Vi i TINE

Rekneskapsoppfølging med AgroSmart

Redigert av
Ann Christin Slettvold

Ann.Christin.Slettvold@tine.no

AgroSmart er ei ny teneste frå TINE Rådgiving som kombinerer neste generasjon rekneskapsføring med profesjonell rådgiving.

Digital handtering av bilag

Alle bilag blir handterte og arkiverte digitalt. Dette sparer mange ledd og kostnader i forhold til manuell handtering av bilag. Du vil få opp fakturaene dine til godkjenning på mobil, nettbrett eller PC. Ved eit klikk kan du ta opp heile fakturaen og leggje den til betaling med eit nytt klikk. Du slepp inntasting av lange talkodar, og har full kontroll på kva som skal betalast. Les meir om automatisering av rekneskapsføring på medlem.tine.no

Automatisk kontering – alltid kontrollert

Det er Azets (tidlegare Visma Services Norge) som leverer rekneskapstenesta, og dei nyttar hovudsakleg automatisk kontering av bilaga. Dette effektiviserer rekneskapsføringa, og Azets har erfaring med automatisk kontering frå anna næringsliv. No tilpassar dei dette til landbruksrekneskap, og målet er at du som bonde skal få ein rekneskap som alltid er oppdatert for ein rimeleg kostnad. Azets har rekneskapsførarar med landbrukskompetanse, og din rekneskapsførar i Azets sjekkar, kontrollerer og sluttfører rekneskapen kvar månad.

Økonomisk oppfølging av rekneskapen

TINE har mange økonomiråd­givarar som har lang erfaring med utarbeiding av driftsplanar og analyse av rekneskap. Dei skal ta seg av den økonomiske oppfølginga og kan mellom anna tilby ein prognose for omsetnaden dei komande månadane. Ved å kopla data frå husdyrkontrollen og rekneskapen har ein eit godt datagrunnlag til å laga prognoser på ditt bruk. TINE-rådgivarane dekkjer heile landet, og dermed kan alle få del i dette tilbodet.

Du vil merka det i kvardagen

AgroSmart er eit godt døme på at den digitale utviklinga gir deg som bonde store moglegheiter.

Med AgroSmart vil du for det første få ei meir effektiv og enkel rekneskapsteneste. For det andre får du tett oppfølging av økonomien på garden gjennom heile året. Løysinga frigjer tid både for deg og for rekneskapsførar. Tid til betre styring for deg som bedriftsleiar. Du får eit betre grunnlag for å ta strategiske og økonomiske avgjerder. Du kan når som helst enkelt henta opp rapportar, eller sjå på enkeltbilag ved hjelp av ein god søkefunksjon.

Aktuelle tjenester frå TINE Rådgiving

AgroSmart tilbyr deg kombinasjonen av alltid oppdatert regnskap og økonomisk oppfølging og rådgiving. Løpende oppdatert regnskap gir deg mulighet til å ha full oversikt over økonomisk resultat og utvikling. Du vil kunne ta styringen over den økonomiske utviklingen inkludert likviditet og foretakets bidrag til privatforbruk.

Du velger selv nivå og omfang på den økonomiske oppfølgingen av regnskapet og skreddersyr fokusområder og innhold sammen med din økonomirådgiver.

I AgroSmart tilbyr vi en økonomisk tjeneste som støtter deg som bedriftsleder på både produksjon og drift, årlig budsjettering og forslag til årsavslutninger, samt langtidsbudsjett og økonomiske valg på din livslinje.

  • Løpende oppfølging av regnskap og budsjett

  • TINE Mjølkonomi®

  • Livslinjerådgiving – økonomiske veivalg på din tidslinje

  • Oppfølging i en utbyggingsprosess eller andre prosjekter

  • Langtidsbudsjett *(planlegges fra 2018)

Mer informasjon om priser og løsninger finner du på agrosmart.no