Intervju

«Tinefamilien» må jobba godt saman og fokusera på mogelegheiter

Den nye Tine-sjefen Gunnar Hovland har ein klar strategi på korleis Tine skal halda oppe ein best mogeleg mjølkepris, ta hand om mjølkevolumet som vert produsert og på sikt auka salet av mjølkeprodukt.

Tekst og foto
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

— Alle eigarar og tilsette i alle ledd må jobba godt saman, vera stolte av arbeidet sitt og fokusera på dei mål ein set seg. Heile Tinelaget er og skal vera godt, og når me fokuserer på dei mogelegheitene me har, blir det gode sjansar for å lukkast og få ting til å skje, smiler den positive og engasjerte konsernsjefen.

Han er øverste leiar for godt 13 500 eigarar og tilsette, og når så mange menneske dreg i same retning, får det ei enorm kraft. Gunnar skal leia denne folkemengda i rett retning, og med positive holdningar, klare tankar om retningsval og stødig leiing der ein spelar kvarandre gode, ligg det mykje til rette for å lukkast.

Slutt på eksport av norsk Jarlsbergost

Gunnar Hovland er optimistisk for framtida, og når alle i Tine, både tilsette og eigarar jobbar saman og fokuserer på mogelegheitene, så er det gode utsikter til å nå målet om god mjølkepris, utnytting av mjølkevolumet som vert produsert i Noreg og auka salet av mjølkeprodukt.

Frå 2020 er det slutt på eksport av Jarlsbergost produsert i Noreg med norsk mjølk, og dette byr på utfordringar sidan denne produksjonen har teke hand om 100 millionar liter mjølk årleg. — For å tilpassa oss denne omstillinga, har me mellom anna sett på meieristruktur og produksjonen på dei ulike anlegga, seier konsernsjefen.

Opptrapping i Irland og nedtrappinga i Noreg gjer sitt til at meieristrukturen på Vestlandet er under vurdering, og no er det ute på høyring eit forslag om å leggja ned meieriet på Voss og byggja om anlegget i Elnesvågen.

— Det er ikkje nokon hyggeleg jobb dersom me må leggja ned anlegg, men me må driva effektivt for å gi best mogeleg mjølkepris til eigarane, og då må me også ta nokre upopulære beslutningar for enkelte, seier Gunnar vidare.

Han innrømmer også at utflagging av Jarlsbergostproduksjonen til Irland er eit risikoprosjekt, og det vert spanande å sjå korleis dette vil fungera. Fram til no har Noreg eksportert Jarlsberghjul til 16 land, og frå 2020 vil dette salet skje frå anlegget i Irland på irsk mjølk. Intensjonen med denne satsinga er å optimalisera verdien av Jarlsberg internasjonalt og henta tilbake overskot til den norske mjølkebonden.

Berekraft

Tine vart kåra til den mest berekraftige bedrifta i Noreg i år, og denne utmerking heng høgt. Å vera berekraftig vil seia å driva på ein måte som er godt for miljøet og samfunnet rundt oss, og i tillegg leggja til rette for at framtidige generasjonar får nytta ressursane på same vis som oss eller at det ligg endå betre til rette for dei. Konsernsjefen har også agronomkunnskapane friskt i minne: Fotosyntesen som er verdas viktigaste fabrikk går føre seg i grøne planter og omdannar som kjent karbondioksid og vatn til sukker som igjen fører til at graset veks. Menneske kan ikkje nyttiggjera seg graset, men kua derimot gjer graset om til mjølk og kjøt. Kyrne bidreg samstundes til å halda landskapet velstelt og ope, og på kjøpet får vi levande bygder over heile landet, seier den jordnære toppsjefen. Tine sender også store delar av overskotet sitt tilbake til mjølkebøndene i bygdene der mjølka vert produsert, og dette kjem heile Noreg til gode. Ein del av tankbilane går også på metan frå kumøk, og dette viser at Tine verkeleg tek miljøet på alvor. — Ein kan spissformulera seg slik at jo meir mjølk ein drikk, jo sunnare er det og di betre er det for klimaet. Drikk meir mjølk, et meir kjøt og redd kloden, smiler Gunnar.

Utflagging av Jarlsbergostproduksjonen til Irland er eit risikoprosjekt, og det vert spanande å sjå korleis dette vil fungera.

God dyrevelferd

Det å ha god dyrevelferd er noko forbrukaren etterspør, og den nye konsernsjefen er krystallklar på at dette er viktig for Tine. — Det har vore stort fokus på å levera varer mest mogeleg effektivt, men no er det minst like viktig å sikra god dyrevelferd og at produksjon er berekraftig. Dette tar me på alvor i heile verdikjeda vår, og eg opplever at bøndene er opptekne av dette. Friske dyr produserer som kjent mykje betre, og dei er meir klimavennlege, poengterer han.

Aukande import

For å auka konkurransekrafta, og få norske forbrukarar til å velja norske matvarer i butikkane, må Tine laga sterke merkevarer som «treff» forbrukarane. Noreg importerer no årleg meierivarer som tilsvarar 300 millionar liter mjølk, og dette er ei stor utfording. — Dette er bekymringsfullt, og dette er noko Tine, bondeorganisasjonar og myndigheiter må ta tak i, seier den øverste sjefen i Tine. Han seier vidare at Tine har som siktemål å utvikla noko unikt på verdsmarkedet, og at dei ynskjer å arbeida for eit internasjonalt gjennombrot innan utvalte nisjer. —Den høge kvaliteten me har på mjølka i Noreg saman med god dyrevelferd legg eit godt grunnlag for at dette kan vera mogeleg å få til, seier den positive og framoverlente konsernsjefen.

Sterke merkevarer

På tross av hard konkurranse frå utanlandske produkt, så har Tine 7-8 av dei sterkaste merkevarene i Noreg. — Me kan vera stolte av det me har fått til, og den norske mjølka held svært høg kvalitet produsert med verdas lågaste antibiotikabruk, noko som også gir veldig gode produkt. Veksten på kjerneproduka har likevel hatt ein svak nedgang, og her må me prøva å ta grep med innovasjon og produktutvikling som treff forbrukarane framover, sler konsernsjefen fast.

Optimist

Til tross for mange utfordingar for norske mjølkeprodusentar og nedgang i sal av norske meieriprodukt med påfølgande reduksjon i mjølkekvotar og mjølkepris, er den ferske konsernsjefen optimistisk for framtida. — Eg har stor tru på at når me fokuserer på mogelegheiter, har gode strategiar og jobbar godt saman, så vil me nå måla våre som vil gi godt sal av Tine sine merkevarer og best mogleg mjølkepris til eigarane, seier den engasjerte konsernsjefen til slutt.