Vi i TINE

Løysingar for mindre mjølkebruk eller nybygg

Redigert av
Ann Christin Slettvold

Ann.Christin.Slettvold@tine.no

Løysinga kan vere å ta med heile eller deler av eksisterande fjøs, for å halda kostnadane nede.

Over heile landet sit det mange mjølkeprodusentar – unge og eldre familiar – som er urolege for framtida på grunn av lausdriftskravet i 2024. Dei ynskjer å vera mjølkeprodusentar, men ser at det på deira bruk må skje utan vesentleg ekspansjon.

Diverre har det og hos mange festa seg ei oppfatning av at ein må vera «stor» for å overleva 2024 som mjølkeprodusent. Vi vil med to artiklar på medlemssida, ein om løysingar utifrå eksisterande fjøs og ein om nybygg, visa at her er mogleg å finna lausdriftsløysingar hjå alle, som er gode nok for både ku, bonde og bankkonto.

Les meir på medlem.tine.no/fagprat/driftsledelse, og ta gjerne kontakt med din TINE-rådgjevar om du har behov for støtte i en bruksutviklingsprosess!