Endret plan for fôrdyrkinga
Dei siste åras endringar i einingsstorleik og teknologi har gjort det aktuelt å vurdere arealbruk etter andre prinsipp enn tidlegare.
Rådgiver i Landbruk Nordvest
jon.geirmund.lied@nlr.no
Rådgiver i Norsk Landbruksrådgiving Innlandet
oke@nlr.no
Lausdrift, rundballar og fôrblanderi har ført til at vi i større grad kan tilpasse forseddelen utfrå dyret sitt behov, til dømes sinperiode, høglaktasjon og ytingsnivå. Aukande areal og transportavstandar og meir omskifteleg vér i onneperiodane har gjort det vanskelegare å rekke heile slåtten på få dagar. Alt i alt opner dette for meir differensiering av fôrproduksjonen.
Produsere det som gjev best økonomi
Målsettinga må vere at jordbruksareala leverer dei fôrslaga med rett kvalitet og mengde som, totalt sett, gjev høgast botnline for foretaket. Til det trengs kunnskap, analyse og budsjett om eige foretak, men nokre generelle råd kan likevel gjevast:
Høge avlingar av rett kvalitet gjev ofte god økonomi.
God beitedrift gjev ofte god økonomi.
God utnytting av «trinnvise» investeringar gjev ofte god økonomi.
God utnytting av trinnvise investeringar
Driftsbygninga er eit godt eksempel på ei trinnvis investering. Sjølv etter nybygg er vi relativt låst med omsyn til volum i mange år framover. Oftast er det interessant å ha stor omsetning pr. investert krone i driftsbygningen, det vil seie full fjøs med høg produksjon. Fyrst nok mjølkedyr til å fylle kvoten, og så resten til kjøt- eller kvigeproduksjon. Med dyretal på plass kan vi begynne å planlegge fôrproduksjonen, der det å dekke fiberbehovet i ulike produksjonsfasar bør ha første prioritet.
Kriterier for prioritering av areala
Når du planlegg kva kvalitet og mengder grovfôr du ønsker, og kva som er muleg og lønnsomt å produsere sjølv, foreslår vi denne rekkefølga:
Beite
Surfôr av ulike kvalitetar
Andre fôrmiddel
Når du skal velge kva fôr du skal dyrke på ulike areal, er viktige faktorar: jordveg og klima (til dømes bæreevne for dyr og maskinar), om areal er lett- eller tungdreve til slått og beite (arrondering, helling) og ikkje minst avstand til driftssenter (transport kostar og stel haustekapasitet).
God beitedrift
Beitefôr er ofte rekna å vere svært rimeleg, sidan dyra sjølve står for innhaustinga, i tillegg til at vi slepp lagrings- og utfôringskostnader. Der kjem kostnader til gjerding og kanskje vatn til dyra. Høgare kostnader knytt til drift og fornying av grassvoren er oftast mykje lågare enn innsparte kostnader.
I fleire område i landet kan vi med fordel beite mykje meir enn i dag. Ein beiteperiode frå om lag 20.mai til 20. september vil vere aktuell mange stader både for mjølkedyr og tørrdyr/ungdyr. Dette vil krevje trakksterke areal i akseptabel avstand frå fjøsen for mjølkedyra sin del (opp mot 500 meter avstand til fjøs utan problem), medan ungdyr/tørrdyr toler å bli flytta. Vi må rekne lågare avlingar med beite enn slått på fulldyrka mark, truleg i området 20-25 prosent mindre avhengig av mellom anna jordtype. Vi kan óg rekne med høgare grovfôropptak i beiteperioden, slik at arealbehovet vil auke, truleg opp mot 30 prosent for beiteperioden. På årsbasis vil det truleg utgjere auka arealbehov på om lag 10-15 prosent.
Grønfôr til beite
Nokre vegrar seg for å bruke engareal til beite. Er du ikkje redd for ekstra våronnarbeid og har høveleg jord og arrondering, er grønfôr godt eigna til beite. Du får seinare beiteslepp, men kan beite utover hausten og avlingane er gjerne vel så gode som på engbeite. Med italiensk raigras og vårsådd haustrug kan du få like stor avling som enga du hauster til surfôr, avhengig av vekstsesong.
Korleis dyrke ulike surfôrkvalitetar?
Haustetid i høve til plantenes utviklingstrinn er viktigaste faktor for alle kvalitetsmål, frå energi og fiber via protein og sukker til mineralinnhald.
1. Basisfôr
Dette legg grunnlaget for behov for spesialfôr til struktur eller energi, utgjer størst mengde og er det som skal haustast i lengste slåtteperioden. Dine mål for ytingsnivå og grovfôrandel avgjer høveleg haustetidspunkt. Norske fôranalyser viser at dei fleste produserer nok fiber til å dekke dyra sine behov med basisfôret. Snautt arealgrunnlag eller dårleg fôrår gjev inniblant høg kraftfôrandel. Med nok arealgrunnlag kan du sikte mot meir energirikt grovfôr som kan spare kraftfôr, så sant det ikkje betyr tynnare lommebok.
2. Energirikt grovfôr
Tidleg slått gjev høg energi og protein, men låg fiber, og slik grovfôr må du ha om du skal spare kraftfôr. Tidleg hausting kapper tilvekstkurva både for tørrstoff og energi, og gir dermed lågare årsavling når vi ikkje har lang nok sesong til ein ekstra slått. Fleire slåttar pr. år tyner timoteien, som dominerer norske frøblandingar, og enga må snuast tidlegare. Har du lågt behov for høgenergi-grovfôr, kan du ta tidleg slått dei 1-2 siste åra i engperioden og slik begrense avlingsnedgangen drifta sett under eitt. Tek du 2 av 6 engår, går 1/3 av arealet og 15-25 prosent av fôrmengda til høgenergi.
3. Strukturfôr og sinkufôr
For dei fleste går dette ut på eitt, og oftast trengs små mengder. Sein slått gjev låg energi og protein og høg fiber. Tørrstoffavlinga auker lenge i plantenes utvikling, så vi får ei fortynning og lågare konsentrasjon av mineral. Eldre eng utan kløver vil oftast ha lågaste mineralinnhald på garden. Dyrka på kaliumsvak jord med snau kaliumgjødsling (og ikkje husdyrgjødsel) får vi truleg fôret som høver best til sinkyr utan særskilte tiltak på jorde eller i fjøs. Plantene lever godt med sein slått, men mange går i legde når dei står lenge etter skyting. Seinare slått auker óg sjansen for regnbyger som kan slå graset til bakken.
Gjødsling for kvalitet
Det er vanskeleg (og ikkje lønsamt) å gjødsle med nitrogen for å auke proteininnhaldet i grovfôr monaleg med tanke på respons hjå dyra. Mykje råprotein gjev mindre plass for sukker i fôret og dårlegare vilkår for surfôrgjæringa, og det gjev høgare belastning på vomma. På den andre sida begrenser vi avlinga før vi får monaleg nedgang i proteininnhald. For utnytting av nitrogen er det særs viktig at plantene óg får nok svovel.
Kalium vert teke raskt opp av plantene, og er ein viktig bidragsytar til KAD. Mykje kalium hemmer opptak av magnesium og kalsium, og kan vere eit problem både på beite og til slått. Lågt kaliuminnhald vil redusere avlinga, så dette er ikkje noko du skal gjere på mykje areal.
I enkelte tilfeller og på spesiell jord kan det være aktuelt å tenke spesielt på mineral vi finn lite av i handels- eller husdyrgjødsel, men i regelen er det enklare, sikrare og rimelegare å handtere problem med mineral gjennom tilskotsfôring på fjøset (eller tilskot på beite).
Meir protein
Belgvekstene er viktige for innhald av protein og mineralar. I mesteparten av grovfôrdistrikta er det små mulegheiter for å dyrke særskilte proteinvekster, så kløver og luserne er utan tvil dei viktigaste for eigenproduksjon av protein. Belgvekstar treng god jordstruktur, god pH og suppleringssåing i engperioden.
I avgrensa område kan dei dyrke åkerbønne for protein, men det er usikkert og for dei særs interesserte. Erter kan dyrkast over større område, men har ikkje høgare proteininnhald enn surfôr med godt kløverinnhald. Saman med korn i grønfôrblanding trengst erter for å få nokolunde proteininnhald. I Østfold pågår eit prosjekt der dei prøver auke andelen eigenprodusert protein, og her vert det truleg noko å lære for fleire av oss.
Energi frå korn
Heilgrøde av mais eller «norske» kornartar kan gi oss energi i form av stivelse. I praksis viser det seg for ofte at vi får eit fôr med lite stivelse, men mykje fiber og stor strukturverknad. Lukkast du, kan det vere aktuelt med opp mot 1/3 av grovfôret frå korn-heilgrøde.