Fôr

Regelverksavklaringar for økobruk etter tørkesommaren

I sommar jobba Debio tett med Mattilsynet og næringa for å finne gode løysingar innanfor regelverket i samband med fôrsituasjonen.

Idun Bjerkvik Leinaas

Leder i DebioInfo

idun.leinaas@debioinfo.no

Katastrofeparagrafen i økologiforskriften gjer det mogleg å søke om tillating til bruk av konvensjonelt fôr når fôrproduksjonen er gått tapt som følgje av ekstraordinære forhold.

Foto: Solveig Goplen

Tørkesituasjonen ga store konsekvensar med omsyn til tilgjengeleg ­fôrvare, og spesielt for grovfôr. Vi fekk etablert ei telefonvakt som handterte dialogen med bøndene både på telefon og e-post, og Debio si målsetting var heile vegen å sikre riktig og god informasjon til dei verksemdene som er råka.

Samarbeid for å finne gode løysingar

Regelverket for økologisk produksjon i Norge vert regulert gjennom økologiforskriften som implementerer EU sine forordningar på økologiområdet. Dette inneber at vi i Noreg må følgje det same regelverket som i resten av EU. Gjennom tett dialog med Mattilsynet og innspel frå næringa, kom det i stand fleire avklaringar knytt til regelverket for både beitesesongen og innefôringsperioden. Dyrevelferden sto i fokus, og både fôrrettleiarar i Tine, Felleskjøpet og Norsk Landbruksråd­giving har vore viktige samarbeidspartnarar for å finne fram til gode løysingar. Det gjerast kontinuerleg vurderingar knytt til situasjonen for å oppnå ei best mogleg løysing, og vurderingane må ta omsyn til krava i regelverket på ein slik måte at internasjonale forpliktelsar vert haldt. I neste avsnitt kjem ei oversikt over regelverksavklaringar som har kome så langt i prosessen. Tiltaka gjeld utelukkande verksemder som er direkte ramma av forhold som vert ­vurdert etter kriseparagrafen, og det er avgjerande at verksemdene på førehand søkjer om tillating til bruk av ­konvensjonell fôrvare. For å søke om førebels tillating nyttar ein søknads­skjemaet «Søknad for bruk av konvensjonelt fôr» som ligg på Debio si heimeside: https://debio.no/dokumenter/. Det er naudsynt å søke i god tid før bruk.

Bruk av konvensjonelt fôr og større del økologisk kraftfôr

Økologiske dyr skal i utgangspunktet fôrast med utelukkande økologisk fôr, men upårekna hendingar vert tatt omsyn til i regelverket.Jamfør økologiforskriften § 3 (katastrofeparagrafen) er det mogleg å søke om tillating til bruk av konvensjonelt fôr når fôrproduk­sjonen er gått tapt, eller det vert pålagt restriksjonar som følgje av ekstra­ordinært vèr, utbrot av smittsame sjukdommar, forureining med giftige stoff eller som følgje av brann.

Hovudintensjonen ved erstatting av økologisk grovfôr er at det skal vere «stråfôr» som gras, høy og halm. I mangel av ”stråfor” har det vore viktig å finne gode løysingar fôr fôringssituasjonen med utgangspunkt i norske råvarer.

Følgjande fôrvarer vart etter kvart rekna som grovfôr:

  • Stråfôr (gras, høy, halm)

  • Fiberrike restprodukt som potet­skrell, potetrasp og mask

  • Pelletert grasmjøl/luserne («pelletert gras»)

  • Rotvekstar (for eksempel kålrot, nepe, gulrot)

Pellets av anna enn gras (for eksempel av roesnittar) vert rekna som kraftfôr. Potet vert også rekna som kraftfôr. Ein kan søke om bruk av konvensjonelt grovfôr og/eller høgare del økologisk kraftfôr. Det har ikkje vore mogleg å søke om å bruke konvensjonelt kraftfôr.

Halm

Handsama halm kan verte brukt ­dersom det er gitt tillating til bruk av konvensjonelt fôr.

At halmen vert gjort fordøyeleg for dyra er heilt avgjerande for bruk av halm som fôr. Mattilsynet har avklart at ­produsentar som er ramma av tørken, og som får innvilga søknad om bruk av konvensjonelt grovfôr, kan bruke handsama konvensjonell halm. Halmen kan handsamast med NH³, dyppluting eller urea så lenge det er gitt tillating til å bruke konvensjonell fôrandel. Dersom det er økologisk halm som vert behandla, må produsenten søke om tillating til bruk som om halmen var ­konvensjonell. Det kan som ei siste moglegheit vurderast om sagflispellets også kan gå inn som konvensjonelt fôr, forutsatt at det er gitt skriftleg tilbakemelding frå fôrrettleiar som vedlegg i søknaden.

Korn med strå/bladverk i rundball

Kjøper ein økologisk grovfôr, må ein sikre seg at fôret verkeleg er øko­logisk. Å innhente erklæring frå seljar på dette ved mottak av fôret er vesentleg, og er ein i tvil kan ein gå inn på debio.no og finne godkjente produsentar og produkt.

Høgare del økologisk kraftfôr

Det er mogleg å søke om å auke mengda økologisk kraftfôr. Med kraftfôrdelar på over 50 prosent kan det vere utfordringar i samband med dyrehelse/dyre­velferd, og det må visast fram ei skriftleg stadfesting frå tredjepart at det er strengt naudsynt som einaste moglege fôringsløysing. Felleskjøpet har til­gjengeleg eit økologisk kraftfôr; Natura drøv fiber, som er tilpassa ein fôr­situasjon med bruk av mindre mengde grovfôr.

Det er fleire argument for å akseptere meir økologisk kraftfôr. Dette fører til mindre innførsel av grovfôr, noko som er viktig for å ta vare på norsk dyre­helsestatus. Meir økologisk kraftfôr inneber at dyra får meir økologisk fôr. Grovfôr til økologiske verksemder som er smitta er ei fare også for resten av næringa, og det har også blitt peika på at økologiske besetningar bør vere med på felles løysingar i næringa for å ta vare på norsk dyrehelse. Rådgivingstenesten har gitt råd om samansettinga av optimal fôrrasjon til dyra for å ta vare på dyrehelsa og dyrevelferden.

Bruk av karensfôrmiddel

Eige grovfôr frå nye areal i første års karens kan nyttast med inntil 20 prosent. Proteinvekstar frå eigne areal i første års karens kan vere ein del av desse 20 prosent, arealet kan ikkje ha vore drive økologisk dei siste fem åra, og kan heller ikkje ha vore gjødsla eller sprøyta i år.

Eige karensfôr frå 2. års karensareal kan nyttast med inntil 100 prosent. Ved kjøp av 2. års karensfôr kan fôret nyttast med inntil 30 prosent av fôrbehovet. Ein må dokumentere at fôret er kontrollert av Debio, og er godkjent som 2. års karensfôr. Det er ikkje naudsynt å søke om tillating til å bruke karensfôr. Du finn meir om reglane for bruk av fôr i Regelverksveilederen for økologisk landbruksproduksjon på debio.no.

Overgong til ny sesong

Det er ønskjeleg å finne gode løysing­ar i overgongen til ny beitesesong, og utfordringar hjå enkeltprodusentar må bli vurdert frå sak til sak. Produsentar som allereie no veit at dette vert eit problem, må beskrive dette i søknad om tillating til bruk av konvensjonelt fôr. Det er viktig at ein i søk­naden detaljert beskriv tal på dyr, kor mykje beite ein har tilgong på, kor store areal som vert slått, og for kva dyregrupper det vil vere behov for å tilleggsfôre etter beiteslepp. Har ein allereie fått innvilga søknad for innefôringsperioden, er dette også ei opplysning som bør med så tilleggssøknaden då kan sjåast i samanheng med tidlegare vedtak om bruk av ­konvensjonell fôrvare, eller auka bruk av økologisk kraftfôr.

Godt fôrgrunnlag som tåler eit dårleg år

Dagleg leiar i Debio, Ole Petter ­Bernhus håper at vurderingane som vert gjort bidrar til at økologisk produksjon kan oppretthaldast, og at verksemder ikkje kjenner seg tvungne til å gå tilbake til konvensjonell drift.

— At verksemder legg opp til eit godt fôrgrunnlag som kan bidra til at dei tåler år med noko lågare fôrproduksjon er noko vi ønskjer, men vi ser at vekst­sesongen 2018 har vore ekstremt ­vanskeleg, seier Bernhus. — Vi har også gjort oss nokre erfaringar knytt til krisehandtering i Debio. Vi søkjer no å ha menneskjer i beredskap, det skal alltid vere folk på jobb i Debio i slike situasjonar vi har opplevd i sommar. Korleis vi informerer bøndene, vere seg e-post, telefon, sms og sosiale media er grunnleggande. Vi arbeider med å finne betre løysingar på dette så vi skal nå enda breiare ut med aktuell informasjon til Debio-godkjende verksemder.

Ny nasjonal økomelkkonferanse

Norsk Landbruksrådgiving (NLR), Tine, Nibio og Fylkesmannen i Trøndelag inviterer til økomelkkonferanse i Stjørdal, 6. - 7. februar 2019. Hovedtema for konferansen er økonomi, klima og miljø, husdyrgjødselhåndtering, kalvehelse og dyrevelferd og proteinfôr fra egen gård. For mer info se www.nlr.no