Forskjellig

Ny kalv av annen rase ei uke senere

Øyvind S. Ueland fra Lund i Rogaland har hatt en opplevelse litt utenom det vanlige på fjøset. Han skriver til oss:

Hei!

Den 4. november kalva ku nummer 2325 som er halvt Holstein. Ho skulle vore inseminert med Brown Swiss-oksen 34512. Overraskelsen var difor stor då det kom ein melkesimmentaler kukalv (2541). Eg sjekka fjøskort og fann ut at det var inseminert ei anna ku same dagen med okse nummer 73538 som er Fleckvieh. Eg rekna då med at inseminøren hadde bytta om på stråa. Så ei veke seinare då eg gjekk i fjosen for å sløkka om kvelden, låg kua og kalva igjen. Ho måtte ha hjelp til å få ut kalven. Dette var ein stor Brown Swiss oksekalv (2544). Kua må difor ha fått begge dosane den dagen ho ble inseminert. Dette kan ha skjedd fordi eg ikkje alltid er til stades når inseminøren er på garden. Begge dyra gjekk i velferdsavdselinga.

Helsing Øyvind S. Ueland

Simmentalkalven til høyre ble født 4. november og 11. november fødte samme kua en ny kalv og denne gangen av rasen Brown Swiss.

Foto: Øyvind S. Ueland