Økonomi

Økonomi og bruk av driftsplan etter utbygging på mjølkebruk

Alle må ha ein driftsplan ved søknad om tilskot og lån til bygging av nytt fjøs, men få nyttar planen etterpå. Samanlikning av driftsplan og rekneskap for 36 bruk viser store avvik etter utbygginga. Difor må driftsplanen oppdaterast. Til løpande økonomisk styring gjennom året treng vi andre verktøy.

Bjørn Gunnar Hansen

Spesialrettleiar fagavdelinga i Tine Rådgiving

bjorn.gunnar.hansen@tine.no

Torfinn Nærland

Rådgjevar økonomi og bedriftsutvikling

Tine Rådgiving

torfinn.narland@tine.no

Å bygge nytt fjøs, del 5

Driftsplanen før utbygging bør innehalde fleire ulike scenarier (eitt realistisk/nøkternt, eitt optimistisk og eitt pessimistisk). Då vil ein lettare sjå kor robust planen er dersom ikkje alt går på skjener, og kva potensialet er om alt klaffar.

Foto: Torfinn Nærland

Alle 36 bruka i undersøkinga hadde fått utarbeida driftsplan. Dei fleste planane (58 prosent) var laga av rekneskapsførarar, 22 prosent av Tine, resten av landbrukskontor, NLR, og brukarane sjølve.

Det store fleirtalet av brukarane (92 prosent) sa at driftsplanen vart laga fordi Innovasjon Norge og banken kravde ein plan for å søkje om lån og tilskot. For 52 prosent av brukarane var driftsplanen òg ein tryggleik for at økonomien ville bli tilfredsstillande etter utbygging. Planen syner altså kva økonomisk handlingsrom investeringa vil gje for garden og familien. Berre 28 prosent av brukarane har teke fram driftsplanen og sett på den etterpå. Kvifor nyttar ikkje fleire bønder driftsplanen i åra etter utbygging? Er det noko med korleis den blir laga og brukt, eller er den ikkje eigna som styringsverktøy for bonden?

Kor treffsikre er driftsplanane?

Ved bygging av nytt fjøs blir det laga driftsplanar for heile økonomien på garden; jordbruket, eventuelle nye næringar, lønsinntekter, privatforbruk, skatt og lånekostnader. I undersøkinga avgrensa vi samanlikning av driftsplan og rekneskap til driftsresultat før avskriving og utvikling i gjeld. Vi samanlikna driftsplanane med oppnådde rekneskapstal dei fire første åra etter bygging, sjå tabell.

Driftsplanane syner lite endring dei første fem åra. Det er stort sett same produksjonsvolum og like kostnader i alle åra. Kolonna heilt til høgre i tabellen viser middeltala i driftsplanen for alle åra. Allereie frå år to og tre er det mange statistisk sikre avvik mellom rekneskapen og driftsplanen, og dess lenger frå byggeåret, dess større er avvika.

10-35 prosent dårligare resultat enn budsjettert

Sum dekningsbidrag aukar som fylgje av at det vert levert meir mjølk enn forventa frå år to og ut over. Dekningsbidrag pr. liter er om lag som budsjettert i alle åra. Av dei faste kostnadene er årlege bygningskostnader om lag som forventa, medan andre faste kostnader (leige jord, kvote, administrasjon, forsikringar og så vidare), leigd arbeid og maskinkostnader ligg vesentleg over nivået i driftsplanen. Dette gjer at rekneskapen får eit resultat før avskrivingar som ligg 10-35 prosent under nivået i driftsplanen.

Større investeringar og gjeld enn budsjettert

Prosjektbrukarane har investert meir enn budsjettert, eller sagt på ein annan måte, driftsplanane har ikkje teke omsyn til behovet for framtidige investeringar. Middeltala viser store avvik mellom rekneskap og driftsplan, men gjennom mediantala (sjå forklaring under tabell) kan vi sjå om det er nokre få bruk som har gjort store investeringar. For investeringsgruppa jord og kvote ser vi av mediantala at mange har kjøpt litt mjølkekvote kvart år. Det høge middeltalet for denne gruppa indikerer at nokre få brukarar har investert i mykje kvote og/eller kjøpt tilleggsjord. For bygningar ser vi det same biletet, nokre få brukarar har gjort store investeringar. Svært mange brukarar har investert i maskinar i åra etter utbygginga, og difor er det ikkje så store avvik mellom mediantala og middeltala pr. år på denne posten.

Med høgare faste kostnader og større investeringar enn i driftsplanen, er det ikkje overraskande at både langsiktig gjeld og sum gjeld er høgare enn planlagt. Allereie i år to er sum gjeld meir enn 1 million kroner høgare enn budsjettert, og talet aukar til 2 millionar kroner i år fire.

Tabell. Middel avvik mellom rekneskap og driftsplan, basert på 119 observasjonar frå 30 bruk i år 1-3, og 24 bruk i år 4. DB = dekningsbidrag. Positive tal betyr større tal i rekneskap enn i driftsplan.

År etter bygging

Middel avvik alle år

Driftsplan middel alle år

1

2

3

4

Produksjon

Mjølk, liter

-9.223

14.961

39.802

61.606

29.545

327.019

DB pr. liter, kr

-0,30

0,22

0,22

0,30

0,12

3,20

Sum DB1, kr

-87.191

187.495

283.342

273.671

178.450

1.287.184

Faste kostnader, kr.

Leigd arbeid

55.562

50.302

64.962

124.689

81.520

106.585

Andre faste kostnader

185.005

214.303

248.593

333.607

239.554

207.191

Maskinkostnader

129.270

155.192

155.482

202.849

169.318

175.916

Bygningskostnader

-31.455

-4.868

38.275

16.491

10.101

134.337

Resultat før avskriving

-351.653

-135.253

-110.393

-189.335

-193.214

1.006.570

Investeringar, kr.
Sum invest., middel

587.747

445.432

282.016

724.022

513.930

28.798

Jord og kvote

Middel

111.504

66.103

44.175

208.910

98.136

5.042

Median2

4.824

4.908

5.527

5.528

4.908

0

Bygningar

Middel

389.459

186.427

119.972

444.315

297.098

23.756

Median

74.987

21.531

0

36.250

38.200

0

Maskinar

Middel

86.784

192.902

117.869

70.797

118.696

0

Median

34.750

117.716

59.603

11.895

47.600

0

Gjeldsutvikling, kr.

Langsiktig gjeld

-24.549

681.645

733.172

1.294.254

666.336

5.860.488

Sum gjeld

457.456

1.332.222

1.306.826

2.188.773

1.315.756

6.139.138

1 Inkludert DB i eventuelle andre produksjonar på bruket

2 Median er talet i midten av ei talrekke. Dvs. at 9 er median for talrekka 1,6,7,8,9,10,13,15,170,200, medan middel er 43,9. Median fortel oss difor om talmaterialet er dominert av nokre få store eller små tal.

Kva kan forklare avvika ­mellom plan og rekneskap?

I snitt har bruka levert 18 prosent meir mjølk i år 4 enn driftsplanen la til grunn, med variasjon mellom 75 og 190 prosent av volumet i driftsplanen. Undersøkinga viser at stor produksjonsauke ut over planen fører til auka maskinkostnader. Dess fleire andre gardbrukarar bonden diskuterer drifta med, dess lågare er maskinkostnadene. Kanskje gjer dette at det vert enklare å leige hjå andre enn å kjøpe sjølv. Auke i kortsiktig gjeld er oftast knytt til maskininvesteringar og at fjøset vart dyrare enn planlagt. Kraftig auke i produksjonen, investeringar ut over planen og brukaren si haldning til risiko fører til auke i samla gjeld. Brukarar som er opptekne av risiko og ikkje trivest med for mykje gjeld, har vesentleg mindre avvik i total gjeld mellom plan og rekneskap jamført med dei som er mindre opptekne av risiko.

Korleis forbetre driftsplanen?

Mange vil spørje kva nytteverdi ein driftsplan har når det er så store avvik etter berre nokre få år. Vi meiner at driftsplanen har stor nytte for å få fram garden og brukarfamilien sitt økonomiske handlingsrom ved endringar i drifta og ved investeringar.

Vi føreslår nokre konkrete endringar i høve til dagens praksis:

Driftsplanen bør innehalde fleire ulike scenarier; til dømes eitt realistisk/nøkternt som vi legg til grunn i søknad og drift, eitt optimistisk og eitt pessimistisk. Slik kan vi sjå kor robust planen er dersom ikkje alt går på skjener, og kva potensialet er om alt klaffar. Faktorar som kan endrast i scenaria kan til dømes vere oppnådd mjølkepris, avdrått pr. ku, avlingsnivå, faste kostnader og rentenivå.

Undersøkinga vår syner at driftsplanane bør ta meir høgde for framtidig produksjonsauke og investeringar knytte til denne auken. Mange bønder vil kjøpe kvote, eller leige, dersom høvet byr seg, og det er ikkje nødvendigvis snakk om store endringar. Ein planlagd auke på 5- 15 000 liter mjølk pr. år vil ofte gje eit realistisk bilete av utviklinga.

Ein annan konsekvens av undersøkinga vår er at planleggarane bør legge inn kr 50-100 000 i maskininvesteringar pr. år, sjølv om bonden ikkje har konkrete investeringsplanar dei neste fem åra.

Gjennom prosjektet «Økonomi og driftsleiing på utbyggingsbruk i mjølkeproduksjon» har 36 brukarar frå Rogaland delt sine erfaringar med å planlegge, bygge og ta i bruk nytt fjøs. Dei nye fjøsa er tekne i bruk i perioden 2008-2011, slik at dei har tre heile driftsår som grunnlag for undersøkinga.

Meir involvering i planlegginga

Undersøkinga viser at brukarfamilien si involvering i utarbeiding av driftsplanen varierer, avhengig av kva rolle planleggaren hadde, og av brukaren sin motivasjon. Til saman 62 prosent av brukarane opplevde å bli involverte i planarbeidet, medan om lag halvdelen av ektefellane eller andre familiemedlemmer deltok. Her er det såleis eit klart forbetringspotensial for mange rettleiarar. Men òg brukarfamilien må engasjere seg meir – det er økonomien og framtida deira dette handlar om. Familien bør legge føringane for planen; kva skal de gjere på garden og i produksjonen, og når skal det skje? Rettleiaren kan hjelpe med å omsette tankane og planane til tal i planleggingsprogrammet. Familien må gjere føresetnadene og innhaldet i planen til sitt eige, elles har verken familien eller rettleiaren gjort jobben sin godt nok.

Økonomistyring i åra etter utbygginga

For å kjenne garden sitt økonomiske handlingsrom til ei kvar tid, bør driftsplanen oppdaterast to år etter utbygging, når drifta er komen i gjenge og det er klart kva utbygginga faktisk har kosta. Til å styre produksjon og økonomi løpande gjennom året treng vi meir operative verktøy. Eit årleg budsjett ut frå pris og mengde med to månaders periodar, kombinert med løpande oppdatert to-månaders rekneskap (som ved to månaders momstermin), kan vere ein måte å styre økonomien på. For å få fram mengder treng vi mjølkeprognosen, forventa slaktemengd, behov for kraftfôr, gjødsel og så vidare. Fokuser på dei største og viktigaste postane. Bruk gjerne fjorårets tal for det andre som til dømes inseminering, kjøp av strø (tal pr. liter/ku). I Tine Bedriftsstyring arbeider vi med å lage ulike prognosar som skal gjere budsjettarbeidet lettare. Prognosane kan oppdaterast fleire gonger i året, og samanliknast med driftsplanen. Tal for faste kostnader som maskiner, bygningar, leigd arbeidskraft, administrasjon, leige og så vidare kan vi vurdere med utgangspunkt i rekneskapen siste år.

Fakta fra undersøkinga

  • 10-35 prosent dårligare resultat enn budsjettert

  • årlege bygningskostnader om lag som forventa

  • leige jord, kvote, administrasjon, forsikringar, leigd arbeid og maskinkostnader ligg vesentleg over nivået i driftsplanen.

  • driftsplanane har ikkje teke omsyn til behovet for framtidige investeringar

  • langsiktig gjeld og sum gjeld er høgare enn planlagt

  • levert 18 prosent meir mjølk i år 4 enn driftsplanen la til grunn

  • 62 prosent av brukarane opplevde å bli involverte i planarbeidet

  • 50 prosent av ektefellane eller andre familiemedlemmer deltok i planarbeidet