Siste sundag i august var det igjen tid for det som no har vorte ein tradisjon, kuutstilling og kalvemønstring på Jærmessa på Varhaug. Takka vera ein god dugnadsgjeng både til planlegging og gjennomføring vart det eit vellukka arrangement der bønder fekk treffast og vist fram flotte og velstelte dyr.
Inga Skretting Timpelen
Mjølkeprodusent
ingaskretting@gmail.com
Reportasje
Jærmessa 2018
Fem deltakarar i ungdomsmønstringa konkurrerte om å visa fram kua si på best mogleg måte. I kalvemøntringa var det berre tri deltakarar i år, med stor spreiing i alder. Alle løyste oppgåva på ein god måte. 10 kyr stilte opp i konkurransen om å verta Miss Jæren. Dei vart fordelte på tri klassar; Første kalv Jersey, første kalv NRF og eldre kyr. I klassen for eldre kyr deltok det ei holsteinku i tillegg til tri NRF-kyr. Mathilde Mellemstrand dømde ungdoms- og kalvemønstringa. Dommar for kuklassane var den erfarne avlsrådgjevaren og kudommaren Tore Joa. Leiar i Rogaland Bondelag, Marit Epletveit delte ut premie til Miss Jæren og heldt samstundes ein inspirerande tale.