Avl

Husdyrproduksjon og bioøkonomi

EAAP, den årlege europeiske konferansen for husdyrproduksjon, vart arrangert i Tallinn i slutten av august.

Arne Gjuvsland

Avlsforsker i Geno

arne.gjuvsland@geno.no

EAAP samlar husdyrforskarar innanfor avl og genetikk, ernæring, dyrehelse og dyrevelferd. Hovudtema i år var husdyrproduksjonens rolle i utviklinga av bioøkonomien. I den delen av programmet som var felles for alle deltakarane var det generelle innlegg om bruk av ny sensor- og bildeteknologi og nye målemetodar for å oppnå meir presisjon og automatisering i husdyrproduksjonen (precision livestock farming). Innanfor storfeavlen var det fokus på korleis ny teknologi brukast for nye eigenskapar som er vanskelege eller dyre å måla direkte, slik som fôreffektivitet eller metanproduksjon i vomma. Dersom ein finn billige målemetodar, slik som spektroskopi på mjølkeprøvar eller aktivitetsmålingar, som gjer godt samsvar med dei dyrare målingane kan dette utnyttast ved at ein får indirekte målingar på mange fleire dyr og kan ta eigenskapane inn i avlsmålet.

Ta vare på genetisk variasjon

Genomisk seleksjon (GS) har no vore i bruk i storfeavlen i ein del år i store delar av verda og det var sett av god tid til å diskutera erfaringar med genomisk seleksjon så langt og staka ut kursen vidare. Eit gjennomgangstema her var å sørga for ein bærekraftig avlsframgang der ein tar vare på genetisk variasjon for framtida. GS aukar avlsframgangen dramatisk, men ein ser også at innavlsgraden aukar raskare enn før og det er viktig å kontrollera dette. Store mengder genotypedata kobla med informasjon om omløp og dødfødslar gjer det mulig å finna enkeltmutasjonar som aukar risikoen for innavlsdepresjon. Ein slik mutasjon er fruktbarhetsdelesjonen på kromosom 12 i dei nordiske raude kurasane (sjå Buskap nummer 8 i 2015). Det blei lagt fram nye metodar for å avdekka slike mutasjonar, eksempel på mutasjonar i ulike storferasar og delt erfaringar med bruken av denne nye kunnskapen i balanserte avlsprogram. Målet med dette arbeidet er å redusera risikoen for innavlsdepresjon samtidig som avlsframgangen fortset å vera høg.

Reknekraft ei utfordring

Eit anna tema rundt GS er at når talet på genotypa dyr i ein populasjon nærmar seg 100 000 så vil det trengast reknekraft som overgår kapasiteten til dei kraftigaste datamaskinene. Dette har vore problematisk for avlsverdiutrekningane i fleire land, og med auka satsing på genotyping blir det også aktuelt for Geno i løpet av dei nærmaste åra. Det vart lagt fram fleire lovande metodar som reduserer reknetida vesentleg og gjer det enklare å utnytta store mengder genotypedata for auka GS-sikkerheit.

NRF-presentasjonar

NRF og forskningaktiviteten i Geno og ved NMBU var også tema på konferansen. Forskar Bjørg Heringstad oppsummerte erfaringar med å ta klauvhelse inn i avlsprogrammet i Norge og andre land. Stipendiat Ellen Rinell presenterte resultat rundt mjølke- og sjukdomseigenskapar hos NRF-holsteinkryssingar i Canada og USA. Stipendiat Karoline Bakke Wethal la fram resultat om lynne i ulike mjølkesystem.