Treng fleire storfeslakt som er passe feite
Tyngre slakt er gunstig for å auke volumet av norsk storfekjøttproduksjon, men ein må unngå at dette gjev auka andel slakt som er for feite. Fleire storfe til slakt er likevel nødvendig for å dekka behovet.
Fagspesialist i Tine Rådgiving
ase.anderssen@tine.no
Spesialrådgivar storfe i Nortura
oystein.havrevoll@nortura.no
Prognose for 2017 frå mai i år viser ein forventa produksjon av storfekjøtt på 83 400 tonn og eit engros-sal på 102 300 tonn. Norge har ein importkvote på 7 570 tonn slik at det ser ut til å bli ei underdekking på 11 400 tonn storfekjøtt. Dette utgjer produksjonen på kring 1 600 middels store bruk i Norge.
Tyngre slakt har ført til høgare feittinnhald
Tyngre slakt er gunstig med tanke på volum av storfekjøtt, men har også ført til høgare feittinnhald i slaktet. Dette viser figur 1 og figur 2 på neste side tydeleg, spesielt dei siste fem åra. Frå 1996 til og med 2016 har slaktevekt på Ung okse auka med 34 kg og for Ung Ku/Ku med 36 kg. Noko av denne utviklinga skuldast høgare innslag av kjøttfe av tung rase. Men seleksjon for høgare tilvekst og høgare avdrått vil føra til større dyr. Rammevilkår, pris og tillegg per kg på slakt og liten tilgang på kalv har gjort det lønsamt å auka slaktevektene. Høgare slaktevekter gir ofte meir feitt. Det same gjer sterkare fôring.
Dyra er slaktemogne når ein har tatt ut det meste av vekstpotensialet i ungdyra og avleiring av feitt er i tråd med det marknaden etterspør. Slik prissystemet og forbrukarynskje er i dag, er dyra slaktemogne ved feittgruppe 2+/3- som tilsvarar 14,0 - 14,5 prosent feitt i slaktet med intramuskulært feitt på knapt 3,0 prosent (Ung okse NRF). I eit vanleg slakt er det som nemnt 14-15 prosent feitt, 18-20 prosent bein og kring 65 prosent kjøtt.
Kor mykje feitt vil forbrukarane ha?
Helsemyndighetene tilrår magrare produkt med mindre metta feitt frå storfe. Men det er også trendar som viser auka interesse for burger (21 prosent feitt) og stykningsdelar som er saftige med middels til høgt innhald av intramuskulært feitt. I kjøttdeig er det 14 prosent feitt, mens det i karbonadedeig er krav om berre 5 prosent feitt. Heile tida skal helst heile slaktet brukast til mat.
Av alt storfekjøtt kjem 45 prosent frå hodyr. Feite kviger og kyr er derfor like uheldig som overfeite oksar. I 20-årsperioden frå 1996 til 2016 har prosent i feittgruppe >2+ av Ung okse auka frå 33 til 53 prosent og for Ung ku og Ku er det auka frå 44 til 66 prosent. Ved avrekning på slakt blir produsenten trekt når feittgruppa er 3- eller høgare. Feitt-trekket vart auka frå 1.1.2017. Di feitare dyra er, di høgare er feitt-trekket. Dette skal signalisera til produsenten at overfeite slakt er mindre verdt. Feittgruppe på 4- gir trekk på kr 5,50 per kg for Ung okse og kr 4,50 for Ung ku og Ku. Overskotsfeitt i Nortura har ein verdi både til eksport og til fôr som er under vanleg kraftfôrpris rekna på energibasis.
Vidare er feittet dyrt å produsere for bonden. Det går med 39,2 MJ NEL for å produsere 1 kilo fett, mot berre 22,9 MJ NEL for å produsere 1 kilo protein. Overfeite kviger og kyr er også uheldig med tanke på kalving og ulike helseproblem som ketose, mjølkefeber og andre stoffskiftesjukdommar.
Årsaker til feite slakt og tiltak for å påverka slaktekvaliteten vil me koma tilbake til i ein artikkel om slaktekvalitet på oksar (side 22) og ein annan artikkel om kvalitet på storfekjøtt av hodyr (side 26).
Tyngre utan å bli for feite
Tyngre slaktevekter er gunstig for å auka volum av storfekjøtt. Men god slakteplanlegging er nødvendig for å halda fôrkostnadene nede og for å oppnå slakt med passe mengde feitt. Feittgruppe på over 3 må unngåast for alle kategoriar slakt. Det er spesielt dei lette og umogne slakta av Ung okse og Kvige som kan bli tyngre. Fleire kalvar født er likevel det viktigaste målet for å auka norsk storfekjøttproduksjon.
Søkeljos på storfekjøttproduksjon
Treng fleire storfeslakt som er passe feite (side 19)
Korleis få til passe feite okseslakt? (side 22)
Korleis unngå feite kvige- og kuslakt? (side 26)