Små gardsbruk bidreg med matforsyning og mykje meir
1 900 mjølkeprodusentar 15 kyr eller færre, men leverte mjølk som tilsvarar forbruket av drikkemjølk til 1,7 mill. nordmenn.
Student ved NMBU og intershipstudent i Tine
Med berre 3 prosent dyrkbar areal i Norge ligg gardane spreidd; ofte med store besetningar på flate område som Austlandet, Jæren og Trøndelag, og mindre gardar med bratt terreng langs kysten. Vi har no ca. 7 500 aktive mjølkeprodusentar i landet som til saman leverer ca. 1 500 millioner liter mjølk. Til samanlikning har Sverige ca. 3 200 produsentar som leverer 2 700 millioner liter mjølk. Om lag 25 prosent av produsentane i Norge har 15 eller færre kyr. Kva skjer med disse når nye krav til bygningar og dyrevelferd trer i kraft i 2024 og 2034?
«Corona-mode»
Korona-pandemien har ført til ei krise vi ikkje har opplevd maken til i fredstid. Svak krone, dyrare importvarer og stopp i grensehandelen mot Sverige har auka behovet for norsk matproduksjon. Tine og Nortura gjer grep for å få inn meir mjølk og dyr til slakt. I følgje ekspertane blir dette heller ikkje siste «krisa» vi vil oppleve; dei spår pandemiar/virus, antibiotikaresistente bakteriar og klimakriser òg i framtida. Har vi då råd til å late ressursane våre ligge unytta og ikkje ha kontroll på matforsyninga?
Meir enn berre matproduksjon
I følgje Kukontrollen for 2019 hadde 1 900 mjølkeprodusentar 15 kyr eller færre. Til saman leverte dei 137 millioner liter mjølk. Det tilsvarar forbruket av drikkemjølk til 1,7 millioner nordmenn eller nesten
14 000 tonn ost, nok til å dekkje forbruket til 725 000 nordmenn. I tillegg til dette bidreg disse bruka med kjøtproduksjon. Med andre ord vil desse gardsbruka sikre mat til mange nordmenn i krisesituasjonar med matmangel eller stengte grenser. Dei små bruka i distrikta bidreg òg til å oppretthalde kulturlandskapet ved å ha dyr på utmarksbeite i sommarhalvåret. Beitande sinkyr og ungdyr gjer ein god jobb i marknadsføringa av norsk mjølk og kjøt - det er slik dyrevelferd forbrukarane vil ha. Naturen og kulturlandskapet i Noreg er nett det som lokkar til seg turistar, både frå utlandet og andre stadar i landet. Ringverknadene dette har for turistnæringa og sysselsettinga i andre næringar er vanskeleg å talfeste.
Lågare kraftfôrforbruk
Norske småbruk med 15 eller færre kyr per gard bidreg med til saman 21 500 mjølkekyr til produksjon av mjølk og kjøt. Dei små bruka ligg noko under gjennomsnittet når ein ser på mjølkeavdrått og kraftfôrforbruk. Figur 1 viser at kraftfôrbruken hjå dei små bruka i gjennomsnitt ligg på 29,9 kg kraftfôr per 100 kg EKM (energikorrigert mjølk), altså 1 kg lågare enn hjå dei bruka som har meir en 36 kyr. I den seinare tida har kraftfôrbruken i Noreg vore diskutert i samband med klima og berekraft. Fokuset har vore på at mjølk- og kjøtproduksjonen i større grad bør baserast på grasproduksjon og norske råvarer enn det som er tilfelle i dag for at den skal vere mest mogleg berekraftig. Dei små gardane kjem soleis gunstig ut.
Lågare avdrått
Lågare bruk av kraftfôr gir ofte lågare gjennomsnittleg avdrått. Dei små bruka har om lag 7 000 kg mjølk (7 400 kg EKM) i gjennomsnitt per ku (figur 2). Sjølv om avdråtten er lågare ligg den gjennomsnittlege feittprosenten høgare hjå små enn hjå store bruk (figur 3). Den høge feittprosenten kjem truleg av at avdråtten er lågare og at kyrne får mindre kraftfôr. Proteinprosenten er derimot lågare enn gjennomsnittet, og det kjem truleg også av mindre bruk av kraftfôr. For tida er feittprosenten viktigare enn proteinprosenten ref. kvalitetsbetalinga, så her kjem dei små bruka godt ut.
Nye krav truar dei små bruka
I følgje lova om dyrehald skal det innan 2024 vere minst ein kalvingsbinge for kvart påbegynte 25 dyr. I tillegg vert det i 2034 krav om at alle fjøs skal vere lausdrift. Spesielt det siste krev ofte store ombyggingar og investeringar. Krav om lausdrift og kalvingsbinge er bra for dyra, og det er positivt for bøndene om ein kan forenkle arbeidet ved å modernisere gamle fjøsar for å få eit meir effektivt dyrehald. Etter utbygging er det utfordrande å få god økonomi i drifta. Landbruksdepartementet prioriterar gardar med 15-30 kyr når det gjeld finansiering og utbygging. Skal småbruka utvide til så mange dyr står dei ovanfor ulike problem; mjølkekvote må kjøpast eller leigast, behovet for grovfôr aukar og jorder spreidd over større avstandar aukar traktorkøyringa gjennom gjødselspreiing og innhausting. Kraftfôrforbruket vil òg auke ved mangel på grovfôr. Alt dette er negativt for økonomien og arbeidsmengda hjå bonden, i tillegg til miljøet på grunn av auka CO2-utslepp . Skal småbøndene overleve er det viktig å legge til rette for at òg dei små bruka kan modernisere og utvikle seg, slik at drifta kan halde fram på ein økonomisk og berekraftig forsvarleg måte. Dette vil vere gunstig både for dyra, bonden, livet på bygdene og ikkje minst forbrukarane. Det vil også vere godt investerte pengar for staten for å sikre norsk matforsyning i framtidige kriser.