Alltid på jakt etter å kunna gjera det betre
Mange involverte og mykje logistikk krev god driftsleiing.
Spesialrettleiar i Tine Rådgiving
eivind.vik@tine.no
Kurompa Samdrift DA i Bø i Telemark
Samdrift med to generasjonar, Anne Grete og Arne Hegnastykket og Niri og Hege Hegnastykket
Kvote ca. 465 000 liter
9 555 kg EKM i avdrått pr. årsku
58 årskyr
60 dekar eiga jord. Leiger 640 dekar
Ca. 45 dekar overflatedyrka beite og ca. 60 dekar fulldyrka vert nytta som beite.
Arne (56) og Anne Grete (54) Hegnastykket starta som gardbrukarar i 1985. Kvota var då 85 000 liter. I dag driv dei melkeproduksjon i samdrift med sonen Niri (34) og svigerdotter Hege (41). Anne Grete arbeider i 60 prosent stilling som kokk på sjukeheimen, medan Hege køyrer stordyrpraksis som dyrlege. Niri leiger gard av ei tante, og dei har også kjøpt seg opp på kvote slik at samdrifta i dag disponerer ei kvote på ca. 465 000 liter. Eiga jord er ca. 60 dekar medan dei leiger om lag 640 dekar spreidd over heile bygda. Dei har knapt 30 ulike teigar. Også dotter Silje (31) hjelper til i drifta, og det er damene som mønstrar dyr til utstilling.
Driftsleiing
Med så mange involverte og mykje logistikk er det viktig at driftsleiinga er god. Arne har hovudansvaret i fjøsen, og dei andre deltek når dei har fri frå andre jobbar. – Tidlegare bruka eg også landbruksvikaren i Bø, og fann då ut at alle beskjedar må vera skriftlege. Me har hengt opp Leantavle i inngangspartiet, og her gir me viktige beskjedar.
I eit av hjørna på fjøskontoret har dei festa ei metallplate. Med magnetar er det lett å festa viktige papir, og det er også rom for den nye generasjonen til å bidra med teikningar. Sjølv om dei hadde laga desse systema på eiga hand, har dei også hatt besøk av Lean-koordinator Mai Gunn Horntvedt frå Tine. – Me er alltid på jakt etter å kunna gjera det betre, og det er nyttig å få både eit spark bak og få ein betre systematikk i arbeidet vårt, seier Arne.
Heile familien er fast innom fjøset ganske ofte, og då vert det heller ikkje så mykje nytt kvar gang. Godt system for kommunikasjon gir og mental avlastning for Arne. Når beskjeden er komen på tavla kan han stola på at det vert teke vidare.
Fjøset
Det nye fjøset har 58 mjølkebåsar og 14 sinkuplasser, med ei ungdyrrekke i bingar langs eine langsida. Bygget er oppført i isolerte betongelement med takstoler og isolasjon på loft. Dei flytta inn juni 2011 etter eit års byggjetid. Gråkjær stod for bygginga.
Dei siste åra har dei slite med mykje diare på kalvane, og det synte seg at dei hadde fått inn parasitten kryptosporidier (se faktaboks). Løysinga vart innkjøp av kalveiglo og bygging av ny rundbuehall med tre bingar. Her går kalvane på talle. Det er luftig og kalvane held seg friske og trivelege. Inne i fjøsen er nå berre fem kalveboksar for nyfødde kalvar. – Eg vil helst ikkje ha kalvane ståande inne meir enn 14 dagar før dei skal ut i iglo eller rundbuehallen, fortel Arne. - Me har prøvd ulike opplegg for mjølkefôring, både syrning av heilmjølk og ulike kalvemjølkerstatningar. Men me har enda opp med å berre bruka søtmjølk.
Det er kjøpt ny melketaxi som gjer melkefôringa lett, sjølv om rundbuehallen står utanfor motsett side av fjøsen. – No har me full kontroll både på mengde og temperatur.
Fôring
Alt graset vert hausta i rundballar, og køyrt heim etter behov. Arne har rundballehengar der han lastar 23 ballar. Ballane blir kutta i Serigstad kuttar før det vert fôra ut med ei distribusjonsfôrvogn. Utfôringa skjer 6-8 gonger for dag, og Arne tykkjer han vert for mykje bunde til utfôring i løpet av arbeidsdagen. Smalt fôrbrett gir føringar til val av nytt utstyr og vogna skal no skiftast ut med fullfôrvogn og minilastar for utlegg.
Det er lite beite i Bø, og kyrne beitar dyrka mark tett ved fjøsen. Kombinasjonen med robot og beiting har gått bra, og Arne fortel at han mest aldri hentar dyr inn til mjølking. – Men eg har nok litt færre kyr på sommaren, slik at presset på roboten då er noko mindre. Ungdyra vert transportert ut til tre ulike beiteområde.
Gjødsla vert skrapa til tverr-renne, og pumpa over til utvendig gjødselkum. Herifrå køyrer dei gjødsla ut til jordet med 15 kubbiksvogn med blekksprut.
Avl
– Me har hatt ein del korketrekkarklauver, og derfor har det blitt til at me plukkar oksar på klauver og jur, seier Arne.
Dei har i mange år nytta Gro Knutsen frå Tine til å vera med å setja opp avlsplan. Det har gjort at dei har fått dyr som eignar seg godt i roboten. Klauvboksen har fast plass i sjukegarden og dei skjer klauvene sjølv ved behov.
Meir bygging
Oksekalvane vert selde til liv ved tre månaders alder, men samdrifta har planar om eit nytt oksefjøs for å kunna ta oppfôringa sjølv. Dei har rikeleg med fôr, og no vert overskot av rundballar selde. Dei kan få eit rasjonelt oksefjøs i eige bygg tett ved fôringsområdet. Det gjer at dei også kan nytta det same utstyret for utfôring i begge bygga. Dyrelogistikken vil og bli god. Dei håpar og at det gir tilstrekkeleg økonomi til at også Niri kan vere meir heime.
Cryptosporidium parvum
Hva: Encellet parasitt som angriper cellene i tynntarmen
Forekomst: Utbredt, også hos kalver uten kliniske symptomer
Smitte: Gjennom opptak av parasittegg fra infiserte dyrs avføring
Kliniske symptomer: Gir vassaktig blekgul til grønlig diaré, væsketap, dårlig matlyst og dårlig tilvekst på kalv 1-3 uker. Oftest kommer kalvene seg innen to uker. Men støtteterapi kan være nødvendig.
Diagnostisering: Påvisning av rikelig antall oocyster i avføring, sammenholdt med kliniske symptomer og alder på dyra
Behandling: Ingen, foruten god støtteterapi i form av fortsatt tilførsel av energi gjennom mjølk og i tillegg væsketerapi
Forebygging: Gode råmjølksrutiner som sikrer god immunitet
Eventuelt redusere tida ku og kalv går sammen
God hygiene i kalvebokser og binger, nøye vask mellom hvert innsett. Helst bør boksen/bingen stå tørr og tom en tid mellom hvert innsett.
Rikelig med tørt strø: Unngå stress, høy dyretetthet og stor aldersforskjell på kalver i samme binge
Annet: Kryptosporidiose er en zoonose som betyr at parasitten kan overføres fra dyr til mennesker.