Fôr

Fôranalyser ute på garden

Ny teknologi gir no muligheit for rask og effektiv kontroll av fôret ute på garden.

Tekst og foto:
Ingunn Schei

Spesialrådgiver

ingunn.schei@tine.no

Tine Rådgiving

Silje Herlofsen Nes ved NMBU scannar ein av rundballane med X-NIR.

Optimalisering av fôrrasjonen til mjølkekyr og ungdyr er viktigare enn nokon gong. Tøffare krav til effektivitet for å halde kostnadene nede, sunne og friske kyr og stort fokus på klimabelastning gir større behov for å kunne kontrollere fôringa. Grovfôret utgjer om lag 60 prosent av fôrrasjonen til ei mjølkeku, og godt grovfôr er grunnlaget for økonomien i mjølkeproduksjonen. For å utnytte potensialet som ligg i grovfôret er det viktig å kjenne kvaliteten på grovfôret ein har til rådigheit. Det vil enten kunne spare kraftfôrkostnader eller sørge for tilstrekkeleg kraftfôr med riktig kvalitet når grovfôret krev det.

Muligheiter med X-NIR

Næringsverdien i fôret varierar svært mykje, og det er umulig å sjå med det blotte auget kor mykje næring det faktisk er i eit fôrparti. Fôranalyser er difor viktig. I dag må fôrprøvene sendast inn til laboratoria, tørkast og malast før dei blir analyser, og det kan fort ta litt tid før svaret er klart. Analyseinstrument som kan brukast ute på garden utan forbehandling og gir umiddelbart svar, noe som vil kunne gi heilt anna muligheit for kontroll av grovfôret enn det som er mulig i dag. Det vil gi betre oppfølgjing av fôrrasjonane og meir effektiv fôring, og det vil igjen verke positivt både på økonomien og på miljøet. Eit instrument som er basert på ny teknologi der analysene kan gjerast ute på garden er X-NIR. Instrumentet er ein slags «pistol» som er lett å bære med seg og handtere, og den vil kunne bidra med hyppig og effektiv kontroll av fôret. Den er basert på nær-infrarød (NIR) spektroskopi i ferskt grovfôr og må kalibrerast mot kjente referanseverdiar. I dag gir X-NIR svar på tørrstoff, aske, råprotein og fiber (målt som NDF og ADF), og det er muleg å vidareutvikla instrumentet til å kunne måle andre verdiar også. Det er Dinamica Generale i Italia som har utvikla instrumentet, og det er Orkel som er leverandør i Norge. Tine har inngått avtalar med begge om å få tilpasse analysene til norsk grassurfôr.

Rundballar frå heile landet

For å tilpasse analyseinstrument som er basert på kalibreringar må vi ha fasitprøver. Til dette samlar inn 100 rundballar frå ulike kantar av landet. I vinter fikk vi tak i 70 rundballar frå Troms i nord til Agder i sør, og dei resterande rundballane kjem i haust. Eit lass er på vei frå Sunnmøre og eit anna frå Østfold. Kanskje greier vi å få frakta eit par rundballar frå Tana også. Rundballane er nøye plukka ut for å få variasjon i prøvematerialet både når det gjeld utviklingsstadium, innhald av ulike næringsstoff og grasartar, ensileringsmiddel og slåttnummer. Målet er at rundballane skal dekkje mykje av dei vekstforholda og variasjonen som er i grovfôret vårt. Rundballane blir frakta til Ås gård (forsøksgarden til NMBU) der dei blir pakka om og analyserast.

X-NIR måler tørrstoffet godt

Kvar av dei 70 rundballane vi har mottatt er først blanda godt i ei miksevogn og scanna med X-NIR. Prøver blir så sendt til kjemisk analyse, og dei skal fungerer som referanseprøver. Første omgang med testing av X-NIR viste svært godt resultat for tørrstoffmålinga, men dei høge verdiane (over 40 prosent tørrstoff) vart noko underestimert. Tørrstoffmålingane i seg sjølv er svært nyttige fordi det kan variere mykje frå rundball til rundball i same parti eller mellom ulike sjikt i siloen, og den dannar grunnlag for alle andre berekningar i Optifor. For NDF var det også lovande resultat, medan for råprotein viste instrumentet for stor forskjell i forhold til den kjemiske analysen i første omgang. Etter disse testane har Dinamica Generale laga nye kalibreringar som er betre tilpassa dei norske prøvene, og målingane skal difor vere betre no. Nye rundar med testing må til for å sjekke dei nye tilpassingane, og dette arbeidet er godt i gang no. Vi har i tillegg gått til innkjøp av to nye X-NIR apparat som to av rådgjevarane skal ha til utprøving og testing. Vi vil då kontrollere alle målingane som blir gjort med X-NIR via eit dataprogram som Dinamica Generale har kobla til internett. Scanningar som fell utanfor måleområdet blir sendt inn til kjemisk analyse og nye tilpassingar blir gjort.

Nye analyser

Den teknologiske utviklinga går i raskt tempo. Produsentar av analyseinstrument kjem med stadig nye parametrar vi kan få analysert både på laboratoria og påmontert diverse utstyr. Dette gjeld også X-NIR der vi har moglegheit for å kunne utvikle nye kalibreringar som kan gi oss svar på andre parametrar. Ein verdi som betyr mykje i fôrvurderinga er fordøyeleg organisk stoff (OMD). I tillegg har vi ufordøyeleg NDF (iNDF), syrer og ammoniakk som også inngår i fôrberekningane i Optifor og som vi gjerne skulle fått verdiar for. Disse analysane, spesielt med vektlegging på OMD, vil i tillegg til eksisterande analyser kunne gi oss moglegheit til å berekne energiverdien i fôret, og det vil kunne gi oss eit godt grunnlag for å sei kva potensial fôret har til å produsere mjølk.

Sauen er modelldyr

Referanseverdi for å finne fordøyelegheita av eit fôr er å la dyra ete seg igjennom fôret og sjå kor mykje som blir tatt opp i kroppen. Vi måler då alt av mengde og næringsstoff som dyret et og kva som kjem ut att i gjødsla slik at vi kan rekne ut differansen og det som er igjen i dyret. Det er omfattande og dyrt å bruke kyr til dette, og difor er sauen mykje brukt som modelldyr for kyr til dette i forsking. I NorFor-systemet er sau også brukt som fasit på kalibrering av OMD, og på dei verdiane vi får frå mange av laboratoria. Dei 100 rundballane skal difor kvar og ein brukast i fôringsforsøk på sau for å finne kor mykje av fôret i kvar enkelt rundball som faktisk blir fordøygd. Kvar rundballe i forsøket er nøye pakka i porsjonspakningar (to porsjonar/sau per dag) tilpassa vedlikehaldsbehovet for å fôre tre sauer i tre veker. Sauene står i individuelle boksar slik at vi har kontroll på det som går inn i sauen og det som kjem ut att i gjødsla. Men det tar tid å fôre 100 rundballar til tre sauer over tre veker, og vi forventar at dette vil gå i alle fall ut heile 2018 før alle rundballane er oppetne. I mellomtida er alle porsjonspakningane frosne ned i frysecontainerar.

Rundballane blir godt utnytta

Rundballane skal også brukast som fasitprøver for iNDF. Til dette nyttar vi kyr med fistlar inn i vomma der vi kan legge små posar med fôr rett inn i vomma og sjå kor mykje av fiberet som blir brote ned av vom-mikrobane (in sacco). Både saueforsøk og in sacco-metodar er kostnadskrevande og vanskelege metodar å etterprøve og kontrollere. Difor er planen å sjå på metodar basert på kunstige vommiljø (in vitro) for å sjå om dette kan brukast som fasitsvar i stadenfor på levande dyr. Fleire av laboratoria har eigne in vitro laboratorium der dei jamleg får vomvæske frå kyr som står på forskingsinstitusjonar, og dette lettar arbeidet med å kontrollere og oppretthalde gode kalibreringar.

Betre kvalitet med tilsetting av enzym

Det norske grassurfôret har generelt låg energiverdi. I år med dårlege hausteforhold som til dømes i år på Vestlandet ville det ha vore kjekt å kunne fått litt meir att for det fôret ein haustar. I prosjektet «Foods of Norway» som Tine er med og støttar er eit av måla å sjå på om det er muleg å gjere grovfôrkvaliteten i fôr med låg energiverdi betre. Her vil enzym bli tilsett for å prøve å bryte opp lignin som bind fast næringsstoffa, og då håpar ein at tilgjengelegheita av næringsstoff blir betre slik at fôrverdien aukar.

Kristin Sivertsen Storli ved NMBU har kontroll på næringsstoff som går inn i sauen via fôret og det som kjem ut att i gjødsla når det blir gjort fordøyelsesforsøk på sau.

Kristin Sivertsen Storli og Silje Herlofsen Nes pakkar rundballane i porsjonspakningar til tre sauer som skal fôrast i 3 veker. Det blir 126 pakningar for kvar rundballe, og er litt av ein jobb.