Urea i mjølk gir betre kontroll på fôringa
Det var fleire prøver som hadde for høgt ureainnhald i mjølka enn for lågt siste året, og det tyder på overskot av nitrogen i vomma. Det går ut over fôreffektiviteten og belastar både kua og miljøet.
For eit år sidan blei det gjort justeringar på kalibreringane for urea på Tine Råmelklaboratoriet fordi det viste seg at instrumenta ikkje var optimalt justert ved måling av høge og låge ureanivå i mjølk. Dermed var nytten av disse målingane ikkje så god.
Meir nøyaktige målingar
Etter justeringa vil målingar av høge og låge ureaverdiar vere meir nøyaktig, og det kan dermed gi eit betre grunnlag for å sjekke fôringa. Fôrplanen med basis i eigne grovfôranalyser og val av kraftfôr og fôringsstrategi som passar til den enkelte gard er viktigaste hjelpemiddel, medan urea gir ein indikasjon på korleis fôrutnyttinga basert på fôrplanen faktisk har verka i kroppen til kua. På grunn av måleusikkerheit for urea skal ein ikkje legge for stor vekt på enkeltverdiar, men sjå trend med fleire målingar, eventuelt grupper av kyr dersom det gjeld verdiar på enkeltkyr. Analysemetoden Tine brukar er effektiv fordi vi får moglegheit til å analysere svært mange prøver til låg kostnad.
PBV viktigast for urea
Om lag 75 prosent av variasjonen i urea kjem frå råprotein og PBV (proteinbalansen i vomma) i fôrrasjonen. Råprotein inneheld ofte mykje raskt nedbrote protein (løyseleg protein) som blir omdanna til ammoniakk i vomma og som bidreg til næringsforsyning til vommikrobane. For at mikrobane skal kunne utnytte ammoniakken må det vere tilstrekkeleg med karbohydrat (sukker, stivelse og fiber) som energikjelde og som er tilgjengeleg på same tid som ammoniakken. Dersom mikrobane ikkje kan utnytte ammoniakken, enten det blir for mykje eller er mangel på lettfordøyelege karbohydrat, så vil overskotet av ammoniakk bli omdanna til urea i levra. Ei god synkronisering mellom energi og protein vil gi ein god tilvekst av mikrobar og dermed gi god forsyning av mikrobielt protein til kua. Figur 1 viser samanhengen mellom urea i mjølk og PBV berekna i NorFor-systemet (PBV20). Ut frå figuren så ser vi at når PBV20 er 0 så vil urea vere på cirka 3,5 mmol/liter. I Optifor er det krav om minst 10 gram PBV per kg tørrstoff for å sikre at vommikrobane får nok protein. Fôrrasjonar med låg PBV vil gi dårlegare fiber (NDF)-fordøying og lågare fôropptak med det resultat at det blir lågare energi og AAT- forsyning (aminosyrer absorbert i tarmen) til kua. Det er også ei øvre grense for PBV på 40 gram/kg tørrstoff for å unngå overfôring med protein, og disse grensene vil tilsvare ureanivå mellom 4 og 6 mmol/liter (Volden i Buskap 1/2012).
AAT og energi bidreg også
Om lag 15 prosent av variasjonen i urea kjem frå overfôring med AAT, medan om lag 10 prosent har med underskot på energi å gjere der aminosyrer blir brukt som energikjelde. Forsyninga av AAT til juret kjem både frå mikrobeprotein og frå fôrprotein der aminosyrer ikkje blir brote ned i vomma, men går direkte til tarmen og blir absorbert. AAT-forsyninga i tidleg laktasjon verkar mjølkedrivande, men generelt gir auka AAT- forsyning redusert utnytting. Andre faktorar som er med på å påverke urea er tid etter fôring og mjølking, tal utfôringar i døgnet, tal mjølkingar, laktasjonsnummer, laktasjonsstadium og størrelse på kua. Ved optimering av fôrrasjonar i Optifor blir det tatt omsyn til mange av disse faktorane slik at rasjonane skal vere godt balansert i forhold til kvar enkelt ku sitt behov og utnyttinga av næringsstoffa blir høg.
Råprotein, prosent av tørrstoff |
13.5 |
15.0 |
16.5 |
17.9 |
19.4 |
Avdrått, kg per dag |
36.4 |
37.5 |
38.4 |
36.7 |
37.1 |
Urea i mjølk, mmol/l |
2.7 |
3.0 |
4.0 |
4.6 |
5.6 |
Urea-N i urin, gram/dag |
113 |
140 |
180 |
213 |
257 |
N-effektivitet, prosent *) |
36 |
34 |
31 |
28 |
25 |
*)Mengda fôrprotein som blir funne att i mjølka
Urea og N-effektivitet
Mengde N (nitrogen) i mjølka i forhold til det som er tilført i fôret uttrykkast som N-effektiviteten og blir oppgitt i prosent. Det er ein klar samanheng mellom urea i mjølk, innhald av råprotein i fôrrasjonen og N-effektiviteten. Tabell 1 viser til eit amerikansk forsøk som Strudsholm i Danmark har gjengitt i Magasinet Kvæg 2019 på korleis N-effektiviteten går ned med auka innhald av råprotein i fôrrasjonen. Ved å auke råprotein frå 13,5 til 19,4 prosent så auka urea frå 2,7 til 5,6 mmol/liter. Nitrogenutskiljinga i urin vart meir enn dobla og N-effektiviteten gjekk ned frå 36 til 25 prosent. Høgast avdrått var ved eit råproteininnhald på 16,5 prosent, og det ga 4,0 mmol/liter urea med ein N-effektivitet på 31 prosent. Dette viser at det er stor sjanse for at N frå råprotein i fôret hamnar i urin og ikkje som protein i mjølka. I tillegg til at protein er dyrt så kostar det kua energi å kvitte seg med overflødig protein; ho må ete meir for å produsere like mykje mjølk. Det går difor ut over både protein- og energieffektiviteten.
Mellom 3 og 6 mmol/l er normalt
Nedre grense viser altså kva nivå urea bør ligge over for at det ikkje skal gå ut over fôropptak og produksjonen, medan øvre nivå går på at det er økonomisk ugunstig og påfører unødvendig belastning på kua og miljøet. Kjem urea opp i 7 mmol/l så vil det også kunne ha negative effektar på fruktbarheita. Kor stor effekt det har på fruktbarheit vil vere avhengig av om det i tillegg til overfôring av protein er negativ energibalanse. Det vil i tilfelle forsterke ein negativ effekt på fruktbarheita. Vi har brukt nivået mellom 3 og 6 mmol/liter som ei rettesnor for kva urea bør ligge på når vi måler det på Tine Råmelklaboratoriet. I Danmark er det 3-5 mmol/liter som er typisk rettesnor, men der er det strengare krav til unødvendig utslepp av nitrogen til miljøet. I NorFor og forskningsdata frå Volden (Buskap, 1/2012) vil urea ligge mellom 4 og 6 mmol/l som anbefalt nivå. Når ein veit kor mange faktorar som verkar inn på variasjonen i urea i mjølk, så er det viktig at kvar buskap finn sitt nivå for kva som er passe innanfor grensene som er gitt.
Variasjon i urea siste året
Urea i leverandørmjølka var i gjennomsnitt 4,8 mmol/l siste år. Gjennomsnittet ligg på greitt nivå, og er lågare enn vi har sett ein del år tidlegare, men dataene viser at 3,5 prosent av prøvene var under 3 mmol/liter medan 9,5 prosent var over 6 mmol/liter. Det tyder på at det er vanlegare å fôre for kraftig med råprotein og/eller ha ein dårleg utnyttelse av proteinet enn det er å fôre for svakt med råprotein. Verdiane vil variere frå år til år avhengig av næringsinnhaldet i grovfôret, og då særleg med omsyn til innhaldet av råprotein og PBV, og om det er laga gode fôrplanar som er tilpassa med kraftfôr som passar. Førre fôrår viser data frå FAS-databasen at innhald av råprotein landet sett under eitt var lågt spesielt på 1.slåtten med 13,8 prosent (PBV20 var 21 gram/kg tørrstoff), medan 2. slåtten hadde 14,6 prosent råprotein (PBV20 på 27 gram/kg tørrstoff).
Urea lågare om sommaren
Figur 2 viser gjennomsnittleg urea per månad siste året, og den viser at urea var lågare på sommaren enn på innefôring. I vintermånadene ligg ureaverdiane rundt 5 og litt over, medan sommarmånadene svingar frå 4,3 til 4,7 mmol/liter. Generelt er det ei vanleg utfordring at urea kan bli høg på beite sidan beitegras ofte er proteinrikt med høgt innhaldet av råprotein og PBV. Kraftfôrindustrien er flinke til å lage blandingar med låg PBV berekna på beite og i fôringssituasjonar som inneheld ei høg mengde vomløyseleg protein. Generelt er det lettare å ha kontroll på fôringa inne enn ute på beite, og i tillegg er det fleire kyr i tidleg laktasjon i innefôringsperioden som kan vere med på å forklare dette.
Førstekalvskyr i seinlaktasjon
Figur 3 viser variasjon i urea frå kalving til avsining for 1., 2. og eldre enn 2.laktasjonskyr siste året. Eldre enn 2.kalvskyr har lågare verdiar, spesielt i første tida etter kalving, enn yngre kyr, og det kan vere teikn på høgare utnytting. Det som er spesielt interessant er at 1.laktasjonskyrne, og til ein viss grad 2.laktasjonskyrne, har dårlegare utnytting av proteinet enn eldre kyr i seinlaktasjon. For 2.laktasjonskyr og eldre går urea nedover etter 30 veker etter kalving, men for 1.laktasjonskyr ligg det relativt stabilt etter veke 11-12 etter kalving. Truleg skuldast det at kvigene er i vekst og blir difor fôra hardare enn eldre kyr. Det ser vi igjen på kraftfôrmengdene som hos 1.laktasjonskyrne har ei flatare kurve gjennom laktasjonen og ved avsining er på same nivå som eldre kyr (ikkje vist). Det tyder på at kyrne ikkje er like gode til å utnytte proteinet i kraftfôret i denne tida.
Ta fôrprøver
Vi står no overfor ein ny innefôringssesong, og oppfordringa må bli å ta fôrprøver for å få oversikt over eigen grovfôrkvalitet etter årets hausting. Bruk fôrprøvene i optimeringar og planlegg fôringa for å unngå energikrevende, effektivitetsnedsettende, kostbar og ikke så klimavennlig overfôring med protein.
Fakta om urea
Overskot av N blir omdanna til urea i levra
Kroppen sin måte å kvitte seg med N overskot er gjennom urea i urin
Ammoniakk i vomma blir transportert til levra for omdanning til urea
Urea føl vassfasen i kroppen og finst difor i alle kroppsvæsker i små mengder, også i mjølk
Ved låg proteinforsyning kan urea bli resirkulert til vomma og bidra til proteinforsyning
Urea belastar miljøet gjennom omdanning til ammoniakk frå urin
Det krevast energi for å omdanne ammoniakk til urea i levra, og fôreffektiviteten går ned