Einar Sønnesyn saman med Luster Tine produsentlag slo verkeleg på stortromma då nyfjøsen skulle opnast. Han inviterte til fjøsfest med danseband for naboar, vener og alle i indre Sogn med tilknyting til landbruket.
Tekst og foto
Oddfrid Vange Bergfjord
Frilansar Buskap
oddf-van@online.no
Kvelden starta med omvisning følgd av helsingar og offisiell opning med snorklipping ved ordførar Ivar Kvalen. Godorda var mange, og Jo Helge Sunde frå Tine hevda at dette var bygde-Norge på sitt beste, Cecilie Bjørlo frå konsernstyret i Tine sa at dette gir skikkeleg inspirasjon for andre med eldre båsfjøs som “sit på gjerdet” og lurer på kva dei skal gjera.
Matøkt etterfølgt av dans
Etter opninga flytta alle gjestene inn i eit romsleg telt vegg i vegg med nyefjøsen der det var dekka langbord til 260 gjester, og alle fekk servert lapsskaus, kaffi og kake. Då matøkta var over, spela Steinar Engelbregtson opp til dans, og mange nytta høvet til å svinga seg og til å slå av ein god prat.