Møkk er ikkje berre møkk
jorn.skoe@vinstra.norgesfor.no
Resultata viser ein grov andel på 15,5 prosent. Vi er fornøgd viss vi kjem mellom 10-15 prosent, så Øyvind er ikkje langt unna dette målet. Når det gjeld andelen grovt kan det ifølge danske forhold vere gunstig å liggje heilt ned mot maks 5 prosent grovt. Her er vi usikre på om dette er gjennomførbart under norske forhold da vi i tillegg er interessert å få ei høgare tørrstoff-betaling i mjølka. I tillegg er fôringa ganske annleis med tanke på bruken av både grovfôret, kraftfôret og andre råvarer som inngår i ein fôrrasjon. Prosent fiber (total grov + fin) er avhengig av INDF i grovfôret, så denne kan variere ut i frå kva du fôrer med til kvar tid.
Er det mykje fiber i fullfôrmixen, for eksempel innblanding av halm, vil det vere naturleg med ein større andel grove fiber enn ved ein fiberfattig rasjon. Øyvind er opptatt av høg tørrstoffinnhald i mjølka og difor er nok desse tala fornuftige i så måte i forhold til å oppnå det målet.
Det er ynskjeleg at det er ca. 1/3 grove fiber og 2/3 fine fiber. Her er det så å seie likt forhold mellom dei to, så her er det potensiale for betring. Fullfôrmixen verker noko «grov» med ein bra innslag av halm og noko hundegras som ser grovt ut. Det kan vere ein fordel å gå ned på halminnhaldet og erstatte dette med vanleg grasrundballar. Årets grovfôrprøver har eit snitt på 6,11 NEL 20 (0,86 FEm) som er noko ned i forhold til 2019 (6,25 NEL 20). Øyvind har to kraftfôrslag, Drøv Fase 1 og Drøv Middelslått, og skal ein fortsette med denne fôringa kan det vere hensiktsmessig å erstatte noko Drøv Middelslått med Drøv Fase 1 for å meir energi og protein inn i rasjonen, i tillegg til auka mengde levande gjær. Andelen grov fiber går ofte ned med auka bruk av levande gjær, og for å få best effekt må ein helst gje rundt 10 kg kraftfôr med levande gjær i (som Drøv Fase 1 har)
Hvor |
Dato |
Gjødsel (gram) |
Fiber, grove (gram) |
Andel grove fiber |
Fiber, fine (gram) |
Andel fine fiber |
Total fiber |
Prosent fiber/kg møkk |
Forhold grovt: fint |
Møkk- |
Beskrivelse grovfôr |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Øyvind Sandvold |
24.02. 2021 |
1403 |
217 |
15,5 prosent |
192 |
13,7 prosent |
409,0 |
29,2 prosent |
0,9 |
Normal |
Litt grov fullfôrmix. Mykje halm. God luft |
Kilde: Vinstra Mølle