Forskjellig

Jolekveld

Tekst:
Lauritz H. Hov
Melodi:
Anders Hove

Jolekveld

Kaldt og myrkt og lite sol,

soleis er det fram mot jol.

Snø og is all jordi gøymer,

allting ligg i lengt og drøymer.

Barnet spør, kor langt det lid

enno fram tiul joletid.

Mor so mange har med aa fara,

like vel ho stødt lyt svara.

Naar so klokketonar skjelv

under høge himmelkvelv,

melder malmsterk tonebaare

største høgtidskveld i aare.

Verdi fekk ein liten gjest,

Difor held ho barnefest.

Smaa og store høgt maa kveda

Saman um den store gleda.

Fatigt barn til verdi kom,

barnet vendte verdi um.

Under stort, ja utan like,

det er Jesus og hans rike.

Han som kom, seg sjølv oss gav,

fekk ei krubba og ei grav.

No bør vi med gledestaare

gje ’om rom i hjarto vaare.

Teksten til denne julesangen er skrevet av gausdølen Lauritz H. Hov og melodien av lillehamringen Anders Hove. Sangteksten ble første gang publisert i bladet Bonden 30. desember 1912. Til tross for sin opprinnelse i Gudbrandsdalen er det først og fremst på Vestlandet denne julesangen har blitt brukt.