Reknedøme
Fagleder Avl i Tine
svein.egil.skartveit@tine.no
Økonomirådgiver i Tine
helge.oksendal@tine.no
Vi har laga reknedøme for nokre av mulegheitene oppom. Vi har avgrensa oss til rasane NRF og Aberdeen Angus og sett på bruksdyrkryssing med vanleg sæd og kjønnsseparert sæd.
For å ta omsyn til flest mogleg nyansar i berekningane, har vi bruka verktyet Tine Produksjonsplan ØRT.
Alternativ 1
Vi har i alternativ 1 teke utgangspunkt i ein rein NRF-buskap med bruk av vanleg NRF-sæd på alle hodyr. Bruket ligg i sone 2 for kjøt, sone C for mjølk og sone 5A for arealtilskott. Kvote på 225 000 liter blir levert, med ein melkepris medrekna etterbetaling (utan distriktstilskott) på kr 5,50 per liter. Det blir levert 8,6 tonn kjøt og seld 5 drektige kviger per år. Grovfôrgrunnlaget er 260 dekar fulldyrka à 555 FEm per dekar og 130 dekar innmarksbeite à 245 FEm per dekar. I tillegg er det ein del utmark som kan beitast.
Det er 30 årskyr med 36 kalvingar jamt fordelt på året. Det er 87 dyr i alt og god utnytting av fjøsplassen. Kvigene kalvar ved 24,5 månaders alder. Meierileveransen er 7 500 liter per årsku. Oksane blir slakta 17 månader gamle og 315 kg i slaktevekt.
Alternativ 2
I alternativ 2 er det brukt berre kjønnsseparert sæd. Ein har brukt REDX™ (NRF-sæd som gjev avkom av berre hokjønn) på så mange kyr og kviger som trengs for å få nok kvigekalvar. I denne buskapen utgjer det tredjedelen av alle bedekningar. Til dei resterande to tredjedelar av bedekningane, blir det brukt kjønnsseparert angus-sæd som berre gjev oksekalvar. Avlsopplegget fører til betre kyr og mindre utskifting.
Det er teke omsyn til moderat auke i omløp, kortare drektigheit for Angus, ulike doseprisar, mindre avhorning då Angus er 100 prosent kolla.
Det blir ikkje overskott av kviger som kan seljast til liv. Angus har svært lite kalvingsvanskar og daudfødslar, nett som NRF. Også her er det 30 årskyr, heilårskalving og i sum 87 dyr i buskapen. Krysningsoksane (NRF/Angus) blir fôra til 310 kg på 17 månader – om lag som NRF-oksane i utgangspunktet – men oppnår tillegg etter Angusavtalen og vesentleg høgare avrekningspris.
Dekningsbidraget aukar med kr 71 000,- i høve til utgangspunktet. Om vi gjennom redusert avdrått og kraftfôrforbruk, senker meierileveransen frå 225 000 til 206 000 liter, blir dekningsbidraget likt med utgangspunktet. Avlstiltaka kompenserer eit tap tilsvarande 92 prosent kvotefylling!
Alternativ 3
I alternativ 3 er det bruksdyrkryssing, men utan bruk av kjønnsseparert sæd. Det blir brukt angus-sæd på 12 hodyr. Dette gjev seks anguskrysningskviger per år. Fire av desse blir brukt til amming på utmarksbeite. Dei må altså vere vårbære. Desse blir slakta om hausten. Dei to andre krysningskvigene og seks krysningsoksane blir oppdretta til slakt på 22 og 17 månader.
Det er i alt 37 kalvingar. Av desse er 25 rein NRF og 12-13 av desse er kviger. Held ein utom krysningskyrne, er det 27,5 årskyr. Leveransen blir 8 200 liter per årsku.
Driftsopplegget gjev like mange dyr i innefôringssesongen men meir dyr i beitesesongen. Det blir fleire dyr og fleire slakt. Ein får utnytta utmarksbeite og får meir tilskott. Driftsopplegget gjev 12 NRF-/angus-slakt per år (4 ungkyr, 2 kviger og 6 oksar) som alle får tillegg etter Angusavtalen.
Dekningsbidraget aukar med kr 43 000 i høve til utgangspunktet. Om vi gjennom redusert avdrått og kraftfôrforbruk, senker meierileveransen frå 225 000 til 213 000 liter, blir dekningsbidraget likt med utgangspunktet. Avlstiltaka kompenserer eit tap tilsvarande 95 kvotefylling.
Alle kan nyttegjere seg mulegheitene oppom, i noko grad. Kor mykje ein har å hente, vil variere. Svaret ligg i skjeringspunktet mellom eigne ambisjonar, avl, økonomi og tilhøva på garden.
Ein kan elles få god hjelp av rådgjevar til å diskutere, kartlegge, rekne og planlegge.
Alternativ 1 (utgangspunkt) Vanleg NRF sæd |
Alternativ 2 REDX + Angus y-sæd |
Alternativ 3 Vanleg NRF-sæd + Vanleg Angus-sæd |
||
---|---|---|---|---|
Melkeleveranse |
liter |
225000 |
225000 |
225000 |
Melkepris (eks. distriktstilskudd) |
kr/liter |
5,5 |
5,5 |
5,5 |
Slakteleveranse |
kg |
8604 |
10377 |
10271 |
Snitt slaktepris (eks. distriktstilskudd) |
kr/kg |
50,7 |
59,5 |
53,7 |
Salg av livdyr (kviger 22 månader) |
Stk. |
5 |
0 |
0 |
(talla nedom er i kr 1000) |
||||
Melkeinntekter |
kr |
1237 |
1237 |
1237 |
Slakt-/livdyrinntekter |
kr |
546 |
617 |
552 |
Sum tilskott |
kr |
764 |
767 |
785 |
Variable kostnadar kraftfôr |
kr |
511 |
515 |
491 |
Variable kostnadar grovfôr |
kr |
171 |
171 |
172 |
Andre variable kostnadar |
kr |
122 |
122 |
124 |
Sum dekningsbidrag |
kr |
1744 |
1815 |
1786 |
Endring i DB ift utgangspunktet |
kr |
71 |
43 |
|
Kompenserer kvotefylling tilsvarande… |
92 % |
95 % |