Reportasje

Gode og gjennomtenkte løysingar i moderne fjøs

I fjøsen til Bente Axelsson og Ole-Johan Norddal i Jølster, er løysingane godt gjennomtenkte. Begge er dyrlegar med stor interesse for kyr, og dei har lang røynsle innanfor mjølkeproduksjon.

Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Tekst og foto

Anderstunet, Sandal i Jølster kommune, Sogn og Fjordane

  • Bente Axelsson og Ole - Johan Norddal, barna Ingrid (14), Sigbjørn (17)

  • Kvote: Eig 240 000 liter, leiger 60 000 liter

  • Areal: Driv 240 mål innmark, eig sjølv 81 mål innmark og 67 mål innmarksbeite, eig 1224 mål utmark

  • Buskap: 108 jersey-dyr totalt, 50 årskyr ved full drift

  • Avdrått: 7372 kg EKM per årsku i 2017 (berekna på 1. kalvskyr – vert høgare med eldre besetning)

  • 3.91 proteinprosent, 6,26 feittprosent

Aktuelle fordi dei er to dyktige dyrlegar som har bygt nytt fjøs, spanande for andre å sjå kva løysingar dei har valt

Bente føler seg heldig som kan stella i ein så fin og moderne fjøs. Ho sa opp fast jobb som veterinær i Mattilsynet for å bli bonde på heiltid med. For tida er ho også leiar i Jølster produsentlag.

I tillegg til å vera mjølkebønder, jobbar Ole-Johan som avdelingsleiar på Mo og Øyrane vidaregåande skule medan Bente har jobba i Mattilsynet, vore ­privatpraktiserande veterinær og helserådgjevar hjå Tine. No er Bente bonde på heiltid, og ho føler seg heldig som kan få lov å bruka tid på å stella i eit så fint og moderne fjøs. Familien har valt å satsa på ei rein jersey-besetning på grunn av høgt tørrstoffinnhald i mjølka, lettare dyr på beite og nye utfordringar med ny rase.

På eine sida av fôrbrettet er kalvingsbingar, lausdrift med mjølkerobot og tre rekker liggebåsar i tillegg til sinkuav­deling, og på andre sida held ungdyra til. — Kalvingsbingane er noko av det eg er mest nøgd med, smiler Bente.

Her er fem kalvingsbingar med tett golv der dei brukar mykje halm for å få mjukt og tørt underlag. I enden av desse bingane er det ein stor port i ytterveggen slik at dei enkelt kan få reinska ut halmen med traktor og ­lesseapparat. — Halmen vert sjeldan liggande meir enn tre veker, for då kan det lett bli problem med fluger, fortel Bente vidare. — I desse kalvings­bingane har me ku og kalv i alle fall til etterbyrda er kommen hjå kua, og me ser at kalven er frisk og rask. Ofte vert dette i alle fall eitt døgn. Ved god kapasitet får dei vera lenger saman, seier Ole- Johan.

Kalvar i enkeltboks til dei er 5-6 dagar

På andre sida av fôrbrettet, i nær ­tilknyting til kalvingsbingane, har dei enkeltboksar til småkalvar. Her er det rikeleg med halm i botnen på boksane så kalvane kan liggja mjukt og tørt. Dei vert verande i enkeltboksar til dei er 5 – 6 dagar gamle. I løpet av desse dagane vert kalvane tilvent kald surmjølk, kjemisk syrna med Ensil 1. Etter dette vert dei flytta over til fellesbingar.

Kalvekjøkken

Like ved enkeltboksane har Bente og Ole-Johan kalvekjøkkenet. Her har alt av utstyr sin faste plass på veggen, og alt er komme opp frå golvet. — På denne måten vert det lett å holda alt reint, for god hygiene er avgjerande for å lukkast med kalveoppdrettet, smiler Bente entusiastisk.

Trivelege kalvar som tygg drøv 1 – 1,5 veker gamle

Kalvane vert grupperte etter alder, og det er om lag 10 kalvar i kvar binge. Dei har ein kalvefôringsautomat som forsyner to bingar, men i periodar med mange småkalvar, må dei også fôra ei gruppe manuelt med smokkbøtte. ­Bingane ser veldig trivelege ut med hellande liggjeplatting slik at urin renn ned til gangarealet. Bingane er også utstyrde med smokkar som kalvane kan suga på og kost å klø seg på. Dei har også fri tilgang på godt høy, kraftfôr og vatn. — Kalvane byrjar tidleg med kraftfôr, vatn og grovfôr, og me ser at dei jortar allereie frå dei er 1 – 1,5 veker gamle, seier Ole- Johan fornøgd.

Avvenninga startar med nedtrapping med mjølk når kalvane er 6 veker, og dei er ferdig avvende ved 8 vekers alder. Bente og Ole-Johan tek brystmål av ungdyra med jamne mellomrom, legg resultata inn i Kukontrollen og følgjer nøye med på at dyra veks slik som dei skal.

Heile familien i fjøsen. Dei har rein jersey-besetning, og har valt å satsa på Jersey på grunn av høgt tørrstoffinnhald i mjølka, lettare dyr på beite, og nye utfordringar med ein ny rase.

Foto: Privat

Det er god plass rundt drikkekara. Her kan dyr stå og drikka samstundes som at andre dyr kan passera.

Glade kyr

I sjølve lausdrifta verkar kyrne fornøgde og rolege, og dei er reine og fine. Her er tett golv i gangarealet, og skrapa går med jamne mellomrom. Gjødsla vert pumpa ut til utvendig gjødsellager. — Dersom me hadde bygt fjøs i dag, ville me kanskje valt spalter med gummi og kanalomrøring. Det har vore litt mykje driftsforstyrringar med skrapeanlegget, men det fungerer greitt det opplegget me har også, seier Ole-Johan.

God klauvhelse

Klauvhelsa hjå kyrne er god. — Me ­leiger inn profesjonell klauvskjerar to gonger i året, og då går me over alle kyrne, fortel Bente.

Fjøsen er på 1 112 kvadratmeter, og det er Gråkjær som har stått for oppføring av bygget medan Felleskjøpet har alt av innandørsmekanisering.

Kalvane har romslege bingar der dei til ei kvar tid har tilgang på vatn, kraftfôr og høy. I tillegg har dei narresmokkar og suga på og kostar å klø seg på.

Fjøsen har fem kalvingsbingar med tett golv som vert dekka med rikeleg med halm. I bakkant er det ein stor port i yttervegg slik at ein kan komma til med traktor og lesseapparat for å byta ut halmen med gjevne mellomrom.

Miksar og distribusjonsvogn

Fôringssystemet dei har valt er utfôring med vogn som går automatisk. Dei har miksar der dei lagar ein miks til kyrne som er i produksjon og ein miks til sinkyr og drektige kviger. — Fôringa er viktig for helse og trivsel, og me leiger inn eigen fôringsrådgivar frå Tine som set opp fôrplanar til oss, seier Bente.

Dei flinke bøndene har også stort fokus på holdet til kyrne gjennom ­laktasjonen, og kyrne her ligg mellom 3 og 3,5 i holdpoeng.

Følgjer «Godt jur – anbefalinga»

Når det gjeld jurhelsa, så følgjer paret «Godt jur – plakaten» som er anbefalinga frå Helsetenesta for storfe. Dette inneber mellom anna systematisk arbeid med jurhelsa, speneprøvetaking av alle mastittar og av alle kyr med over 100 000 i geometrisk middel tre siste prøvar når det nærmar seg av­­sining. Dyr som vert sinbehandla med antibiotika vert tatt ny speneprøve av seks dagar etter kalving. Dersom sinbehandlinga ikkje har verka, vert dyret utrangert på gunstig tidspunkt. Bente og Ole -Johan tek også vegeprøvar kvar månad for å følgja med på celletalet, og dei er nøye på å byta spenegummi og andre slitedelar i roboten til anbefalte tider.

Smittesjef i eigen besetning

Dyrlegane er også veldig opptekne av å holda dei friske dyra friske, og stenga eventuell smitte utanfrå ute frå fjøsen. Alle som besøkjer fjøsen må skifta til garden sine eigne klede og sko, i tillegg må hender vaskast og desinfiserast. Besetningen er «grøn», og har status som Helsestorfe.

Rettelse

I lederen i forrige nummer av Buskap sto det at «Dyrevernalliansen har i samarbeid med Rema 1000 lansert Dyrevernmerket». Dyrevernalliansen ønsker å presisere at det er de som har lansert merkeordningen og er eneste eier til den. Rema 1000 har kun bidratt til å delfinansiere etableringen.