Gjødslar me tidleg nok om våren?
Det er litt, men ikkje mykje å tena på å koma seg ut med mineralgjødsla tidlegare.
Forskar i NIBIO
asmund.kvifte@nibio.no
Forskar i NIBIO
Dei siste åra har ein del gardbrukarar vore ivrige med å køyra ut mineralgjødsla tidleg. Målet er at dette skal hjelpa plantane i gang, slik at dei får betre tid til å laga oss ei stor avling av god kvalitet. Frå 2018 til 2020 hadde NIBIO i samarbeid med Norsk Landbruksrådgjeving (NLR) feltforsøk der me testa ut om det var noko å henta på å koma tidlegare i gang.
Hjelpa plantane i gang
Når veksten tek til om våren, ynskjer me å hjelpa plantane i gang med litt gjødsel. Kanskje har kulda herja med plantedekkjet og ulike næringsstoff kan ha gå tapt i laupet av vinteren. Frosten kan sprengja i stykke planteceller, og nedbør – vinterregn eller snøsmelting – kan vaska vekk plantenæringa både frå plantar og jord.
Mineralsk nitrogen og svovel blir ofte vaska ut, og lettløyseleg kalium. Det vert ikkje vaska ut mykje syreløyseleg kalium eller fosfor. Desse næringsstoffa er sopass lite tilgjengelege at dei forsvinn mest om vatnet grev vekk jordpartiklar. På våren er det lite tilgjengeleg næring i jorda, mesteparten er låst i kjemiske bindingar eller i organisk stoff. Med litt varme kan jorda snøggare etterfylla med næring etter kvart som plantane tek opp det litle som er tilgjengeleg, men denne varmen kjem kanskje ikkje like tidleg som plantane kan byrja å skyta fart og veksa. Ved ei tidlegare vårgjødsling får plantane næring før jorda maktar å frigjera henne. Vårgjødsla må koma tidleg nok til at me får utnytta heile vekstsesongen, men ikkje so tidleg at næringsstoffa me gjødslar med går tapt til miljøet.
Risiko for avrenning
Gjødslar me for tidleg, og det kjem nedbør, er det fare for at ulike næringsstoff kan forsvinna med avrenninga. Mineralsk nitrogen kan òg verta denitrifisert og gå tapt som N2 eller lystgass, so lenge jordvatnet ikkje er frose. På Fureneset ytst i Sunnfjord går gjerne denitrifiseringa gjennom heile vinteren so lenge det finst nitrogen å bryta ned. Slik vil det vera i andre strok òg. Gjødslar me for seint, vil plantane få dårlegare vekst tidleg i sesongen, og me kan få ei avling som er mindre eller har dårlegare kvalitet enn ho elles kunne hatt.
Gjødslingsledd |
Turrstoff |
Råprotein |
Svovel |
Råprotein/ dekar |
Svovel/ dekar |
---|---|---|---|---|---|
Kg/dekar |
% av tørrstoff |
% av tørrstoff |
Kg/dekar |
Kg/dekar |
|
1 Berre husdyrgjødsel |
455 ± 24 a |
9,8 ± 0,3 a |
0,168 ± 0,003 a |
48 ± 0,04 a |
0,831 ± 0,043 a |
2 Tidleg gjødsling |
551 ± 22 c |
12 ± 0,3 b |
0,197 ± 0,003 b |
71,4 ± 0,05 b |
1,135 ± 0,049 b |
3 Normal gjødsling |
515 ± 21 b |
13 ± 0,3 b |
0,206 ± 0,004 c |
72,5 ± 0,05 b |
1,141 ± 0,046 b |
4 50 % N tidleg, resten normalt |
536 ± 23 bc |
12 ± 0,3 b |
0,2 ± 0,004 bc |
71,7 ± 0,05 b |
1,139 ± 0,048 b |
5 S og 50 % N tidleg, resten normalt |
549 ± 24 bc |
12,6 ± 0,3 b |
0,197 ± 0,004 b |
72,7 ± 0,05 b |
1,147 ± 0,048 b |
6 Inga gjødsling |
418 ± 18 a |
9,7 ± 0,3 a |
0,168 ± 0,003 a |
45,5 ± 0,04 a |
0,802 ± 0,04 a |
Ulike bokstavar syner at me kan slå fast at ledda er statistisk ulike. Det var for få felt med både husdyrgjødsel-ruter og ruter utan gjødsling til at desse går an å samanlikna.
Feltforsøk i heile landet
I samarbeid med NLR hadde NIBIO ein forsøksserie kor me såg på skilnadene mellom ei tidleg og ei meir normal vårgjødsling med mineralgjødsel. Me såg òg på om det var gunstig å dela mineralgjødsla i ein tidleg og ein sein dose. I denne forsøksserien jaga me ikkje vinteren for å sjå kor tidleg me kunne gjødsla før det går gale, men avgrensa oss til to ulike og relativt realistiske tider. Då bit me ikkje over meir enn me kan eta, og kan klara å konkludera nokon lunde sikkert.
I forsøksserien såg me på fyrsteslåtten i 29 ulike timotei-enger frå Helgeland i nord til Agder i sør, og frå aust til vest. Me gjødsla med mineralgjødsel slik at me tilførde 10 kg nitrogen og 1,4 kg svovel per dekar. På dei fleste felta gjødsla bonden som eigde enga med husdyrgjødsel òg. Det var fire ulike fordelingar av mineralgjødsla: Anten alt tidleg og før husdyrgjødslinga, alt normalt og etter husdyrgjødsla eller ei delt gjødsling. I tillegg hadde me ruter utan gjødsel og med berre husdyrgjødsel. Det varierte litt om me gjødsla med fullgjødsel eller berre med nitrogen og svovel.
Me såg berre på fyrsteslåtten. Kanskje hadde me lært meir av å sjå på alle slåttane, for ei større avling i fyrsteslåtten fører gjerne til ein mindre håslått. I eldre forsøk med tidleg vårgjødsling har tidlegare gjødsling gjeve ein større fyrsteslått, mindre håslått, og ei noko større årsavlinga samla.
Tidleg gjødsling hjelper litt
Resultatet synte at me får noko meir turrstoff ved å gjødsla tidlegare enn normalt – omtrent 35 kg av ein fyrsteslått på nett over 500 kg/dekar. Den delte gjødslinga gav avlingar som låg mellom all gjødsel tidleg og all gjødsel normalt Fôranalysar viste ikkje skilnad på kvaliteten av avlinga – korkje i kor mykje næring det var per kilo turrstoff eller kor mykje me klarte å hausta or målet. Einaste unntaket var svovelen, der det var noko meir svovel per kilo turrstoff dersom me gjødsla til normal tid (sjå tabellen for fleire avlingstal).
Som regel klarde me soleis å gjødsla tidsnok til at plantane fekk ei ekstra hjelp, men ikkje so tidleg at gjødsla gjekk til spille. Dette samsvarer i stor grad med tidlegare norske forsøk.
Tidlegare forsøk
I Noreg var det ein del forsøk med ulike gjødslingstider på 1970-talet og tidlegare. Ådne Håland hausta større avlingar då han gjødsla tidleg, både i Rogaland, Agder og på Fureneset. Det same gjorde Odd Hernes i Oppland og Hedmark på 1960-talet. Det var lite utslag i forsøka dei gjorde før krigen, men då gjødsla dei mykje svakare og heile drifta var ei anna enn ho me er vande med i dag. Irland har ein god månad tidlegare vekststart enn Jæren, og der synte forsøk frå 1980-talet at det var best å gjødsla i fyrste helvta av mars. Men forsøka synte òg at det var eit ganske stort tidsvindauge kor du kan gjødsla på våren og likevel få gode avlingar. Perioden er ganske lang om me berre ser på fyrsteslåtten, men vert endå større om me ser på båe dei to fyrste slåttane.
Tidlig mineralgjødsling har ikkje veldig mykje å seia
Det er gunstig å koma seg ut med mineralgjødsla tidlegare, men det har ikkje veldig mykje å seia. Kanskje er jorda lenge for våt til å koma seg utpå utan å få pakkingsskader, eller kanskje kolliderer ei tidleg vårgjødsling med anna gardsarbeid. Då er det lurast å venta. Men om det passar like godt å gjødsla no eller seinare, er det betre å taka det tidleg. Det er godt med alt som er gjort, og sannsynlegvis vert avlinga litt større av det òg.
Lekkje til rapporten: https://nibio.brage.unit.no/nibio-xmlui/handle/11250/2834999