Avl

100-tonner i Svela samdrift

Tore Joa

Rådgiver i Tine

tore.joa@tine.no

Ku nummer 490 fra Svela samdrift har melket over 104 tonn. Fint jur med sterkt midtband har holdt meget bra i ti laktasjoner.

Foto: Tore Joa

Ku nummer 490, født 22.07.2005, har pr. dato produsert 104 tonn melk med 4,53 prosent feitt og 3,54 prosent protein på ti laktasjonar. Ho står i buskapen til Svela samdrift (ved John Henry Svela), i Bjerkreim i Rogaland. Ho starta karriera som to-åring i båsfjøs, ordna tre laktasjonar der før ho vart flytta inn i lausdrift med robot i november 2009. Sidan har ho bare fungert. Eigar seier ho har vore av dei «usynlege», hatt veterinæren på vitjing fire gonger og fekk påsatt sko ved sist klauvskjæring. I år venter ho 11. kalven i desember, på grunn av tidleg abort. Kua er bedekt med ein «clean-up» Limousine. Elles har ho kalva jevnt og trutt i juni/juli kvart år. Ei dotter etter 10682 Amdal med score 80 på tredje kalv har ein oksekalv som vurderes for innkjøp til semin. Ei anna dotter etter 11039 Skjelvan var uheldig og fekk utilsikta herrebesøk i ung alder, kalva då ho var 17,5 månader og likevel har ho mjølka 4 800 kg til nå på 250 dagar!

490 har alltid vore av den litt skarpe typen med bra mjølkepreg og har aldri vore overvektig. I år ser ho blank og fin ut då siste laktasjonen blir litt lengre. Elles er det ei ku med god djupne, sterk rygg og gode bein med steile kodar. Elles har ho fin speneplassering, balansert, litt kort jur med sterkt midband. Ho står med GS- avlsverdi på 21 og har 5618 Guterud som far, 4919 Øyslebø som morfar og 4756 Gimstad som mormors far. Solide greier…