Intervjuer/Reportasje

Ku/kalv -samværet øydela jurhelsa

Mange snakkar varmt om å la ku og kalv vera saman heile mjølkeperioden, og at dette er bra for både kua og kalven. Bente Axelsson og Ole Johan Norddal i Jølster i Sunnfjord har prøvt dette to sesongar, og dei vil frårå samværet på det sterkaste.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

Anderstunet i Sunnfjord kommune i Vestland

  • Bente Axelsson og Ole Johan Norddal

  • Mjølkekvote: 294 000 liter

  • Tal kyr: 45 årskyr, reinrasa jerseybesetning

  • Driv 240 mål innmark, eig sjølv 81 mål av dette. 110 mål kulturbeite, og om lag 1300 mål utmark

Aktuelle fordi dei deler dyrkjøpte erfaringar med ku/kalv-samvær

Kukalvsamværet øydela jurhelsa i denne store robotbesetningen. Det tek tid å få orden att på celletalet, men med systematisk og godt arbeid, vil det gå seg til att.

Bente Axelsson og Ole Johan Norddal, som begge er veterinærar, har vore mjølkeprodusentar sidan 1999 med opphald i fire år, og dei har alltid hatt stålkontroll på jurhelsa. Dei driv konsekvent etter «Godt jur-anbefalingane», har aldri hatt problem med celletal tidlegare, og dei har alltid levert elitemjølk fram til august 2023.

- Me trur at dei fleste som innfører ku/kalv-samvær i mjølkeproduksjon av ein viss storleik, vil krasja før eller seinare. Slikt samvær går ikkje saman med kvalitetskrava til å levera mjølk til meieriselskapa, seier Bente som har gjort sine dyrkjøpte erfaringar.

Slik situasjonen er no, slit dei fortsatt med skader i jur og celletal ute av kontroll fordi heile besetningen vart nedsmitta av den smittsame jurbakterien Stafylokokkus aureus. Dette er ein vanleg mastittbakterie som finst i dei fleste besetningar i større eller mindre grad.

«Slikt samvær går ikkje saman med kvalitetskrava til å levera mjølk til meieriselskapa»

Ynskte endring i kalvestellet

Dyrevelferda vert svært godt ivareteken i Anderstunet. Her kalvar kyrne i romsleg kalvingsbinge med halm, og kalvane får gå saman med mor i opp til 5 dagar.

Bakgrunnen for at dei ville testa ku/kalv-samvær, var at dette fekk mykje positiv omtale i media, samstundes som det kan sjå ut som om dette kan bli eit krav når ny dyrevelferdsmelding skal leggjast fram.

- Me ville testa dette ut i vårt opplegg samstundes som me ønskte å finna ein måte å fôra og holda kalvar på, som var både tidseffektiv og gav friske og robuste kalvar, fortel Bente.

Sjølv om kalvane hadde både god tilvekst og helse, var veterinærparet ikkje heilt fornøgd med kalvestellet slik det var; fôringsautomatane var vanskelege å få til å gi rett mengde mjølk, stellet var arbeidskrevjande og trivselen hjå kalvane kunne bli betre, syntest paret som stadig er på jakt etter forbetringar. For andre som er innom fjøsen, eller som har følgt Anderstunet på Facebook, har kalvestellet og trivselen til kalvane vore tilsynelatande heilt i toppskiktet.

Stort smittepress

Bente har tatt ut fleire 10-tals speneprøvar for å få oversikt over jurhelsa. Dette er ein stor kostnad, men ho ser heller på dette som ein del av det forebyggande helsearbeidet, og då tenkjer ho ikkje på kostnaden på dette. Ho brukar aktivt helsedata i kukontrollen som styringsverktøy i jurhelsearbeidet.

Hausten 2021 starta dei opp med ku/kalv-samvær, og det stod til forventningane i starten. Både kalvar og kyr såg ut til å trivast godt. Det einaste som var stressande var avvenjinga og det å skilja ku frå kalv når mjølkefôringsperioden var over etter 7 veker. Året etter starta problema med jurhelsa i august samstundes som dei starta opp att med ny bolk med ku/kalv-samvær.

- Kyr som tilsynelatande var låge i celletal kunne plutseleg fyka opp, fleire kyr blei både tre- og tospente på grunn av celletal og infeksjonar i spenar samstundes som ytinga fall, sukkar Bente.

Bente tok konsekvent ut speneprøvar i tråd med Godt jur – anbefalingane som tilseier prøveuttak ved alle mastittar (både akutte og milde), før avsining og kontrollprøvar av dyr behandla ved avsining. Funna på speneprøvane var nedslåande, ein svært stor andel av dyra var smitta med den smittsame jurbakterien Stafylokokkus aureus.

- Når kalvane får gå fritt saman med kyrne, bryr verken kyrne eller kalvane seg om kven som syg på kven, så kalvane er utruleg effektive til å spre smitte frå ku til ku. I tillegg startar ofte kyrne å gi ned når dei vert sugd på ein spene, og det vart ein del mjølkesøl i lausdrifta, fortel Bente.

Vidare vart det også både urin og avføring frå kalvane i båsane til kyrne, og dette kan også vera smittekilde for Stafylokokkus aureus.

Holda dei friske dyra friske

Bente peikar på «barnelærdommen» om ein klut per ku og mjølkingsrekkjefølgje som signaliserer at ein ikkje må dra smitte frå dyr til dyr, og med ku/kalv-samvær vert all denne gode gamle kunnskapen lagt til sides.

- Eg kan ikkje få presisert det sterkt nok at ku/kalv-samvær ikkje passar inn i mjølkeproduksjonen, seier Bente.

Det erfarne veterinærparet har hatt både sørvismann frå DeLaval og hygieneteknikar frå Tine med funksjonstest for å testa roboten, og den fungerer slik den skal, så mjølkeroboten har ikkje skuld i desse problema. Dei har også steam, dette er ekstrautstyr på roboten som gjer at spenekoppane vert spylt med varmt vatn mellom kvar ku, slik at ikkje mjølkeutstyret sprer smitte i besetninga.

Styringsverktøya for jurhelsa fell vekk

Robotmjølking er heller ikkje eigna til å vera i opplegg med ku/ kalv-samvær, for verktøya ein har til å måla mjølkekvaliteten passar ikkje i eit slikt opplegg. Både varslingar for Mdi, konduktivitet, mjølkingsintervall og ufullstendig mjølking vert daglegdags når kalvane går og syg. Parametrar som ein elles ville brukt til å holda kontroll med jurhelsa fell difor vekk når ein har dette opplegget, og følgeleg vert det ekstra vanskeleg å halda kontroll med jurhelsa.

- Me tek også kukontrollprøvar ein gong i månaden, og tidlegare var det sjeldan overraskelsar om kven av kyrne som låg høgt i celletal. No er det heilt vilkårleg; kyr varierer veldig i celletal, slik at det er nesten umogeleg å ta ut verstingane eller kronikarar, sukkar Bente.

Dette er typisk for Stafylokokkus aureus, denne bakterien er «periodeutskiljar », og kan til dømes blomstra opp viss kua av ein eller anna grunn vert stressa av heilt andre ting som til dømes brunst.

Ku/kalv-samværet poda heile besetningen med stafylokokkus aureus

Bente og Ole Johan dreiv med ku/ kalv-samvær fram til nyttår 2023. Då hadde celletalet nærast eksplodert, og dei hadde hatt 1. og 2.klassemjølk sidan august 2022. Av 17 enkeltspeneprøvar, var 10 positive for Stafylokokkus aureus. Det stod klart for dei at ku/kalv-samværet hadde poda heile besetningen med denne smittsomme, tapsbringande jurbakterien, og eit stort arbeid ligg framfor dei for å få orden på jurhelsa att.

- Me slit endå med skadene etter dette forsøket. Mange dyr er både to -og trespente og ytinga er redusert, fortel Bente.

«Me slit endå med skadene etter dette forsøket»

Dei var oppe i ein leveranse på 6 500 liter mjølk per årsku (Jersey) og hadde ambisjonar om å fortsetja slik eller auka dette. No har dei rykkt nokre steg tilbake, og ligg på 5500 liter levert per årsku.

Dyrkjøpte erfaringar

Eitt godt halvår seinare etter at ku/kalv-samværet er parkert, slit dei fortsatt med skadene dette har påført kyrne.

- Me må berre jobba målretta mot å komma tilbake der me var, for det tek tid å få jurhelsa tilbake til gamle takter. Me lyt også slakta ut ein del dyr som berre mjølkar på to spenar og dyr som er vorte «kronikarar» med høgt celletal, seier Bente.

Paret har trua på at dette skal ordna seg att, men dette har vore svært tapsbringande og kosta dei mykje ekstraarbeid og frustrasjon.

- Eg håpar at våre erfaringar kan vera med å visa at ku/kalv-samvær ikkje kan innførast som krav når ny dyrevelferdsmeldig skal leggjast fram, for dette går ikkje saman med kvaltitetskrava for å levera mjølk til meieria, seier Bente til slutt.

«Slike utstillinger er en viktig del av arbeidet vårt med folkeopplysning om et meget godt og fremoverlent norsk landbruk»

Messesesong

Høsten har banket på døra i flere deler av landet, og og det har vært sesong for messer og utstillinger. Geno har vært representert på Agrisjå i Stjørdal, Dyregod-dagane i Batnfjordsøra og Dyrsku`n i Seljord. Over 30 000 var innom portene i Stjørdal, Dyrsku` n kan slå i bordet med 89 500 besøkende og til tross for at værgudene ikke spilte på lag med arrangørene samlet Dyregod imponerende 16 000.

Disse arrangementene er et utstillingsvindu for norsk landbruk og en ypperlig anledning til å framsnakke norsk landbruk. Eller som Odd Einar Friheim skriver i sin rapport fra Dyregod: