Tema: Gras

Vedlikehaldssåing i ung eng

Kan ein med enkle metodar auke avlingsnivået, minske innhaldet av ugras og auke levetida for enga? Tre forsøksfelt på Sunnmøre i 2013-2017 syner at dette er vanskeleg å få til.

Olav Martin Synnes

Rådgivar i NLR Vest

Einbøck langfingerharv med såutstyr har stor kapasitet. Forsøk med vedlikehaldssåing i ung normalt tett eng, tyder på at kostnaden til såfrø og arbeid ikkje blir dekt inn med auka avling. Foto: Olav Martin Synnes

Langfingerharv med såutstyr har stor kapasitet. I fylgje røynsler frå Jæren bør om lag 30 prosent av arealet vere «svart» etter såinga. God kontakt mellom jord og frø er viktig. Verknaden av vedlikehaldssåing har til no vore lite dokumentert gjennom forsøk.

Alderen på enga på Vestlandet er høg. Vanleg fornying, med jord­arbeiding og frøsåing, er arbeidskrevjande. I mange høve blir ­vinsten ved fornyinga meir kort­varig enn ynskjeleg. Etter seks år er avlingsnivået og ugrasinnhaldet i mange tilfelle tilbake på same nivået som før fornyinga.

Såing i ny eng

Såkalla «vedlikehaldssåing» har vore forsøkt av praktikarar i Rogaland i fleire år. Dette er ikkje reparering av tynn eller skadd eng. Innsåing av nytt frø startar alt i første eller andre engår. Det blir sådd nytt frø kvart – eller annakvart år, med 2-3 kg frø pr. dekar. Såinga blir gjort tidleg om våren, eller straks etter første- eller andreslått. Det skal tromlast etterpå. Høveleg såutstyr er langfingerharv med såutstyr for grasfrø. Denne er 6 meter brei, kan køyrast 10 km pr. time, og har stor kapasitet. Andre typar såmaskinar blir også nytta. Røynsle tilseier at det er lettast å lukkast med inn­såing om ein nyttar fleirårig raigras. Metoden har likevel vore lite dokumentert gjennom systematiske forsøk. Vil fordelane ein oppnår vere store nok til å dekke kostnader til frø og arbeidsinnsats?

Forsøk

Tre forsøksfelt vart lagt ut i 2013-2015, med tidleg vårsåing, i første eller andre års eng. Feltet i Hjørung­dalen vart sådd våren 2013, Fjørtofta våren 2014 og Godøya våren 2015. Det vart nytta 2,5 kg frø pr. dekar av fleirårig ­raigras. Såmaskinen var i alle felta Einböck langfingerharv, med såutstyr for grasfrø. Etter planen vart det tromla rett etter såing, for å sikre best mogleg kontakt mellom jord og frø.

Ingen sikker avlingsuke

Etter fire forsøksår var det ingen sikker avlingsauke etter innsåing annakvart år. Det er ein svak ­tendens til avlingsnedgang i første slått etter såinga. Nedgangen var 7 prosent. Dette skuldast venteleg mekanisk skade på plantane. I dei komande slåttane er tendensen ein svak avlingsauke.

Dei tre felta hadde normalt tett plantesetnad med normalt avlingsnivå, og lite ugras. Haust­inga vart gjort om lag ei veke før vanleg slåttetid. Tredjeslåtten vart ikkje forsøkshausta. Faktisk avlingsnivå var difor noko høgare enn det går fram av tabellen. Det vart ikkje påvist skilnader i botan­isk samansetnad, mellom sådde og usådde forsøksruter.

Tabell 1. Resultat frå vedlikehaldssåing i 3 felt, Hjørungdal, Fjørtofta og Godøya, i 2013-2017. Felta vart sådd tidleg om våren i 1. eller 2. års eng. Dei to første felta vart sådd annakvart år, og hausta i 4 år. Feltet på Godøya vart sådd første år og hausta i 2 år. Det er 40 små hauste-ruter bak kvart tal.

År

Slått

Sådde ruter,

Kg tørrstoff/dekar

Usådde ruter,

Kg tørrstoff/dekar

Første år, såingsår

Første slått

336

360

Første år

Andre slått

382

360

Andre år

Første slått

411

420

Andre år

Andre slått

438

401

Gjennomsnitt

392

386

Rutinemessig innsåing løner seg neppe

I dei tre fireårige feltforsøka på Sunnmøre, med regelmessig innsåing av grasfrø annakvart år, har det vore svært liten og statistisk usikker avlingsauke. Kostnaden til såfrø og arbeid er ikkje dekt inn. Sjølv om raigraset spirer etter såinga, har det ikkje ført til nemnande avlingsauke. Vår konklusjon er at rutinemessig innsåing, i eng som har normalt tett plantesetnad, neppe løner seg. Derimot er det gode røynsler med innsåing i eng som er uttynna, til dømes etter etter overvintringsskade eller køyreskade.

Resultata samsvarar med resultata frå nyleg avslutta forsøk med årleg «våtsåing» i ung eng. Her vart frø av fleirårig raigras blanda med blautgjødsel og spreidd samstundes med gjødslinga tidleg om våren. Heller ikkje i desse forsøka vart det oppnådd sikker eller ­lønsam meiravling etter tre år med årleg innsåing, frå første engår (Høglind 2017). To av dei ni felt­forsøka låg på Vestlandet.

Litteratur: Høglind, M. 2017. Planmessig vedlikeholdssåing fra første engår for å forlenge engas levetid. Erfaringer fra nyere forsøk og ForEff-prosjektet. Rapport. NIBIO, Særheim.

For lite protein i Rogalandsfôret

Oppsummeringen av fôrprøvene viste at det var for lite protein i grovfôret i Rogaland i 2020. Spesielt gjelder dette første slått. Dersom vi ønsker høyere norskandel til drøvtyggerne og bedre fôring må proteininnholdet opp.

Haakon N. Halvorsen

Fagrådgiver fôring Tine

Magnus Haugland

Rådgiver NLR

magnus.haugland@nlr.no

De lave proteintallene overrasker oss noe, da analysene for fordøyelighet viser at mye ble slått på et ­relativt tidlig utviklingstrinn. Kombinasjonen tidlig slått og svak gjødsling kan gi lave proteinverdier. Svak gjødsling kan forklares av avlinger som er høyere enn man har lagt opp gjødsling til, eller at man har forsøkt å spare penger på gjødsla i en situasjon med fulle grovfôrlager.

Ren nitrogengjødsel er relativt billig. Normalt ser vi at man skal være forsiktig med å undergjødsle til 1.slått. Hovedregelen er at mer gjødsel bør flyttes fram til 1.slått, og heller redusere mengden som blir gitt senere i sesongen. 1.slått er den viktigste, og bør prioriteres. Er man usikker om gjødslinga er riktig, er det beste tiltaket å krysse av for mineralanalyse på fôrprøvene. Da har man fasiten for gjødslinga, og et glimrende utgangspunkt for diskusjon med rådgiver på gjødsling og fôring.

Får man proteinnivåene over 140 gram/kg tørrstoff er man ikke avhengig av å skaffe så store mengder protein fra kraftfôret. I tillegg stemmer dette godt overens med målet om høyere norskandel i forseddelen til kua.