Føresetnader for kalkylane
Nord-Østerdalen |
Sør-Østerdalen |
Glåmdalen |
Hedmarken |
Akershus |
||
---|---|---|---|---|---|---|
Kjøtt |
Sone |
3 |
3 |
2 |
1 |
1 |
Sats (kr/kg) |
7,75 |
7,75 |
4,95 |
0 |
0 |
|
AK-tilskott |
Sone |
5 |
5 |
3 |
1 |
3 |
Kr/dekar |
395 |
395 |
240 |
155 |
240 |
Kjøttpris, lett rase (kr/kg) |
Kjøttpris, tung rase (kr/kg) |
Fôringskalv, lett rase (kr) |
Fôringskalv, tung rase (kr) |
|
---|---|---|---|---|
Ku |
51 |
53 |
||
Kvige |
63 |
66 |
8 100 |
11 800 |
Okse |
67 |
72 |
10 700 |
14 600 |
Fullt påsett |
Sal av fôringskalv |
|||
---|---|---|---|---|
Lett rase |
Tung rase |
Lett rase |
Tung rase |
|
Totalt fôrkrav |
5 608 |
5 995 |
4 330 |
4 650 |
Kraftfôr |
864 |
915 |
225 |
300 |
Innhausta grovfôr |
3 044 (2 044) |
3 330 (2 330) |
2 505 (1 505) |
2 750 (1 750) |
Beite innmark |
450 |
450 |
400 |
400 |
Beite utmark |
1 250 |
1 300 |
1 200 |
1 250 |
Halm |
0 (1 000) |
0 (1 000) |
0 (1 000) |
0 ( 1000) |
Anna fôr |
0 |
0 |
0 |
0 |
Vi har gått ut frå at gardbrukarane har eit gitt innmarksareal og at driftsbygningane er slik at dei kan velje å ha eit gitt tal ammekyr med full framfôring av alle kalvar eller selje fôringskalv og ha fleire mordyr. Fordi det er få kjøttprodusentar som sel fôringskalv, hadde ein ikkje rekneskapsmateriale å byggje på og analysen er basert på kalkylar. For å lage slike kalkylar må ein velje ei lang rad føresetnader. Ein rekna med at vilkåra for å drive mjølke- og kjøttproduksjon varierer både med dei naturlege produksjonsvilkåra og med støtteordningar.
Produksjonsvilkår og støtteordningar
Det vil vere ein viss samanheng mellom produksjonsvilkår og støtteordningar i og med at støtteordningar delvis er meint å kompensere for vanskelege produksjonsvilkår. Både produksjonsvilkår og tilskottsordningar varierer innan fylka, særleg i Hedmark. I samråd med oppdragsgivar vart Oslo og Akershus rekna som ein region som i denne artikkelen er kalla Akershus. Hedmark fylke vart delt i fire regionar: Hedmarken, Glåmdalen, Nord-Østerdalen og Sør-Østerdalen. Innan desse regionane er det fleire soner for distriktstilskott på kjøtt og på Areal- og kulturlandskapstilskott. Tabell 1 viser kva soner for distriktstilskot på kjøtt og Ak-tilskott vi rekna med for kvar region.
Prisar
Distriktstilskotta kjem i tillegg til basisprisane på kjøtt som er lik i alle regionar. Tabell 2 viser kva prisar vi rekna med på slakt av ku, kvige og okse av lett og tung rase. Dessutan viser tabellen kva prisar vi rekna med for fôringskalv. Det er gått ut frå at fôringskalvar er fødde om våren, at dei har gått med mora om sommaren og vert selde ved beiteslutt når dei er om lag seks månader. Føresetnader om prisar og tilskottsordningar er tilpassa tilhøva i jordbruksavtalen for 2017/18.
Brukt fôreiningar
Sjølv om fôreiningar ikkje er brukt i fôrplanlegging lenger, har vi i dette arbeidet likevel nytta fôreiningar (FEm) i denne analysen. Tabell 3 viser kva fôrplanar vi har rekna med. Det er rekna at ein i Akershus, Hedmarken og Glåmdalen kan nytte halm, eller tilsvarande fôr utan arealkrav, i vinterfôret. Utmarksbeite er i basisalternativa nytta i ammeku¬produksjon.
Bruka i Østerdalen treng større innmarksareal per ku enn bruka i dei andre områda både på grunn av mindre grovfôravlingar per dekar og at det er forutsett at dei ikkje nyttar halm i fôringa. Med basisføresetnader er arealkravet ved full framfôring 1,28 gonger arealkravet ved sal av fôringskalv i regionane Akershus, Hedmarken og Glåmdalen. I Sør- og Nord-Østerdalen er forholdstalet 1,19. Desse forholdstala viser kor mange fleire kyr ein teoretisk kan ha på same areal ved sal av fôringskalv enn ved fullt oppdrett med valde føresetnader.
Arbeidskostnad
Arbeidsinnsats og krav til arbeidsbetaling er viktige faktorar i slike samanlikningar. For arbeidsinnsats, som andre faktorar, er skilnaden mellom alternativa viktigare enn føresetnaden for kvart alternativ isolert sett. Vi har rekna at arbeidsinnsatsen er fem timar mindre per ammeku når ein sel fôringskalv enn når ein har full framfôring. Arbeidskostnaden er elles sett lik kr 200 per time i alle regionar.