Mjølkeroboten forandra livet
På garden Tistel i Vik i Sogn er tre generasjonar saman om gardsdrifta, og her er det stadig nye prosjekt og utbyggingar på gang. Det dei er aller mest fornøgd med er innsetjing av mjølkerobot i 2017.
Tistel, Vik kommune i Vestland
Marita og Per Langeland Tistel
Barn: Eirik (18) og Jonas (16)
Mjølkekvote: Eig 230 000 liter, leiger 30 000 liter
Fulldyrka areal: Eig 120 mål, leiger om lag 65 mål
30 årskyr
Fôrar fram 12 oksar, sel overskotskalvar til liv
Det driftige paret Per og Marita Langeland Tistel tok over garden i 2009. Foreldra til Marita, Kari Marie og Eirik Tistel er framleis aktive i det daglege arbeidet. Per er bonde på heiltid medan Marita jobbar utanom garden som reseptar på Vik apotek. Saman har dei investert og bygt om litt etter litt og resultatet ser veldig bra ut.
Mjølkeroboten tok bort eitt dagsverk
Frå før hadde familien lausdriftsfjøs med mjølkestall frå 1989, og for å få unna mjølkinga på ein grei måte så var det to personar som brukte to timar morgon og kveld på jobben. – Sagt på ein enkel måte, så tok mjølkeroboten bort eitt dagsverk og har samstundes gitt oss meir fleksibilitet, seier Per fornøgd. Mjølkegrava tok også opp ein del plass, og når den vart erstatta med robot fekk dei inn to liggjebåsar på same areal som før var mjølkestall.
Sesongprega drift
Drifta gjennom året er prega av ulike sesongar. For å gjera seg nytte av gode fjellbeite om sommaren og å tilfredsstilla mosjonskravet, vert mjølkekyrne avsina i juni og sleppt til fjells. I september startar den konsentrerte haustkalvinga tett etterfølgt av mykje kalvestell før insemineringa tek til att litt før jul. – Me har veldig fokus på insemineringa og legg ned mykje arbeid i å overvaka brunsten, seier Marita engasjert. Dette ser det ut som dei lukkast godt med sidan FS – talet jamt over ligg over 90. FS -talet står for fruktbarheitsstatus i besetninga og tal over 80 står for god fruktbarheit, tal mellon 40 og 80 er middels medan tal under 40 tyder på at fruktbarheita er dårleg. Ein må vera merksam på at i små besetningar kan talet svinga mykje og små justeringar kan gi stort utslag på denne indeksen.
Tårnsilo
Medan mange gjekk over til rundballar så valde familien her å satsa på tårnsilo. I 2005 sette dei opp ein glasfibersilo som er sju meter i diameter. Samstundes investerte dei i TKS- fylltømmar. – Fylltømmaren er ein god avløysar, seier Per fornøgd. Silofôret vert fylt direkte opp i ei skinnegåande fôrvogn som går over alle fôrbretta. Vogna må køyrast manuelt, men likevel gjer dette fôringa lettvint og utan tunge løft.
Solceller
I 2020 la paret solceller på taket på reiskapshuset, og dette anlegget skal produsera nok straum til 25 prosent av straumforbruket på garden. – For å gjera dette prosjektet lønnsamt, var me heilt avhengige av støtte frå Innovasjon Noreg, fortel Per. Han seier vidare at med 2020-prisar skulle anlegget vera inntent etter 15 år, men med dagens prisar vert innteninga raskare. Forventa levetid for solcellene er 40 -50 år.
Jobbar for god dyrevelferd og trivsel for folk og dyr
– Målet vårt er å produsera mjølk av god kvalitet kvar dag og at dyra fungerer og har det bra, seier Marita med eit smil. -Vidare må me ha gode resultat for at det skal bli litt igjen økonomisk, seier Per. Begge to har bakgrunn som agronomar. Per er utdanna politi medan Marita er reseptar. Dei har budd nokre år både i Bergen og Oslo, men med oppvekst på gard og interesse for gardsdrift, så var valet lett å flytta til Vik å ta over gardsdrifta. – Me ynskjer å ha dette som arbeidsplass i mange år framover, skapa gode kvardagar og bli litt og litt betre for kvar dag, avsluttar Marita.
Ynskjer å ha dette som arbeidsplass i mange år framover