Organiske syrer lovar bra for klauvhelsa og miljøet
Frilansar Buskap
oddf-van@online.no
Bjørnør gård i Åfjord kommune i Trøndelag fekk påvist Digital Dermatitt (DD) i mars 2019. Saman med Optima Produkt AS og lokal veterinær og klauvskjærar gjennomførte dei eit lite forsøk i eigen besetning der dei saman med gode miljøtiltak nytta Optima sine produkt i kampen mot DD.
Digital Dermatitt (DD), er ein smittsam klauvsjukdom som gir hudbetennelse i, framfor eller bak klauvspalta opp mot biklauvene. Sjukdommen kan gi halte kyr, nedsett produksjon og restriksjonar i form av at ikkje tilrådeleg å selja livdyr frå besetningen i lang tid framover. Den vanlegaste måten å få inn sjukdom er ved kjøp av livdyr, men ein kan også få smitte inn i besetningen ved kontakt med smitta dyr eller at utstyr og sko med møk overfører smittestoffet.
Denne sjukdommen er på full fart innover Noreg, og det er svært viktig at dei som kjøper livdyr ikkje handlar ukritisk, men stiller krav om at seljarbesetningen er fri for DD. Viss denne sjukdommen kjem inn i besetningen, er den dessverre veldig vanskeleg å bli kvitt, så ein bør tenkja seg godt om før ein kjøper livdyr.
Miljøvennlege produkt i kamp mot DD
Bjørnør gård som driv økologisk fekk truleg inn sjukdommen ved kjøp av livdyr, og etter at DD var påvist, ynskte dei å bekjempa sjukdommen med middel som både var ufarlege for miljøet og godkjende for bruk i økologiske besetningar. Dei inngjekk samarbeid med Optima Produkter AS som stilte sine produkt og kompetanse tilgjengeleg i tillegg til klauvbad. Bjørnør gård gjennomførte forsøket saman med Arne-Johan Nikolaisen, som er dyrlege med god kompetanse på klauver, og klauvskjerar Vegar Rødsjø.
Miljøtiltak også viktig for klauvhelsa
Forsøket i besetningen varte frå mars 2019 til januar 2021, og innebar mellom anna klauvspyling med vatn i roboten, klauvbad med Optima pH organiske syrer i bestemte intervall, behandling av alle dyr i lausdrifta med Optima pH hudspray for dyr og/eller Optima pH gel morgon og kveld og fleire gjennomgangar av heile besetningen i klauvboks saman med dyrlege eller klauvskjerar. I tillegg til desse tiltaka vart det sett i gang omfattande miljøtiltak som sikra betre reinhald i lausdrifta med mellom anna at gjødseltrekket køyrte kvar time i staden for kvar andre time.
Bra for klauvhelsa og miljøet
For å trekkja sikre konklusjonar bør ein ha større talmateriale å gå ut i frå, men dette forsøket indikerer at Optima pH sine produkt saman med gode miljøtiltak har positiv effekt på hornforråtnelse og mild hudbetennelse (interdigital dermatitt). Det kan også sjå ut som at Optima pH sine produkt verkar like godt som tradisjonell behandling mot DD. Ein annan fordel med fotbadet med organiske syrer, er at desse syrene er miljøvennlege og ufarlege å handtera. Alle ingrediensane er til og med godkjende til bruk i mat.