Fôr

Høgre innhald av råprotein og PBV i årets grovfôr

I år har grovfôret høgre innhald av råprotein og PBV (proteinbalansen i vomma) enn dei førre to åra. Sjekk difor ut eige fôr og pass på at totalrasjonen ikkje kjem for høgt.

Ingunn Schei

Spesialrådgjevar i Tine

ingunn.schei@tine.no

Innhaldet av sukker er høgt på 2.slåtten i år. Det er bra for fôropptaket og feittprosenten. Høge verdiar kan gje utfordringar fordi sukker har rask nedbryting i vomma og vil gi høg vom-belastning.

Foto: Rasmus Lang-Ree

Generelt har det vore eit godt fôrår. Avlingane har for det meste vore veldig gode, sjølv om det enkelte plassar, særleg på sandrik jord, har vore tørt og mindre avlingar. Av større område så er det 2.slåtten på Austlandet som har merka mest til tørken. Motsett er det meldt om rekordavlingar hos enkeltprodusentar. Fin sommar har gitt bra innhaustingsforhold, og det ser vi att på tørrstoffverdiane som viser meir fortørka gras enn normalt. Det er no analysert omlag 8 000 prøver totalt så det bør gi eit godt grunnlag for å kunne sei noko om korleis fôrkvaliteten ser ut i vinter.

Høgt tørrstoff på 2.slåtten

Tabell 1 viser resultat av fôranalysane hittil i år for 1.og 2.slåtten på landsbasis. I fjor var det spesielt bra hausteforhold på 1.slåtten og det gav god fortørking og høgt tørrstoff, medan 2.slåtten var meir normal. I år er det omsnudd; 2.slåtten har tørrstoff på landsbasis på 38,3 prosent medan 1.slåtten er nesten nede på normalnivå med 34,4 prosent. Lågast tørrstoff er det i Vestland og Møre og Romsdal på 1.slåtten med verdiar på respektive 30,5 og 30,9 prosent. God fortørking (opp mot 40 prosent) er ønskjeleg fordi det gir dårlegare forhold for bakteriar; mindre gjæring og meir sukker. Dette gir god smak på fôret, høgre fôropptak og betre feittprosent i mjølka. Fortørkinga må gå raskt for å unngå tap av næringsstoff i graset medan det ligg på jordet. Dersom tørrstoffet blir for høgt gir det vanskelegare ensileringsforhold som lett kan gå ut over den hygieniske kvaliteten i fôret (mugg og gjærsopp). Fylka Viken, Innlandet, Vestfold og Telemark, og Agder har tørrstoffverdiar mellom 40 og 50 prosent på 2.slåtten og må vere spesielt obs på dette.

Etter fleire år med relativt låge råproteinverdiar så har det blitt eit hopp opp i år. Til mjølkekyr med høgt grovfôropptak bør PBV vere mellom 10 og 40 g/kg tørrstoff.

Foto: Rasmus Lang-Ree

Sukker og ammoniakk

Med godt fortørka gras (30-35 prosent) får vi mindre gjæringsprodukt og meir sukker i fôret. Generelt ser innhaldet av syrer greitt ut. Innhaldet av sukker er høgt på 2.slåtten, og det er bra for fôropptaket og feittprosenten, men variasjonen mellom prøvene er stor. Høge verdiar kan gje utfordringar fordi sukker har rask nedbryting i vomma og vil gi høg vom-belastning. Når det gjeld sukker så er det forskjellar på analysemetodane mellom laboratoria, og det kan gi relativt ulike resultat. Det er difor sett i gang arbeid i NorFor for å sjå på analysemetodane for sukker. Ammoniakk-innhaldet er relativt høgt, særleg på 1.slåtten, og det bør ein vere obs på. Også her er variasjonen mellom prøver stor, og det er viktig å sjekke ut at eige fôr held god kvalitet.

Figur 1. Gjennomsnittleg innhald av råprotein i fôrprøver av 1. og 2.slåtten på fylkesbasis hittil i år og samanlikna med i fjor.

Potensial for betre energiverdi

Det er ønskeleg at eit godt grovfôr til mjølkekyr har fordøyelegheit på minst 75 prosent og energiverdi på 6,30 MJ NEL20 eller meir per kg tørrstoff. Fôranalysane i år viser at innhaldet av NDF (fiber) er om lag som i fjor på 1.slåtten, medan fordøyelegheita av fôret (OMD) er litt lågare. Det har resultert i om lag same energiverdi (NEL20) som på landsbasis gir 6,04 MJ per kg tørrstoff. På 2.slåtten er energiverdien litt høgre enn i fjor, sjølv om OMD er lik, og det har gitt 6,06 MJ per kg tørrstoff. Dette kjem av litt høgre innhald av råprotein og sukker. Totalt sett er næringsverdien, bortsett frå råprotein, veldig likt i fjor, men det er stort potensial for å utnytte grovfôret betre ved å auke fordøyelegheita i fôret. Som i fjor er det også i år Rogaland som har det beste fôret på 1.slåtten (NEL20 på 6,31 MJ per kg tørrstoff), medan Troms og Finnmark ligg lågt i næringsinnhald, både på energi (NEL20 er 5,70 MJ per kg tørrstoff) og protein (råprotein 13,2 prosent). På 2.slåtten har derimot Troms og slått til med 6,21 MJ NEL20 per kg tørrstoff på dei første 35 prøvene analysert hittil i år. I disse prøvene er det høgt sukker (122 g/kg tørrstoff) og bra med råprotein, så det lovar godt foreløpig. På 2.slåtten har Viken, Agder og Vestfold og Telemark lågaste energiverdi med respektive 5,96, 5,97 og 5,98 MJ NEL20/kg tørrstoff.

Tabell 1. Gjennomsnitt, standardavvik (Std), samt lågaste og høgste analyserte verdi for næringsinnhald, gjæringskvalitet og fôrverdi på 1. og 2.slåtten hittil i år på landsbasis.

1.slåtten (4984 prøver)

2.slåtten (2856 prøver)

Gjennomsnitt

Std

Minimum

Maksimum

Gjennom-snitt

Std

Minimum

Maksimum

Tørrstoff (ts), %

344

109

151

787

383

124

156

799

Råprotein, g/kg ts

150

24

59

267

154

24

56

248

Løyseleg råprotein, g/kg råprotein

636

78

176

843

569

80

110

785

NDF, g/kg ts

521

41

349

668

492

35

352

626

Sukker, g/kg ts

69

39

2

270

91

46

1

260

Fordøyelegheit, %

71,3

3,6

48,8

84,0

72,2

2,8

59,3

83,1

Gjæringverdiar

Mjølkesyre, g/kg ts

46

20

1

117

44

22

1

124

Eddiksyre, g/kg ts

12

6

0

55

12

6

0

52

Ammonium-N, g/kg N

94

28

2

249

84

26

12

220

pH

4,5

0,3

3,5

7,4

4,6

0,4

3,6

7,0

Fôrverdi

Energi NEL20, MJ/kg ts

6,04

0,34

4,15

7,15

6,06

0,28

4,93

7,06

AAT20, g/kg ts

78

4

56

96

79

4

65

99

PBV20, g/kg ts

31

21

-51

142

32

22

-67

110

Sjekk proteininnhaldet

Etter fleire år med relativt låge råproteinverdiar på rundt 14 prosent både på 1. og 2.slåtten så har det blitt eit hopp opp i år. Gjennomsnittet hittil i år er 15,0 prosent på 1.slåtten og 15,4 prosent på 2.slåtten på landsbasis. Anbefalingane våre er 14,0-16,0 prosent råprotein/kg tørrstoff, så disse verdiane er såleis ideelle, men det er stor variasjon mellom fylke og endå større variasjon mellom produsentar. Det er difor viktig å følgje opp eigen gard og få tilpassa kraftfôrtype og -nivå uansett kva nivå ein ligg på. Figur 1 viser gjennomsnittleg råprotein på fylkesbasis på 1. og 2.slåtten samanlikna med i fjor. Dei fleste fylka, også etter gammal fylkesinndeling, har mellom 14,5 og 15,5 prosent råprotein på 1.slåtten. Det er berre Troms og Finnmark som har råprotein under 14,0 prosent (13,2 prosent), men dette er oppe på 15,1 prosent på 2.slåtten (berre 43 prøver). På 2.slåtten er det litt høgre verdiar, men Møre og Romsdal og Vestland skil seg ut med gjennomsnitt over 16 prosent råprotein. Det er nær samanheng mellom råprotein og PBV, og det ser vi også igjen på at PBV-verdiane i år er høgre enn dei førre åra. Til mjølkekyr med høgt grovfôropptak bør PBV vere mellom 10 og 40 g/kg tørrstoff for å sikre at vom-mikrobane får nok protein og for å få ei god utnytting av proteinet, samt unngå tap til miljøet. For høgt protein utgjer også ein helsebelastning for kua. For lågt råprotein og PBV gir dårlegare fiber (NDF)-fordøying og reduserer fôropptaket. Urea i mjølka er eit nyttig hjelpemiddel for å følgje med på utnyttinga av proteinet i vomma, men urea er vanskeleg å måle nøyaktig så det er viktig å bruke urea som eit supplement til andre hjelpemiddel for å vurdere fôrrasjonen.

Viktig å følgje opp eigen gard og få tilpassa kraftfôrtype og -nivå uansett kva nivå ein ligg på

Mikrobane må fôrast godt

Råprotein i grovfôret er ikkje eit godt mål på proteinverdien i fôret aleine. Dyra har behov for aminosyrer, og det er mengde AAT (aminosyrer absorbert i tarmen) som utgjer proteinet som er tilgjengeleg for dyret for å produsere mjølk og kjøt. Det meste av AAT kjem frå mikrobielt protein frå vomma, og noko kjem også til tarmen direkte via fôret utan å bli brote ned i vomma. Kor mykje mikrobielt protein utgjer vil avhenge av grovfôrkvaliteten, avdråttsnivå og laktasjonsstadium, men vi reknar at rundt 80 prosent av proteinet til ei ku i middels produksjon kjem frå mikrobeprotein. Det betyr at vi bør legge stor vekt på å fôre opp mikrobane i vomma. Mikrobane er gode til å utnytte råproteinet og bryt det ned til ammoniakk som dei brukar i eigen vekst. I tillegg må dei ha energi i form av fiber (NDF), stivelse og sukker for å kunne vekse. God tilgang på fordøyeleg NDF gjer forholda i vomma optimale, og fordøyinga av fiber og veksten av mikrobeprotein blir effektiv. Då trengst det mindre lettfordøyeleg stivelse som fort kan senke pH i vomma og redusere aktiviteten til dei fibernedbrytande bakteriane. God synkronisering mellom tilgangen på energi og protein er også viktig. Har ein mykje raskt nedbrote råprotein krev det rask omsetting av energi for å få ei god utnytting. Sukker i graset og/eller ei viss mengde stivelse frå kraftfôr bidreg til dette.

Auk verdien av fôret ved tidlegare slått

Det har vore stort fokus på å utnytte potensialet i godt grovfôret dei seinare åra. Kan vi auke fordøyelegheita og energiverdien i fôret vil vi få ei betre utnytting av eige fôr med auka fôropptak, god feittprosent og redusert kraftfôrforbruk. Tidlegare slått er den enklaste måten å auke næringsverdien i fôret på. Vi har mykje å gå på for å nå eit ideelt fôr til mjølkekyr. Bodskapen i år blir å passe på at råproteinet og PBV ikkje blir for høge, eller for låge, for å redusere belastninga både i dyret og på miljøet, og optimalisere produksjonen. Fôranalysar for å ha kontroll på eige fôr er difor viktig.