Økonomi

Korleis bli endå betre med jordarbeidinga?

Jan Erik Lisjordet har vore følgt opp i fleire artiklar i Buskap blant anna fordi han er ein flink bonde og produsere eit rimeleg fôr (nr. 4 side 30 og nr. 6 side 23). Men i denne artikkelen fordi han stadig forsøker å bli betre.

Aslak Botten

Rådgiver økonomi

NLR-Østafjells

Aslak.Botten@nlr.no

Ved å selje slodd og såbedsharv og heller kjøpe skålharv med sloddeplanke og pakkevals og køyre over arealet to gonger, vil timetalet i våronna reduserast med 12 tima.

Foto: Privat

Jan Erik Lisjordet køyrer i dag eit tradisjonelt jordarbeidingssystem med plog, slodd, harv tromling, såing og tromling. Finns det betre alternativ?

Det vart vurdert tre mogelegheiter.

  • Fortsetje med dagens system.

  • Kjøpe «multimaskin» med sloddeplanke, skålharv og pakkevals.

  • Kjøpe jordfres å køyre etter plogen for å knuse meir torv som såbeds harva og slodden har lett for å dra opp.

Litt om jordarbeidings-­reiskap

Plogen: Legg grunnlaget for såbedet. Det er vanskeleg å rette opp att ujamnheiter frå dårleg pløgsle. «God pløgsle er gull verdt»

Tindereiskap som S- og C-tindeharv, moldar husdyrgjødsla dårleg inn i jorda, og dreg opp mykje stein. Men dei lagar jamne såbed.

Rullande reiskap for eksempel med skåler moldar og planerer godt samstundes som dei dreg opp mindre stein og planterestar.

Jordfresen bearbeidar jorda mykje, dreg opp lite stein og torv men har avgrensa planereringsevne.

Ei maskin som kan gjere fleire arbeidsoperasjonar kan spare bonden for arbeidstimar.

Tabell 1. Tre alternativer for jordarbeidingssystem.

Dagens (tradisjonelt)

Skålharv

Fres

Plog

Plog

Plog

3 meter skålharv med sloddeplank og pakkevals.

2-3 overkøyringar

8 km/time arbeidshastigheit

3 meter fres

1 køyring for å knuse torv

3 km/time arbeidshastigheit

Slodde 3-4 gonger inklusiv manuell steinplukking

Slodding 2 gonger

Harving 2 gonger

Såing

Såing

Såing

Tromling

Tromling

Tromling

Dagens drift

Jan Erik brukar i dag om lag 57 timar totalt i våronna. Mykje av tida går bort til slodding og harving kombinert med steinplukking kor han i dag brukar svært mykje tid. Jan Erik sloddar i snitt fire gonger før han syns såbedet er planert godt nok. Samstundes med sloddinga plukkar han stein som slodden dreg opp for hand. Etterpå vert det harva to gonger. Harvinga dreg også opp stein og torv.

Harving kan i mange tilfelle reduserast i grasproduksjon. Gras skal såast grunt. Så harving slik som kornbøndene tenkjer, er for grasbønder av mindre verdi. Unntaket er viss ein absolutt må molde inn husdyrgjødsel.

Skålharvalternativet

Ved å selje slodd og såbedsharv og heller kjøpe skålharv med sloddeplanke og pakkevals og køyre over arealet to gonger vil timetalet i våronna reduserast med 12 timar (nesten to arbeidsdagar).

Den nye maskina gjer i praksis framleis to sloddingar, to harvingar og to pakkingar. Husdyrgjødsla kan moldast ned før og etter pløying. Skålharva er den beste harvtypen til å molde ned husdyrgjødsel slik at fleksibiliteten med bruk av husdyrgjødsel og moglegheitene til å molde den ned er betre enn før. I følgje testar Jan Erik har gjort skal den nye metoden gje like godt såbed som den gamle. Men er det lønnsamt å kjøpe ny maskin?

Tabell 2 syner at med to gonger køyring med «skålharv metoden» er arbeidstid og kostnader vesentleg redusert. Også tre gonger overkøyring med skålharva er mykje betre enn dagens system.

Totalt sett sparer Jan Erik om lag 10-12 arbeidstimar og 7 000 kr som han heller kan bruke med kona, borna eller andre syslar. – Viss eg brukar ein dag ekstra på familien kan eg likevel køyre leigekøyring med skålharva slik at mitt eiget gras vert endå rimelegare, smiler jan Erik.

Usikkerheita ligg i kor mykje jobb Jan Erik faktisk sparer i høve til steinplukking.

Fresalternativet

I fresalternativet er lagt opp til ei fresing, to gonger slodding og ingen harving. Dette reduserer arbeidsbehovet med 10 timar.

Det er truleg godt nok med ei til to gonger god slodding etter fresen for å lage godt såbed. Husdyrgjødsla kan moldast ned både før pløying og i pløgsla før fresing. Utfordringa for Jan Erik er at kapasiteten på fresen er låg. Jan Erik har god arrondering på jorda si og greier å nytte kapasiteten på maskinene sine godt. Men for dei med små teigar og bratte jorder med dårleg arrondering fres vere eit godt alternativ. Fresalternativet kan redusere behovet for slodding og harving slik at det vert betre enn dagens situasjon.

Tabell 2. Syner totalkostnaden, kr/dekar og pr. FEm for ulike jordarbeidingsmetodar for attlegget i attleggsåret. Kr/FEm er prisen pr. FEm i attlegget berre for attleggsåret. Engåra vert ikkje belasta for jordarbeidinga.

Gjenlegg

Sum gjenlegg

Pløying

Jordarbeiding

Steinfjerning

Arbeidstimer i alt

Dekar

35

35

35

35

35

Plog-slodd-harv

Kr totalt

78 258

13483

20199

0

57

Timar totalt

Kr/dekar

2 236

385

577

0

1,64

t/dekar

Kr/FEm

11,18

1,93

2,89

0,00

Plog-skålharv 2 gonger

Kr totalt

70 914

13483

12855

0

43

Timar totalt

Kr/dekar

2 026

385

367

0

1,22

t/dekar

Kr/FEm

10,13

1,93

1,84

0,00

Plog-skålharv 3 gonger

Kr totalt

73 452

13483

15394

0

45

Timar totalt

Kr/dekar

2 099

385

440

0

1,29

t/dekar

Kr/FEm

10,49

1,93

2,20

0,00

Plog-fres slodd-harv

Kr totalt

79 147

13483

21088

0

47

Timar totalt

Kr/dekar

2 261

385

603

0

1,34

t/dekar

Kr/FEm

11,31

1,93

3,01

0,00