Gode resultat gir rom for nytt byggetrinn
Christen Sjøvold i Malvik nær Trondheim bygde ny fjøs med 51 liggeplasser og melkerobot i 2010. Driftsresultata har berre gått oppover, og det gir rom for ny satsing. Det skal nå bli plass til kalvar og ungdyr under same tak. Han har fast besøk av Lean-koordinator for å finna nye forbedringsområde.
Spesialrådgiver i Tine Rådgiving
Eivind.Vik@tine.no
Buaas Ytre i Malvik kommune i Trøndelag
Christen Sjøvold, sambuar Ellen Forseth og sonen Eirik (12).
Kårfolka Knut og Ingrid.
Areal 145 dekar dyrka pluss 300 dekar leigejord i maksimalt 4 km avstand
Ca. 60 dekar brattlendt areal av dyrkamarka blir brukt til beite.
900 dekar skog
Kvote på 427 000 liter (ca. 300 000 liter leigd)
49 årskyr
Avdrått på 9 500 kg EKM
For ein framand som kjem inn på tunet på Buaas Ytre, skulle ein tru ein var komen til ein bratt vestlandsgard. Her beiter ein stor buskap. Christen (50) overtok garden i 2004, men har arbeidd med jord- og skogbruk heile livet. Tidlegare tok han på seg skogsarbeid, og han har også hatt arbeid for Malvik Bygdeservice SA. Sambuar Ellen Forseth (49) arbeider i heimesjukepleien, og dei har sonen Erik (12). Dei bygde nytt bustadhus på garden i 2001. I kårhuset bur kårfolka Knut og Ingrid. Dei deltek i drifta når det trengs.
Minimumsutbygging i 2010
Den gamle driftsbygningen var frå 1957 og var bygd til 15 kyr. Melkekvota var i 2004 på 80 000 liter, og Christen hadde kome opp i produksjon på 170-180 tonn i den gamle bygningen. Han såg på ulike tilpassingar med folkefjøs som påbygg til eksisterande fjøs. Konklusjonen vart å satse på ei minimumsløysing for nybygg, der det vart bygd nytt fjøs til mjølkekyr, og der kalvar og ungdyr vart flytta over i det gamle fjøset der oppdrettet skulle vera. Oksekalvane vert selde etter tre månader. Nybygget er 14.5x42 meter med fôrbrett langs eine langveggen. Fjøset har 51 liggebåsar og to kalvings-/sjukebingar. Kalkylen var på 5.8 millioner kroner. og Innovasjon Norge gav 0,6 millioner i tilskott, og lån med rentestøtte. Bygginga starta i slutten av mai 2010, med innflytting i januar 2011. Fjøset vart levert av Borgen Bygg og Felleskjøpet var leverandør av innredning. Bygget er i betongelement med sandwichelement i tak. Christen monterte sjølv tak og limtredragarar, og stod for montering av innredning. Naboar og familie var til stor hjelp med dugnad i byggeprosessen.
Fôrar med brød
Fôrseddelen består av gras frå rundball, der Christen prøver å miksa rundball frå ulike slåttar for å halda mest mulig stabil grovfôrrasjon. Fem kilo av kraftfôret vert skifta ut med tilsvarande mengde brød. Brødet vert levert av Matias Moen i Gauldal, og det er ferdig oppmalt og tilsett syre. Då er det fôret lagringsstabilt i minst to veker. Brød kostar om lag det halve av kraftfôr og det bidreg til god økonomi. På fôrseddelen står også drav eller mask. Dette er avfall frå bryggeri, men den siste tida har det vore ustabil leveranse.
Christen satsa på enkel mekanisering med utfôring av rundballane ved hjelp av Avant laster. Avanten har no også fått kraftfôrskuffe med skrueutmating, og Christen kan strø kraftfôr eller brød oppå grovfôret/på forbrettet. Mask og drav vert fôra ut i enden av fôrbrettet.
Djup myrjord og slangespreiing
Bak nyfjøset ser ein profilerte jorder med grøfterøyr som kjem ut i enden. Av dyrkajorda er om lag 50 dekar djup myrjord, og Christen har profilert storparten av myra. Myra er over seks meter djup, og på høgaste punkt på garden ligg djup myrjord. I 2010 var det også bygd utvendig gjødsellager på 1 200 kubikkmeter. Utgjødslinga føregår ved hjelp av slangespreiar. Det er eit glimrande system som sparer jorda, og som er svært effektivt. Saman med ein nabo disponerer dei 1 700 meter slange, og det gjer at også utstyret kan nyttast på mykje av leigejorda. Ved at driftsbygningen ligg så høgt i forhold til jorda, er det lite pumpehjelp som skal til ved spreiing. I gamlefjøset blir det tilsett vatn, medan regnvatnet står for vassinnblandinga i kummen.
Produksjonsresultat betre enn driftsplan
Når vi spør Christen om korleis økonomien har vore i forhold til driftsplan, seier han seg godt nøgd. Stort sett alle paremetre har vore betre enn plan. Rentenivået har vore lågare enn plan, og driftsresultata har vore betre enn plan. Ytinga var siste år 9 500 kg EKM . – Skulle eg ha gjort noko annleis, burde det vore raskare opptrapping av volum etter utbygginga, seier Christen. – Gamlefjøset var fullt utnytta med kyr, og eg hadde også sett på kviger så langt som plassen tillèt. Eg ville nok ha kjøpt inn nokre dyr i tillegg til eigne, for å få full produksjon. Volum bidreg mykje til god økonomi.
Systematisk forbedringsarbeid
Christen var også med som pilotbruk i Tine si satsing på Lean. Leankoordinator Lars Bæverfjord jr. har vore fast innom bruket i fleire år, og dei finn stadig forbetringsområde. Eit av dei første områda dei analyserte var kalveoppdrett. No måler han kalvane regelmessig, og resultata av auka fokus viste framgang etter kort tid. Heile oppdrettet er no meir planmessig, og han ser også auke i dagsytinga på førstegongskua. Også brunstarbeidet har blitt meir systematisert og oversiktleg. Ved sida av brunskalenderen har Christen sett opp tavle for oppfølging av dyra frå kalving til konstatert drektig. – Det hjelper meg til betre oversikt, og fokus på dei rette dyra, fortel Christen. – Lean har vore nyttig for meg, for eg treng noko som held meg på plass. Alle vil han nytte av Lean i ei eller anna form, avsluttar han.
Påbygg til kalv og ungdyr
No vil Christen bygge på nyfjøset slik at han får alle dyra under same tak. Det blir fort påbygg av nye 400 - 500 kvadratmeter i forlenging av nyfjøset. Det er plass til såpass før han kjem fram til eksisterande gjødselkum. Også ny gjødselkum må på plass. – For meg har det vore rett med ei trinnvis utbygging, seier Christen. – Det var rett både i forhold til gjeld og risiko. No vil eg starte planlegging slik at eg håpar det kan bli nytt påbygg i 2017.
Det vil gi lette i arbeidssituasjon å få samla alle dyra i eit bygg. I dag vert sinkyrne flytta over til gamlefjøset, og flyttast tilbake når han trappar opp fôringa. Også kviger vert teke inn i nyfjøset ca. ein månad før venta kalving.
Beiting og robot
Det mykje bratt areal rundt tunet, og ca. 65 dekar av det bratte arealet vert nytta til beite. Dyra kan fritt gå inn og ut. Det er styrt trafikk inne i fjøset. Den dagen vi var på besøk var første beitedag og det var god plass ved fôrbrettet. Det blir noko fall i mjølkingsfrekvens i beitetida. I inneperioden ligg mjølkingsfrekvensen på ca. 2,8 og denne fell til 2,2 - 2,3 i beitetida. I år har han justert litt på mjølkingsintervall, og det har slått heldig ut med minimal forskjell på mjølkingsfrekvensen.