Tema: Bygg

Trivsel og høg produksjon massivtrefjøs

Det er lyst og triveleg i fjøsen til Jens Reidar Ljøsne. Fjøsen var innflyttingsklar i september 2015, og her ser det ut til at både folk og dyr trivst. Når trivselen er god, er det også lettare å oppnå gode resultat, og Jens Reidar var i 2017 på lista over dei høgstytande besetningane i landet.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Øvre Ljøsne, Lærdal ­kommune i Sogn og Fjordane

  • Jens Reidar Ljøsne og Bjørg Haugo, barna Ingrid (13) og Ola (9)

  • Kvote : 440 000 liter

  • Buskap: 50 årskyr, full framfôring av oksar og påsett av kviger

  • Avdrått: 10468 kg EKM per årsku i 2017

  • Storleik: Eig 180 dekar, men driv totalt 500 dekar

  • Aktuell fordi dei har bygt nytt fjøs i tre som fungerer godt for folk og dyr

Fjøsen har god plass framfor mjølkeroboten. Her er også eit stort drikkekar med god kapasitet.

Jens Reidar Ljøsne valde å byggja i massivtre, og dette valet har han ikkje angra på i ettertid. – Det var kvalitetane til tre og prisen som avgjorde valet, seier han fornøgd. - Tre gir eit tørt og godt innemiljø med god lyddemping, fortel han vidare.

Fjøsen er bygt med naturleg ventilasjon. Her er gardiner i begge langsidene som slepp inn mykje lys og luft, og det er seks piper på taket som syg ut luft. – Denne ventilasjonen fungerer veldig godt hjå oss, seier Jens Reidar. Fjøsen er frostfri sjølv når utetemperaturen sig ned mot -15 grader, men då må det vera mange kyr i fjøsen for å produsera nok varme. Vidare er taket isolert med sandwichplater oppå massivtreet for å minska varmetapet om vinteren.

Romsleg fjøs

Storleiken på bygget er på 18 x 43 meter, og husar vaksne kyr. Kalvane er plassert ute i hytter medan kviger og oksar får plass i gamlefjøsen. Nybygget er ein tre-rekkers fjøs med 46 liggjebåsar og 35 eteplassar. Frontane er skråstilt slik at kyrne kan nå lengst mogeleg ut på fôrbrettet. I tillegg er det fanghekk på heile rekkja. Her er eiga sinkuavdeling i tillegg til to kalvingsbingar og eiga velferdsavdeling for nykalva kyr eller andre som treng ekstra ro eller oppfølging. Jens Reidar har spreidd kalving gjennom heile året, og utan sinkuavdelinga hadde det vorte vanskeleg å styra holdet på dyra. – Rett hold er heilt avgjerande for høg produksjon, god helse og fruktbarheit, seier den flinke bonden.

Svært nøgd med holdkamera

For å få endå meir kontroll på holdet og for meir presis tildeling av kraftfôr, har Jens Reidar investert i holdkamera. – Dette er den beste investeringa eg har gjort. Etter at eg fekk ettermontert holdkameraet hausten 2017, har eg skrudd ned kraftfôrforbruket, særleg på slutten av laktasjonen, men eg har også justert ned forbruket gjennom heile mjølkeperioden, seier Jens Reidar fornøgd. Kyrne får i seg meir fôr på fôrbrettet enn kva norma skulle tilseia, og då kan dei lett bli i litt for godt hold.

– Fôringsrådgivaren seier også at eg lyt venja meg til å sjå ribbeina på dyra, så eg har fortsatt meir å gå på, ler Jens Reidar.

Enkel og driftssikker fôring

Fôrbrettet er på heile langsida av fjøsen, og utfôringa skjer med at Jens Reidar køyrer ut fôret med traktor og fullfôrvogn, og ei tildeling held i 1,5 døgn. Han har rundballar frå tre slåttar, og Jens Reidar lagar ei grunnblanding som består av grønfôr og raigras i tillegg til at han har ein del poteter, gulrøter og mais som han blandar inn. Han nyttar også kraftfôret Formel fullfôr og betefôr i blandinga, og dette utgjer om lag 1 kg per ku per dag. I tillegg får kyrne kraftfôr i robot og automat, og her nyttar han seg av Formel Favør 80 og Formel Energi Premium 80. – Sinkyrne får eige fullfôr som består av mellom anna halm, energifattige rundballar og Formel Protein 42 og mineralblanding frå Alltech, fortel den ivrige bonden. I tillegg får sinkyrne «oppsopet» frå mjølkekyrne.

Open forbinding til gjødselkjellar

Like før Jens Reidar gjekk i gang med bygging, vart forskrifta for hold av storfe endra slik at det vart tillatt med open forbinding mellom husdyrrom og gjødsellager. – Dette ville eg gjerne nytta meg av, for det sparte meg for store kostnader med betongarbeid, i tillegg til at systemet er enkelt og driftssikkert, seier Jens Reidar. I gjødselkjellaren har han vifter som trekkjer luft ut frå gjødsellageret, slik at farlege gassar ikkje skal gå opp til husdyrrommet. I tillegg er golvet temmeleg tett med langt mellom spalteopningane (4 prosent opning til gjødselkjellar), og dette stiller krav til at skraperoboten må fungera. – Me hadde trøbbel med denne i starten, men me fekk orden på den, og no fungerer det bra, seier Jens Reidar.

Gode resultat

I denne fjøsen har dyra det godt, her er lyst og triveleg, god luftkvalitet, god plass framfor mjølkerobot, breie tverrgangar, komfortable liggjebåsar, fôr av god kvalitet på fôrbrett og store drikkekar med god kapasitet. Dyra verkar rolege og fornøgde og mange ligg i liggjebåsane. Dette gode inntrykket, viser også att i produksjonsresultata. Jens Reidar har eit FS -tal på 80, og han nyttar kun inseminering. Han var også på lista over dei med høgast avdrått i 2017, og desse tala viser at fjøs og stell fungerer godt. – Eg kjøper ganske mykje rådgiving av flinke Tine-rådgivarar, og så er det viktig å gjera slik som dei seier også, smiler den fornøgde bonden til slutt.

Ein stor del av kyrne ligg i liggebåsane, og det er ro og harmoni i fjøsen.

Fjøsen er lys og luftig, og ein god plass å vera for folk og dyr. Her ser me at fronten er skråstilt for at kyrne skal nå lengst mogeleg ut på fôrbrettet. Det er også fanghekk langs heile rekkja.

Sinkuavdeling er viktig for at dyra ikkje skal bli feite. Sinkyrne får eigen sinkumiks som består av energifattige rundballar, halm, Formel Protein 42 og mineralblanding.

Fjøsen har eiga velferdsavdeling for nykalva dyr eller dyr som treng ekstra oppfølging. Like ved sida av velferdsavdelinga er kalvingsbingane.

Her er open forbinding til gjødselkjellar, og golvet er nesten tett med berre 4% opning ned til gjødselkjellar. Her er det viktig at skraperoboten fungerer. Golvet har også godt feste for dyra.

Kalvane vert oppstalla ute i eigne kalvehytter. Her er smittepresset lågt, og dei held seg friske.

Fjøsen har naturleg ventilasjon. Lufta kjem inn gjennom opninga på langsidene, og gammal luft vert sugd ut gjennom pipene i taket.

I denne miksaren som han koplar til traktoren, lagar Jens Reidar grunnmiks til kyrne og fullfôrmiks til sinkyrne. Dette fôringssystemet er enkelt og driftssikkert.