareal. Ein står også friare til å prøve seg fram. Ein har kanskje lyst til å prøve tett liggeareal til oksar for å betre tilveksten, men ein er også bekymra for auka arbeidsbelastning og HMS. Då kan ein prøve med liggepall, og om det ikkje fungera kan ein ta vekk pallen og spaltene ligg klar under.

fjøset kan enkelt justerast

Kortare byggetid

Innreiing av husdyrrommet, her frå ungdyrbingane med liggebåsar. Arealet kan ominnreiast til liggepall, fullspalt til oksar, eller båsar til sinkyr.

Under bygging vil ein oppleve at byggetida kortast ned. Ein får lukka kjellaren kjapt slik at arbeidet på overbygget kan skje utan risiko for fallskadar. Ein trebås er også ein enklare konstruksjon, og bonden får større moglegheiter til å bidra sjølv, og redusere kostnadane. Det er ein ypparleg plass å bruke material frå eigen skog.

Ikkje fasiten for alle

Denne måten å tenkje på er ikkje fasiten for alle. Ein trepall har nødvendigvis kortare levetid enn betong. For at trevirke skal halde seg lengst mogleg bør det være luftig og tørt. Og om trevirke blir vått må det ha sjans til å tørke opp att kjapt. Difor snakka vi her om løysinga med gjødselkjellar, der det er luft, og moglegheit for sirkulasjon av luft under trekonstruksjonane. Dette vil då bety at fjøsar med flyterenner, skraperenner eller kanalomrøring kanskje er mindre aktuelle å kombinere med trebåsar. Vi veit heller aldri kva som skjer i framtida, og eit fjøs vil aldri kunne ta høgde for alle utfall.