Beitetildeling, beiteåtferd og produksjon på beite
Stripebeiting var best med omsyn til mjølkeproduksjon, men skiftebeiting er mindre arbeidskrevjande
Forskar i NIBIO
havard.steinshamn@nibio.no
Beite utgjer stadig mindre del av fôret til den norske mjølkekua. I 2000 stod beite for om lag 17 prosent av energiopptaket medan det i dag er under 10 prosent. Årsakene til nedgangen er mange, men ein viktig årsak er nok at beiting til høgtytande kyr er krevjande.
Skiftebeiting god løysing til høgtytande fôr
Skiftebeiting med relativt kort tid på kvart skifte (2-4 dagar) er ein god måte å tildele nok beite med høg kvalitet. Beitet treng 3-4 veker på forsommaren for å vekse til att, og lenger tid på seinsommaren, noko som betyr at ein må dele inn beitet i mange skifter. Større skifter, der kyrne går i lenger tid før ein bytter, er mindre arbeidskrevjande. Men dersom dyra går lenge på kvart skifte, går beitekvaliteten raskt ned med det som følgje at avdråtten også minkar. Ein annan måte er å stripebeite innanfor større skifter. Da tildeler ein nytt beite ein til to gonger dagleg med flyttbart elektrisk gjerde. På den måten vil kyrne få tilgang på nytt beite med høg fôrkvalitet daglig. Vi ville teste om stripebeiting innanfor skifte gir større beiteopptak og mjølkeproduksjon samanlikna med om dyra får tilgang på heile skiftet på ein gong.
Teste stripebeiting innanfor skifte
Forsøket vart gjennomført på Tingvoll gard, ved Norsk senter for økologisk landbruk, på forsommaren og seinsommaren i åra 2015 og 2016, altså i alt fire periodar. Kvar periode var på to veker. Dyra fekk nytt skifte kvar veke. Ei gruppe kyr fekk tilgang på heile skifte frå dag ein, skiftebeiting, medan ei anna gruppe fekk ny stripe tildelt ein gong dagleg, stripebeiting. Areala var like store for begge tildelingsmåtane og justert slik at beitetilbodet var på om lag 20 kg tørrstoff per ku og dag. Beita var dominert av engsvingel og timotei. I kvar av dei fire forsøksperiodane hadde vi med 16 mjølkekyr fordelt på fire grupper, der to grupper fekk skiftebeiting og to fekk stripebeiting. Gruppene var balanserte med omsyn til laktasjon, stadium i laktasjon og kraftfômengd. Kyrne gjekk ut heile døgnet og vart henta inn til mjølking morgon (klokka 7-9) og kveld (klokka 17-19), og fekk då tildelt kraftfôr i mjølkegrava. Mjølkeavdråtten blei registeret for kvar mjølking, og vi tok prøver av beitet og mjølka og vog kyrne jamleg gjennom kvar forsøksperiode. Vi brukte ein markør for å bestemme beiteopptaket hos kvar ku. I 2016 utstyrte vi kyrne med grimer med sensor som registrerer tyggeaktiviteten og som kan skilje mellom tid brukt til eting og drøvtygging.
Ingen effekt av beitetildelingsmåte på fôrkvalitet
Fôrkvaliteten av beitet gjekk raskt ned i løpet av veka på begge beitetildelingsmåtane både tidleg og seint i beitesesongen. Men det var ingen effekt av beitetildeling eller sesong.
Ingen sikker effekt på avdrått
Kyrne tok opp i gjennomsnitt 10,9 kg beitetørrstoff dagleg, og det var ein tendens til at dei som gjekk på stripebeiting tok opp meir beite enn dei på skiftebeiting på seinsommaren både som tørrstoff, råprotein og nettoenergi (tabell 1). Mjølkeavdråtten var i gjennomsnitt 26,5 kg EKM per ku og dag. Avdråtten gjekk ned gjennom alle forsøksperiodane, og det var ingen sikker effekt av beitetildelingsmåte (figur 1). Men nedgangen i avdrått var mindre på stripebeiting enn på skiftebeiting på seinsommaren. Det var ingen effekt av tildelingsmåte eller sesong på innhaldet av feitt, protein og laktose i mjølka (tabell 1). Kyrne på skiftebeiting tok av meir i vekt enn dei som gjekk på stripebeiting, og kyrne på stripebeiting seint i beitesesongen held vekta (tabell 1).
Tidlig |
Seint |
|||
---|---|---|---|---|
Skifte |
Stripe |
Skifte |
Stripe |
|
Fôropptak |
||||
Beiteopptak, kg TS/dag |
11,1 |
10,6 |
10,3 |
11,6 |
Totalt fôropptak, kg TS/dag |
15,1 |
14,6 |
14,3 |
15,6 |
Totalt NEL, MJ/dag |
104,0 |
100,0 |
91,0 |
100,0 |
Totalt råprotein, kg/dag |
2,23 |
2,18 |
1,92 |
2,11 |
Mjølkeproduksjon og vektendring |
||||
Mjølk, kg/dag |
25,2 |
25,9 |
25,7 |
26,1 |
EKM, kg/dag |
26,2 |
26,7 |
26,7 |
26,4 |
Fett, g/kg |
43,1 |
43,1 |
43,0 |
42,0 |
Protein, g/kg |
34,9 |
33,6 |
34,0 |
33,9 |
Laktose, g/kg |
47,0 |
46,8 |
47,4 |
47,6 |
Vektendring, kg/dag |
-1,0 |
-0,5 |
-1,2 |
0,3 |
Beiteåtferd |
||||
Beiting, min/dag |
582,0 |
600,0 |
642,0 |
625,0 |
Drøvtygging, min/dag |
457,0 |
439,0 |
421,0 |
444,0 |
Etetid per kg fôr, min/kg TS |
42,1 |
38,0 |
54,2 |
48,2 |
Drøvtygging per kg fôr, min/kg TS |
33,6 |
27,8 |
35,6 |
34,0 |
Total tyggetid per kg fôr, min/kg TS |
75,9 |
65,7 |
89,8 |
82,2 |
Kyrne på skiftebeite brukte meir tid
Kyrne brukte i gjennomsnitt 612 minuttar på å ete og 440 minuttar på drøvtygging dagleg (tabell 1). Det var ingen forskjell på beitetildelingsmåte på tid brukt til beiting og drøvtygging, men på seinsommaren brukte kyrne i gjennomsnitt 43 minuttar meir per døgn på beiting enn på forsommaren. Sjølv om tørrstoffopptaket var om lag det same, så brukte kyrne på stripebeiting i gjennomsnitt 5 minuttar mindre tid til eting per kg fôropptak og om lag 9 minuttar mindre total tyggetid per kg fôropptak enn dei som gjekk på skiftebeiting. Vidare så brukte kyrne på seinsommaren om lag 11 minuttar lenger tid per kg fôropptak enn dei på forsommaren og 15 minuttar meir total tyggetid per kg fôr. Med andre ord, så måtte kyrne på skiftebeiting bruke meir tid på å beiting for å få i seg same mengd fôr som dei som fekk ny stripe dagleg, og på seinsommaren måtte kyrne bruke meir tid enn på forsommaren til å få i seg same mengd.
Beiteåtferda påverka av beitesystem
Beiteåtferda gjennom døgnet var også sterkt påverka av både tildelingsmåte og beitesesong (figur 2). Kyrne på skiftebeiting hadde større beiteaktivitet før mjølking om morgonen enn dei som gjekk på skiftebeiting, særleg på forsommaren. Mellom mjølkingane på forsommaren, brukte kyrne på stripebeiting meir tid på beiting enn dei på skiftebeiting, medan det var liten forskjell på tildelingsmåtane på seinsommaren. På forsommaren så varierte beiteaktiviteten mykje mellom mjølkingane, medan det på seinsommaren var aktiviteten jamnare. Vi såg også at det var svært liten beiteaktivitet mellom klokka 23 og kl. 7 på seinsommaren samanlikna med forsommaren. Det heng saman med at døgnet var om lag fire timar lenger på forsommaren på seinsommaren, med soloppgang klokka 3:40 på forsommaren og 5:45 på seinsommaren og solnedgang kl. 23 og 21 på høvesvis forsommar og seinsommar.
Prosjektet var finansiert av Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri, Norsk senter for økologisk landbruk, Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og TINE Rådgiving.
Stripebeiting betre enn skiftebeiting
Alt i alt så var stripebeiting betre enn skiftebeiting for mjølkeproduksjon. Det er fordi stripebeiting ga mindre nedgang i mjølkeproduksjon på seinsommaren, det gav mindre mjølking på holdet og kyrne brukte mindre tid på å få i seg fôret. Likevel var skilnadane små, og skiftebeiting, slik vi her la det opp i dette forsøket, var mindre arbeidsamt enn stripebeiting.