Fôr

Når poenget med heilgrøde er stivelse

Heilgrøde er meint å skulle gi stivelse og gjerne også struktur som eit supplement til tidleg hausta grassurfôr. Vårkveite er mest brukt, men kan gjerne byttast ut med bygg der vekstsesongen er kort.

Astrid Johansen

astrid.johansen@nibio.no

Anne Kjersti Bakken

anne.kjersti.bakken@nibio.no

Anne Langerud

anne.langerud@nibio.no

Alle arbeider ved NIBIO Kvithamar i Stjørdal

Forsøksfelt med bygg og kveite dyrka side om side. Bygg i tidleg mjølkemodning og kveite i avsluttande blomstring.

Foto: Astrid Johansen

Mange fôrdyrkarar har vorte skuffa over kor lågt stivelsesinnhald dei har fått i konservert heilgrøde. Ofte viser fôranalysane at stivelsesinnhaldet er mindre enn 10 prosent, medan fôrtabellane fortel at det skal være pluss/minus 20 prosent når det er hausta til rett tid, det vil seie i deigmodningsstadiet. Det har vorte diskutert om årsaken til det låge stivelsesinnhaldet hos mange er feil haustetid, feil vurdering av utviklingsstadiet, spill av korn under hausting og/eller nedbryting av stivelse under konservering.

NIBIO i samarbeid med NLR og NMBU ser blant anna på desse spørsmåla i forskingsprosjektet «Heilgrøde av bygg og kveite til mjølkekyr» som er finansiert av Forskningsmidlene for jordbruk og Matindustri, Felleskjøpet Fôrutvikling, Fylkesmennene i Midt-Norge samt TINE Rådgiving.

Bygg og kveite analysert på fem ulike utviklingstrinn

I eit forsøk på Kvithamar i Stjørdal har vårkveite og seksradsbygg vorte hausta på fem utviklingstrinn frå tidleg mjølkemodning til sein deigmodning i to år (sjå figurar). Kornet blei i samsvar med praksis på mange mjølkebruk sådd som dekkvekst ved gjenlegg av eng. Total kornavling (aks, stenglar og blad) har vorte målt og fordøyeligheit og innhald av fiber, stivelse og sukker analysert.

Godt med stivelse ved ­middels og sein deigmogning

Resultata viste at begge artane bør få stå til deigmogning dersom ein er ute etter ei avling med 20 prosent stivelse eller meir. Stivelsesinnhaldet auka heilt fram til femte og siste haustetid som her var ved sein deigmodning (figur 1). Fordøyelegheita av organisk stoff var derimot høgast rundt middels deigmodning (figur 2). Heller ikkje avlinga auka vesentleg etter dette utviklingstrinnet (figur 3). Det kan óg nemnast at i dette forsøket vart engavlinga året etter, lågare dess seinare kornet vart hausta. Dette hadde truleg samanheng med at kløveretableringa vart dårleg når dekkveksten vart hausta seint. Førsteårsenga vart berre moderat gjødsla med nitrogen. Endeleg er risikoen for drysstap under hausting stor ved sein hausting. Totalvurderinga er derfor at det er liten grunn til å utsette haustinga dersom vêret og innhaustingsforholda er lagleg når kornet har nådd medium deigmodning.

Figur 1. Innhald av stivelse (prosent av tørrstoff) i heilgrøde av bygg og kveite hausta ved ulike utviklingstrinn. Gjennomsnitt for to år.

Figur 2. Fordøyelegheit av heilgrøde av bygg og kveite hausta ved ulike utviklingstrinn. Gjennomsnitt for to år.

Figur 3. Tørrstoffavling av bygg og kveiteheilgrøde hausta ved ulike utviklingstrinn. Kornet var sådd som dekkvekst i attleggseng. Avlingstala representerer rein heilgrødeavling. Gjennomsnitt for to år.

Betydeleg variasjon i stivelsesinnhald

Det var betydeleg nivåforskjell i stivelsesinnhaldet dei to åra med høvesvis 29 prosent og 42 prosent ved sein deigmodning. Dette kunne forklarast med forskjellar i kor stor andel aksa utgjorde av totalavlinga. Det igjen heng saman med årlege variasjonar i vêr og vekseforhold. Det er såleis vanskeleg å bruke utviklingstrinnet åleine til å forutsjå stivelsesinnhaldet i heilgrøden utan å samtidig vurdere plantebestandet ut frå andre kriterium, spesielt fordelinga mellom halm/blad og aks.

Bygg eller kveite?

Bygget nådde tilrådd utviklingstrinn 17 dagar før kveita i gjennomsnitt for dei to åra og ga mindre avling enn kveita. Ut frå fôranalysane (kjemiske analyser, ikkje NIRS) var kvaliteten tilsynelatande like god. Om dyra vurderer dette på same måte, eller om til dømes snerpet på bygg har betydning for fôropptaket eller at kveitefibrane er meir effektive enn bygget til å stimulere vomaktiviteten, slik det tidvis er blitt hevda, er ikkje undersøkt i dette prosjektet.

Fleire spørsmål for den som vurderer heilgrøde

Dei resultata som er presentert her, er basert på analyser av «fersk» heilgrøde hausta på skånsamt vis frå forsøksruter. I seinare artiklar vil vi presentere resultat som seier noko om kor sannsynleg det er at spill av korn og nedbryting under ensilering er store tapspostar for stivelse under og etter hausting.

Kjenneteikn for aktuelle utviklings­stadium i korn som skal haustast og utnyttast som heilgrøde

Tidleg mjølkemodning

Kjernen i kornet er grøn, innhaldet tyntflytande og vassfarga

Mjølkemodning

Innhaldet i kornet er kvitt og mjølkeaktig, med antydning til fastare konsistens i midten

Tidleg mating

Innhaldet i kornet er fuktig og klebrig

(Middels) deigmodning

Innhaldet i kornet er først mjukt og osteaktig, deretter gradvis fastare, slik at det ikkje lenger er lett å klemme ut. Eit negleavtrykk på skalet går raskt tilbake.

Sein deigmodning

Innhaldet i kornet har hardna ytterlegare og let seg ikkje klemme ut. Eit negleavtrykk blir ståande. Akset er i ferd med å gulne.

Bygg i medium deigmodning og kveite i mjølkemodningsstadiet. Kveita trong tre veker lenger veksttid enn bygget før ho nådde sein deigmodning i 2016.

Foto: Astrid Johansen

Kveiteaks hausta ved sein deigmodning. Foto: Anne Kjersti Bakken